Patricia Ryan: Ikkje insister på engelsk!
-
0:01 - 0:03Eg veit kva de tenkjer.
-
0:03 - 0:05De trur eg har gått feil,
-
0:05 - 0:07og at nokon skal koma på scena om eit minutt
-
0:07 - 0:09og visa meg vegen tilbake til setet mitt.
-
0:09 - 0:15(Applaus)
-
0:15 - 0:18Eg får høyra det heile tida i Dubai.
-
0:18 - 0:20"Er du her på ferie?"
-
0:20 - 0:22(Latter)
-
0:22 - 0:25"Kome her på besøk til barna dine?"
-
0:25 - 0:27"Kor lenge skal du vera her?"
-
0:27 - 0:30Vel, eg håpar det blir ei stund til.
-
0:30 - 0:33Eg har budd og vore lærar i Golfen
-
0:33 - 0:35i over 30 år.
-
0:35 - 0:39(Applaus)
-
0:39 - 0:43Og i løpet av den tida, har eg sett mange endringar.
-
0:43 - 0:45Den statistikken
-
0:45 - 0:47er ganske sjokkerande.
-
0:47 - 0:49Og eg vil snakka til dykk i dag
-
0:49 - 0:51om tap av språk
-
0:51 - 0:54og globaliseringa av engelsk.
-
0:54 - 0:56Eg vil fortelja dykk om vennen min
-
0:56 - 0:59som var engelsklærar for vaksne i Abu Dhabi.
-
0:59 - 1:01Og ein fin dag
-
1:01 - 1:03bestemte ho seg for å ta dei med ut i hagen
-
1:03 - 1:05og læra dei vokabular frå hagen.
-
1:05 - 1:07Men ho enda sjølv opp med å læra
-
1:07 - 1:09alle dei arabiske orda for lokale planter,
-
1:09 - 1:11og alt dei kunne nyttast til -
-
1:11 - 1:14medisinsk bruk, kosmetikk,
-
1:14 - 1:17matlaging eller urter.
-
1:17 - 1:19Korleis fekk desse studentane all denne kunnskapen?
-
1:19 - 1:21Sjølvsagt, frå besteforeldra deira
-
1:21 - 1:24og jamvel oldeforeldra deira.
-
1:24 - 1:27Det er ikkje nødvendig å fortelja dykk kor viktig det er
-
1:27 - 1:29å vera i stand til å kommunisere
-
1:29 - 1:31på tvers av generasjonar.
-
1:31 - 1:33Men sørgjeleg nok, i dag,
-
1:33 - 1:35er fleire språk døyande
-
1:35 - 1:37i ein fart ingen har sett tidlegare.
-
1:37 - 1:40Eit språk døyr kvar fjortande dag.
-
1:41 - 1:43Til same tid
-
1:43 - 1:45er engelsk det udiskutable globale språket.
-
1:45 - 1:47Kan det vera ein samanheng?
-
1:47 - 1:49Eg veit ikkje.
-
1:49 - 1:52Men eg veit at eg har sett mange endringar.
-
1:52 - 1:55Då eg først kom til Golfen, kom eg til Kuwait
-
1:55 - 1:58i dei dagane det var eit område med motgang.
-
1:58 - 2:00Faktisk, ikkje så lenge sidan.
-
2:00 - 2:03Det er litt for tidleg.
-
2:03 - 2:05Men likevel,
-
2:05 - 2:07eg blei rekruttert av British Council
-
2:07 - 2:09saman med kring 25 andre lærarar.
-
2:09 - 2:11Og me var dei første ikkje-muslimane
-
2:11 - 2:14som fekk undervisa i dei statlege skulane i Kuwait.
-
2:14 - 2:16Me fekk koma for å undervisa engelsk
-
2:16 - 2:20fordi styresmaktene ønskte å modernisera landet,
-
2:20 - 2:23og styrkja innbyggjarane sine gjennom utdanning.
-
2:23 - 2:25Og sjølvsagt, Storbritannia tente på
-
2:25 - 2:28noko av den kjekke oljerikdomen.
-
2:28 - 2:30Ok.
-
2:30 - 2:33Dette er den store endringa eg har sett,
-
2:33 - 2:35korleis engelsk
-
2:35 - 2:37har endra seg
-
2:37 - 2:41frå å vera av gjensidig interesse,
-
2:41 - 2:44til å bli den massive internasjonale verksemda det er i dag.
-
2:44 - 2:48Ikkje berre eit framanspråk på skulepensumet.
-
2:48 - 2:50Og ikkje lenger eit domene
-
2:50 - 2:52for mor England åleine.
-
2:52 - 2:54Det er blitt noko som alle heng seg på,
-
2:54 - 2:57alle engelsktalande nasjonar på jorda.
-
2:57 - 2:59Og kvifor ikkje?
-
2:59 - 3:02Trass alt, den beste utdanninga -
-
3:02 - 3:05ifølgje den siste rangeringa over verdas universitet,
-
3:05 - 3:07er å finna ved
-
3:07 - 3:11dei britiske og amerikanske universiteta.
-
3:11 - 3:15Så alle ønskjer å ha ei engelsk utdanning, naturlegvis.
-
3:15 - 3:17Men viss du ikkje har det som morsmål,
-
3:17 - 3:19må du stå på ein test.
-
3:19 - 3:21No, kan det vera rett
-
3:21 - 3:23å avvisa ein student
-
3:23 - 3:25berre på grunnlag av språklege evner?
-
3:25 - 3:27Kanskje har du ein dataspesialist
-
3:27 - 3:29som er eit geni.
-
3:29 - 3:32Vil han ha trong for det same språket som ein jurist, til dømes?
-
3:32 - 3:35Vel, eg trur ikkje det.
-
3:36 - 3:39Me engelsklærarar avviser dei heile tida.
-
3:39 - 3:41Me set opp eit stoppskilt,
-
3:41 - 3:43og me stoppar dei på vegen deira.
-
3:43 - 3:45Dei får ikkje følgja draumen deira lenger,
-
3:45 - 3:48før dei kan engelsk.
-
3:49 - 3:52Og la meg seia det slik,
-
3:52 - 3:56viss eg hadde møtt ein einspråkleg nederlendar,
-
3:56 - 3:58som hadde kuren mot kreft,
-
3:58 - 4:01ville eg stoppa han frå å byrja på det engelske universitetet mitt?
-
4:01 - 4:03Eg trur ikkje det.
-
4:03 - 4:06Men jau, det er akkurat det me gjer.
-
4:06 - 4:09Me engelsklærarar er portvaktarane.
-
4:09 - 4:12Og du må tilfredsstilla oss først
-
4:12 - 4:15om at engelsken din er god nok.
-
4:16 - 4:18Det kan vera farleg
-
4:18 - 4:21å gi for mykje makt
-
4:21 - 4:23til eit smalt lag av samfunnet.
-
4:23 - 4:26Kanskje vil barrieren vera for universell.
-
4:26 - 4:28Ok.
-
4:28 - 4:31"Men", høyrer eg de seia,
-
4:31 - 4:33"kva med forskinga?"
-
4:33 - 4:35"Den er jo alltid på engelsk".
-
4:35 - 4:37Ja, bøkene er på engelsk
-
4:37 - 4:39tidsskrifta er laga på engelsk,
-
4:39 - 4:42men det er ein sjølvoppfyllande profeti.
-
4:42 - 4:44Det møter krava til engelsken.
-
4:44 - 4:46Og slik går det vidare.
-
4:46 - 4:49Eg spør dykk: kva skjedde med omsetting?
-
4:49 - 4:53Viss de tenkjer på gullalderen i islam,
-
4:53 - 4:56så var det ein mengde omsetting då.
-
4:56 - 4:59Dei omsette frå latinsk og gresk
-
4:59 - 5:01til arabisk og persisk
-
5:01 - 5:03og det blei omsett vidare
-
5:03 - 5:05til dei germanske språka i Europa
-
5:05 - 5:07og dei romanske språka.
-
5:07 - 5:11Og slik kom det lys etter dei mørke åra i Europa.
-
5:12 - 5:14Ikkje mistyd meg,
-
5:14 - 5:16eg er ikkje mot å undervisa i engelsk,
-
5:16 - 5:18til alle engelsklærarar der ute.
-
5:18 - 5:20Eg elskar at me har eit globalt språk.
-
5:20 - 5:23Me treng eit slik språk meir enn nokon gong.
-
5:23 - 5:25Men eg er i mot å bruka det
-
5:25 - 5:27som ein barriere.
-
5:27 - 5:30Ønskjer me verkeleg å enda opp med 600 språk,
-
5:30 - 5:33med engelsk eller kinesisk som hovudspråk?
-
5:33 - 5:36Me treng meir enn det. Kvar skal me setja grensa?
-
5:36 - 5:38Dette systemet
-
5:38 - 5:41føretrekk intelligens
-
5:41 - 5:44med kunnskap om engelsk
-
5:44 - 5:46som er heilt tilfeldig.
-
5:46 - 5:52(Applaus)
-
5:52 - 5:54Og eg vil minna dykk på
-
5:54 - 5:57at gigantane som dagens
-
5:57 - 5:59intelligensia står på skuldrane av
-
5:59 - 6:01ikkje måtte ha engelsk,
-
6:01 - 6:03dei måtte ikkje stå på ein engelsktest.
-
6:03 - 6:06Ta til dømes Einstein.
-
6:07 - 6:10Han var forresten rekna som under middels på skulen
-
6:10 - 6:12fordi han hadde dysleksi.
-
6:12 - 6:14Men heldigvis for verda,
-
6:14 - 6:17så trong han ikkje stå på ein engelsktest.
-
6:17 - 6:20Fordi dei starta ikkje før i 1964
-
6:20 - 6:22med TOEFL,
-
6:22 - 6:24den amerikanske engelsktesten.
-
6:24 - 6:26No har det eksplodert.
-
6:26 - 6:29Det er mengder av engelsktestar.
-
6:29 - 6:31Og millionar på millionar av studentar
-
6:31 - 6:33tek desse testane kvart år.
-
6:33 - 6:35No kan det vera de tenkjer, de og meg,
-
6:35 - 6:37at desse avgiftene for å ta ein test, er ok,
-
6:37 - 6:39men dei hindrar
-
6:39 - 6:41så mange millionar av fattige folk.
-
6:41 - 6:43Så me må kvitta oss med dei med ein gong.
-
6:43 - 6:46(Applaus)
-
6:46 - 6:49Dette bringer meg til ei overskrift eg såg nettopp:
-
6:49 - 6:51"Utdanning: Det store skiljet"
-
6:51 - 6:53No forstår eg det,
-
6:53 - 6:56eg forstår kvifor folk vil ha fokus på engelsk.
-
6:56 - 6:59Dei vil gje borna sine dei beste sjansane til å lukkast.
-
7:00 - 7:03For å gje dei dette, har dei bruk for ei vestleg utdanning.
-
7:03 - 7:05Fordi, sjølvsagt, dei beste jobbane
-
7:05 - 7:08går til folk som går ut frå vestlege universitet,
-
7:08 - 7:10som eg viste tidlegare.
-
7:10 - 7:12Det er noko som går i sirkel.
-
7:12 - 7:14Ok.
-
7:14 - 7:16La meg fortelja ei historie om to vitskapsmenn.
-
7:16 - 7:18To engelske vitskapsmenn.
-
7:18 - 7:20Dei heldt på med eit eksperiment
-
7:20 - 7:22som hadde med genetikk å gjera
-
7:22 - 7:25- om frambeina og bakbeina på dyr.
-
7:25 - 7:27Men dei fekk ikkje resultata dei ønskte.
-
7:27 - 7:29Dei ana ikkje kva dei skulle gjera
-
7:29 - 7:32til det kom ein tysk vitskapsmann
-
7:32 - 7:35som skjøna at dei brukte to ord
-
7:35 - 7:37for frambein og bakbein,
-
7:37 - 7:41medan genetikken ikkje skilde mellom dei,
-
7:41 - 7:43noko ikkje tysken heller gjorde.
-
7:43 - 7:45Så bingo,
-
7:45 - 7:47problemet var løyst.
-
7:47 - 7:49Viss du ikkje kan tenkja ein tanke
-
7:49 - 7:52så sit du fast.
-
7:52 - 7:54Men viss eit anna språk kan tenkja den tanken,
-
7:54 - 7:56så, ved å samarbeida,
-
7:56 - 7:59kan me oppnå og læra så mykje meir.
-
8:01 - 8:03Dottera mi
-
8:03 - 8:06kom til England frå Kuwait.
-
8:06 - 8:09Ho hadde studert naturfag og matte på arabisk.
-
8:09 - 8:12Det er ein arabiskspråkleg skule.
-
8:12 - 8:15Ho måtte omsetja faga til engelsk.
-
8:15 - 8:17Og ho var best i klassen
-
8:17 - 8:19i desse faga.
-
8:19 - 8:21Dette fortel oss
-
8:21 - 8:23at når studentar kjem utanlandsfrå
-
8:23 - 8:25vil me ikkje alltid gje dei nok ros
-
8:25 - 8:27for kva dei veit,
-
8:27 - 8:30som dei veit på sitt eige språk.
-
8:30 - 8:32Når eit språk døyr
-
8:32 - 8:35veit me ikkje kva me mistar med dette språket.
-
8:35 - 8:39Dette er -- eg veit ikkje om de såg det på CNN nyleg --
-
8:39 - 8:41dei gav Helteprisen
-
8:41 - 8:44til ein ung kenyansk gjetargut
-
8:44 - 8:47som ikkje kunne gjera lekser om kvelden i landsbyen sin
-
8:47 - 8:49som dei andre landsbyborna
-
8:49 - 8:51fordi parafinlampa hans
-
8:51 - 8:53hadde for mykje røyk og ho øydela augo hans.
-
8:53 - 8:56Og likevel, var det aldri nok parafin,
-
8:56 - 8:59fordi kor mykje har du råd til for ein dollar om dagen?
-
8:59 - 9:01Så han fann opp
-
9:01 - 9:04ein kostnadsfri solcellelampe.
-
9:04 - 9:06Og no får borna i landsbyen hans
-
9:06 - 9:08dei same karakterane på skulen
-
9:08 - 9:12som borna som har elektrisitet heime.
-
9:12 - 9:18(Applaus)
-
9:18 - 9:20Då han mottok denne prisen,
-
9:20 - 9:22sa han desse flotte orda:
-
9:22 - 9:25"Borna kan leia Afrika frå kva det er i dag,
-
9:25 - 9:27eit mørkt kontinent,
-
9:27 - 9:29til eit lyst kontinent."
-
9:29 - 9:31Ein enkel ide,
-
9:31 - 9:34men det kan ha så langtrekkjande konsekvensar.
-
9:35 - 9:37Folk som ikkje har lys,
-
9:37 - 9:40anten fysisk eller metaforisk,
-
9:40 - 9:43kan ikkje stå på eksamen,
-
9:43 - 9:46og me kan aldri få vita kva dei veit.
-
9:46 - 9:49La oss ikkje la dei og oss sjølve
-
9:49 - 9:51vera i mørkret.
-
9:51 - 9:54La oss feira mangfald.
-
9:54 - 9:57Pass på språket ditt.
-
9:57 - 10:01Bruk det til å spreia store idear.
-
10:01 - 10:08(Applaus)
-
10:08 - 10:10Takk skal de ha.
-
10:10 - 10:13(Applaus)
- Title:
- Patricia Ryan: Ikkje insister på engelsk!
- Speaker:
- Patricia Ryan
- Description:
-
På TEDxDubai spør den erfarne engelsklæraren Patricia Ryan det provoserande spørsmålet: Er det store fokuset på engelsk eit hinder for spreiinga av store idear frå andre språksamfunn? (For eksempel: kva om Einstein måtte ta TOEFL-testen?) Her kjem ho med eit kjærleg forsvar for omsetjing og deling av idear..
- Video Language:
- English
- Team:
closed TED
- Project:
- TEDTalks
- Duration:
- 10:14