1 00:00:01,000 --> 00:00:03,000 Eg veit kva de tenkjer. 2 00:00:03,000 --> 00:00:05,000 De trur eg har gått feil, 3 00:00:05,000 --> 00:00:07,000 og at nokon skal koma på scena om eit minutt 4 00:00:07,000 --> 00:00:09,000 og visa meg vegen tilbake til setet mitt. 5 00:00:09,000 --> 00:00:15,000 (Applaus) 6 00:00:15,000 --> 00:00:18,000 Eg får høyra det heile tida i Dubai. 7 00:00:18,000 --> 00:00:20,000 "Er du her på ferie?" 8 00:00:20,000 --> 00:00:22,000 (Latter) 9 00:00:22,000 --> 00:00:25,000 "Kome her på besøk til barna dine?" 10 00:00:25,000 --> 00:00:27,000 "Kor lenge skal du vera her?" 11 00:00:27,000 --> 00:00:30,000 Vel, eg håpar det blir ei stund til. 12 00:00:30,000 --> 00:00:33,000 Eg har budd og vore lærar i Golfen 13 00:00:33,000 --> 00:00:35,000 i over 30 år. 14 00:00:35,000 --> 00:00:39,000 (Applaus) 15 00:00:39,000 --> 00:00:43,000 Og i løpet av den tida, har eg sett mange endringar. 16 00:00:43,000 --> 00:00:45,000 Den statistikken 17 00:00:45,000 --> 00:00:47,000 er ganske sjokkerande. 18 00:00:47,000 --> 00:00:49,000 Og eg vil snakka til dykk i dag 19 00:00:49,000 --> 00:00:51,000 om tap av språk 20 00:00:51,000 --> 00:00:54,000 og globaliseringa av engelsk. 21 00:00:54,000 --> 00:00:56,000 Eg vil fortelja dykk om vennen min 22 00:00:56,000 --> 00:00:59,000 som var engelsklærar for vaksne i Abu Dhabi. 23 00:00:59,000 --> 00:01:01,000 Og ein fin dag 24 00:01:01,000 --> 00:01:03,000 bestemte ho seg for å ta dei med ut i hagen 25 00:01:03,000 --> 00:01:05,000 og læra dei vokabular frå hagen. 26 00:01:05,000 --> 00:01:07,000 Men ho enda sjølv opp med å læra 27 00:01:07,000 --> 00:01:09,000 alle dei arabiske orda for lokale planter, 28 00:01:09,000 --> 00:01:11,000 og alt dei kunne nyttast til - 29 00:01:11,000 --> 00:01:14,000 medisinsk bruk, kosmetikk, 30 00:01:14,000 --> 00:01:17,000 matlaging eller urter. 31 00:01:17,000 --> 00:01:19,000 Korleis fekk desse studentane all denne kunnskapen? 32 00:01:19,000 --> 00:01:21,000 Sjølvsagt, frå besteforeldra deira 33 00:01:21,000 --> 00:01:24,000 og jamvel oldeforeldra deira. 34 00:01:24,000 --> 00:01:27,000 Det er ikkje nødvendig å fortelja dykk kor viktig det er 35 00:01:27,000 --> 00:01:29,000 å vera i stand til å kommunisere 36 00:01:29,000 --> 00:01:31,000 på tvers av generasjonar. 37 00:01:31,000 --> 00:01:33,000 Men sørgjeleg nok, i dag, 38 00:01:33,000 --> 00:01:35,000 er fleire språk døyande 39 00:01:35,000 --> 00:01:37,000 i ein fart ingen har sett tidlegare. 40 00:01:37,000 --> 00:01:40,000 Eit språk døyr kvar fjortande dag. 41 00:01:41,000 --> 00:01:43,000 Til same tid 42 00:01:43,000 --> 00:01:45,000 er engelsk det udiskutable globale språket. 43 00:01:45,000 --> 00:01:47,000 Kan det vera ein samanheng? 44 00:01:47,000 --> 00:01:49,000 Eg veit ikkje. 45 00:01:49,000 --> 00:01:52,000 Men eg veit at eg har sett mange endringar. 46 00:01:52,000 --> 00:01:55,000 Då eg først kom til Golfen, kom eg til Kuwait 47 00:01:55,000 --> 00:01:58,000 i dei dagane det var eit område med motgang. 48 00:01:58,000 --> 00:02:00,000 Faktisk, ikkje så lenge sidan. 49 00:02:00,000 --> 00:02:03,000 Det er litt for tidleg. 50 00:02:03,000 --> 00:02:05,000 Men likevel, 51 00:02:05,000 --> 00:02:07,000 eg blei rekruttert av British Council 52 00:02:07,000 --> 00:02:09,000 saman med kring 25 andre lærarar. 53 00:02:09,000 --> 00:02:11,000 Og me var dei første ikkje-muslimane 54 00:02:11,000 --> 00:02:14,000 som fekk undervisa i dei statlege skulane i Kuwait. 55 00:02:14,000 --> 00:02:16,000 Me fekk koma for å undervisa engelsk 56 00:02:16,000 --> 00:02:20,000 fordi styresmaktene ønskte å modernisera landet, 57 00:02:20,000 --> 00:02:23,000 og styrkja innbyggjarane sine gjennom utdanning. 58 00:02:23,000 --> 00:02:25,000 Og sjølvsagt, Storbritannia tente på 59 00:02:25,000 --> 00:02:28,000 noko av den kjekke oljerikdomen. 60 00:02:28,000 --> 00:02:30,000 Ok. 61 00:02:30,000 --> 00:02:33,000 Dette er den store endringa eg har sett, 62 00:02:33,000 --> 00:02:35,000 korleis engelsk 63 00:02:35,000 --> 00:02:37,000 har endra seg 64 00:02:37,000 --> 00:02:41,000 frå å vera av gjensidig interesse, 65 00:02:41,000 --> 00:02:44,000 til å bli den massive internasjonale verksemda det er i dag. 66 00:02:44,000 --> 00:02:48,000 Ikkje berre eit framanspråk på skulepensumet. 67 00:02:48,000 --> 00:02:50,000 Og ikkje lenger eit domene 68 00:02:50,000 --> 00:02:52,000 for mor England åleine. 69 00:02:52,000 --> 00:02:54,000 Det er blitt noko som alle heng seg på, 70 00:02:54,000 --> 00:02:57,000 alle engelsktalande nasjonar på jorda. 71 00:02:57,000 --> 00:02:59,000 Og kvifor ikkje? 72 00:02:59,000 --> 00:03:02,000 Trass alt, den beste utdanninga - 73 00:03:02,000 --> 00:03:05,000 ifølgje den siste rangeringa over verdas universitet, 74 00:03:05,000 --> 00:03:07,000 er å finna ved 75 00:03:07,000 --> 00:03:11,000 dei britiske og amerikanske universiteta. 76 00:03:11,000 --> 00:03:15,000 Så alle ønskjer å ha ei engelsk utdanning, naturlegvis. 77 00:03:15,000 --> 00:03:17,000 Men viss du ikkje har det som morsmål, 78 00:03:17,000 --> 00:03:19,000 må du stå på ein test. 79 00:03:19,000 --> 00:03:21,000 No, kan det vera rett 80 00:03:21,000 --> 00:03:23,000 å avvisa ein student 81 00:03:23,000 --> 00:03:25,000 berre på grunnlag av språklege evner? 82 00:03:25,000 --> 00:03:27,000 Kanskje har du ein dataspesialist 83 00:03:27,000 --> 00:03:29,000 som er eit geni. 84 00:03:29,000 --> 00:03:32,000 Vil han ha trong for det same språket som ein jurist, til dømes? 85 00:03:32,000 --> 00:03:35,000 Vel, eg trur ikkje det. 86 00:03:36,000 --> 00:03:39,000 Me engelsklærarar avviser dei heile tida. 87 00:03:39,000 --> 00:03:41,000 Me set opp eit stoppskilt, 88 00:03:41,000 --> 00:03:43,000 og me stoppar dei på vegen deira. 89 00:03:43,000 --> 00:03:45,000 Dei får ikkje følgja draumen deira lenger, 90 00:03:45,000 --> 00:03:48,000 før dei kan engelsk. 91 00:03:49,000 --> 00:03:52,000 Og la meg seia det slik, 92 00:03:52,000 --> 00:03:56,000 viss eg hadde møtt ein einspråkleg nederlendar, 93 00:03:56,000 --> 00:03:58,000 som hadde kuren mot kreft, 94 00:03:58,000 --> 00:04:01,000 ville eg stoppa han frå å byrja på det engelske universitetet mitt? 95 00:04:01,000 --> 00:04:03,000 Eg trur ikkje det. 96 00:04:03,000 --> 00:04:06,000 Men jau, det er akkurat det me gjer. 97 00:04:06,000 --> 00:04:09,000 Me engelsklærarar er portvaktarane. 98 00:04:09,000 --> 00:04:12,000 Og du må tilfredsstilla oss først 99 00:04:12,000 --> 00:04:15,000 om at engelsken din er god nok. 100 00:04:16,000 --> 00:04:18,000 Det kan vera farleg 101 00:04:18,000 --> 00:04:21,000 å gi for mykje makt 102 00:04:21,000 --> 00:04:23,000 til eit smalt lag av samfunnet. 103 00:04:23,000 --> 00:04:26,000 Kanskje vil barrieren vera for universell. 104 00:04:26,000 --> 00:04:28,000 Ok. 105 00:04:28,000 --> 00:04:31,000 "Men", høyrer eg de seia, 106 00:04:31,000 --> 00:04:33,000 "kva med forskinga?" 107 00:04:33,000 --> 00:04:35,000 "Den er jo alltid på engelsk". 108 00:04:35,000 --> 00:04:37,000 Ja, bøkene er på engelsk 109 00:04:37,000 --> 00:04:39,000 tidsskrifta er laga på engelsk, 110 00:04:39,000 --> 00:04:42,000 men det er ein sjølvoppfyllande profeti. 111 00:04:42,000 --> 00:04:44,000 Det møter krava til engelsken. 112 00:04:44,000 --> 00:04:46,000 Og slik går det vidare. 113 00:04:46,000 --> 00:04:49,000 Eg spør dykk: kva skjedde med omsetting? 114 00:04:49,000 --> 00:04:53,000 Viss de tenkjer på gullalderen i islam, 115 00:04:53,000 --> 00:04:56,000 så var det ein mengde omsetting då. 116 00:04:56,000 --> 00:04:59,000 Dei omsette frå latinsk og gresk 117 00:04:59,000 --> 00:05:01,000 til arabisk og persisk 118 00:05:01,000 --> 00:05:03,000 og det blei omsett vidare 119 00:05:03,000 --> 00:05:05,000 til dei germanske språka i Europa 120 00:05:05,000 --> 00:05:07,000 og dei romanske språka. 121 00:05:07,000 --> 00:05:11,000 Og slik kom det lys etter dei mørke åra i Europa. 122 00:05:12,000 --> 00:05:14,000 Ikkje mistyd meg, 123 00:05:14,000 --> 00:05:16,000 eg er ikkje mot å undervisa i engelsk, 124 00:05:16,000 --> 00:05:18,000 til alle engelsklærarar der ute. 125 00:05:18,000 --> 00:05:20,000 Eg elskar at me har eit globalt språk. 126 00:05:20,000 --> 00:05:23,000 Me treng eit slik språk meir enn nokon gong. 127 00:05:23,000 --> 00:05:25,000 Men eg er i mot å bruka det 128 00:05:25,000 --> 00:05:27,000 som ein barriere. 129 00:05:27,000 --> 00:05:30,000 Ønskjer me verkeleg å enda opp med 600 språk, 130 00:05:30,000 --> 00:05:33,000 med engelsk eller kinesisk som hovudspråk? 131 00:05:33,000 --> 00:05:36,000 Me treng meir enn det. Kvar skal me setja grensa? 132 00:05:36,000 --> 00:05:38,000 Dette systemet 133 00:05:38,000 --> 00:05:41,000 føretrekk intelligens 134 00:05:41,000 --> 00:05:44,000 med kunnskap om engelsk 135 00:05:44,000 --> 00:05:46,000 som er heilt tilfeldig. 136 00:05:46,000 --> 00:05:52,000 (Applaus) 137 00:05:52,000 --> 00:05:54,000 Og eg vil minna dykk på 138 00:05:54,000 --> 00:05:57,000 at gigantane som dagens 139 00:05:57,000 --> 00:05:59,000 intelligensia står på skuldrane av 140 00:05:59,000 --> 00:06:01,000 ikkje måtte ha engelsk, 141 00:06:01,000 --> 00:06:03,000 dei måtte ikkje stå på ein engelsktest. 142 00:06:03,000 --> 00:06:06,000 Ta til dømes Einstein. 143 00:06:07,000 --> 00:06:10,000 Han var forresten rekna som under middels på skulen 144 00:06:10,000 --> 00:06:12,000 fordi han hadde dysleksi. 145 00:06:12,000 --> 00:06:14,000 Men heldigvis for verda, 146 00:06:14,000 --> 00:06:17,000 så trong han ikkje stå på ein engelsktest. 147 00:06:17,000 --> 00:06:20,000 Fordi dei starta ikkje før i 1964 148 00:06:20,000 --> 00:06:22,000 med TOEFL, 149 00:06:22,000 --> 00:06:24,000 den amerikanske engelsktesten. 150 00:06:24,000 --> 00:06:26,000 No har det eksplodert. 151 00:06:26,000 --> 00:06:29,000 Det er mengder av engelsktestar. 152 00:06:29,000 --> 00:06:31,000 Og millionar på millionar av studentar 153 00:06:31,000 --> 00:06:33,000 tek desse testane kvart år. 154 00:06:33,000 --> 00:06:35,000 No kan det vera de tenkjer, de og meg, 155 00:06:35,000 --> 00:06:37,000 at desse avgiftene for å ta ein test, er ok, 156 00:06:37,000 --> 00:06:39,000 men dei hindrar 157 00:06:39,000 --> 00:06:41,000 så mange millionar av fattige folk. 158 00:06:41,000 --> 00:06:43,000 Så me må kvitta oss med dei med ein gong. 159 00:06:43,000 --> 00:06:46,000 (Applaus) 160 00:06:46,000 --> 00:06:49,000 Dette bringer meg til ei overskrift eg såg nettopp: 161 00:06:49,000 --> 00:06:51,000 "Utdanning: Det store skiljet" 162 00:06:51,000 --> 00:06:53,000 No forstår eg det, 163 00:06:53,000 --> 00:06:56,000 eg forstår kvifor folk vil ha fokus på engelsk. 164 00:06:56,000 --> 00:06:59,000 Dei vil gje borna sine dei beste sjansane til å lukkast. 165 00:07:00,000 --> 00:07:03,000 For å gje dei dette, har dei bruk for ei vestleg utdanning. 166 00:07:03,000 --> 00:07:05,000 Fordi, sjølvsagt, dei beste jobbane 167 00:07:05,000 --> 00:07:08,000 går til folk som går ut frå vestlege universitet, 168 00:07:08,000 --> 00:07:10,000 som eg viste tidlegare. 169 00:07:10,000 --> 00:07:12,000 Det er noko som går i sirkel. 170 00:07:12,000 --> 00:07:14,000 Ok. 171 00:07:14,000 --> 00:07:16,000 La meg fortelja ei historie om to vitskapsmenn. 172 00:07:16,000 --> 00:07:18,000 To engelske vitskapsmenn. 173 00:07:18,000 --> 00:07:20,000 Dei heldt på med eit eksperiment 174 00:07:20,000 --> 00:07:22,000 som hadde med genetikk å gjera 175 00:07:22,000 --> 00:07:25,000 - om frambeina og bakbeina på dyr. 176 00:07:25,000 --> 00:07:27,000 Men dei fekk ikkje resultata dei ønskte. 177 00:07:27,000 --> 00:07:29,000 Dei ana ikkje kva dei skulle gjera 178 00:07:29,000 --> 00:07:32,000 til det kom ein tysk vitskapsmann 179 00:07:32,000 --> 00:07:35,000 som skjøna at dei brukte to ord 180 00:07:35,000 --> 00:07:37,000 for frambein og bakbein, 181 00:07:37,000 --> 00:07:41,000 medan genetikken ikkje skilde mellom dei, 182 00:07:41,000 --> 00:07:43,000 noko ikkje tysken heller gjorde. 183 00:07:43,000 --> 00:07:45,000 Så bingo, 184 00:07:45,000 --> 00:07:47,000 problemet var løyst. 185 00:07:47,000 --> 00:07:49,000 Viss du ikkje kan tenkja ein tanke 186 00:07:49,000 --> 00:07:52,000 så sit du fast. 187 00:07:52,000 --> 00:07:54,000 Men viss eit anna språk kan tenkja den tanken, 188 00:07:54,000 --> 00:07:56,000 så, ved å samarbeida, 189 00:07:56,000 --> 00:07:59,000 kan me oppnå og læra så mykje meir. 190 00:08:01,000 --> 00:08:03,000 Dottera mi 191 00:08:03,000 --> 00:08:06,000 kom til England frå Kuwait. 192 00:08:06,000 --> 00:08:09,000 Ho hadde studert naturfag og matte på arabisk. 193 00:08:09,000 --> 00:08:12,000 Det er ein arabiskspråkleg skule. 194 00:08:12,000 --> 00:08:15,000 Ho måtte omsetja faga til engelsk. 195 00:08:15,000 --> 00:08:17,000 Og ho var best i klassen 196 00:08:17,000 --> 00:08:19,000 i desse faga. 197 00:08:19,000 --> 00:08:21,000 Dette fortel oss 198 00:08:21,000 --> 00:08:23,000 at når studentar kjem utanlandsfrå 199 00:08:23,000 --> 00:08:25,000 vil me ikkje alltid gje dei nok ros 200 00:08:25,000 --> 00:08:27,000 for kva dei veit, 201 00:08:27,000 --> 00:08:30,000 som dei veit på sitt eige språk. 202 00:08:30,000 --> 00:08:32,000 Når eit språk døyr 203 00:08:32,000 --> 00:08:35,000 veit me ikkje kva me mistar med dette språket. 204 00:08:35,000 --> 00:08:39,000 Dette er -- eg veit ikkje om de såg det på CNN nyleg -- 205 00:08:39,000 --> 00:08:41,000 dei gav Helteprisen 206 00:08:41,000 --> 00:08:44,000 til ein ung kenyansk gjetargut 207 00:08:44,000 --> 00:08:47,000 som ikkje kunne gjera lekser om kvelden i landsbyen sin 208 00:08:47,000 --> 00:08:49,000 som dei andre landsbyborna 209 00:08:49,000 --> 00:08:51,000 fordi parafinlampa hans 210 00:08:51,000 --> 00:08:53,000 hadde for mykje røyk og ho øydela augo hans. 211 00:08:53,000 --> 00:08:56,000 Og likevel, var det aldri nok parafin, 212 00:08:56,000 --> 00:08:59,000 fordi kor mykje har du råd til for ein dollar om dagen? 213 00:08:59,000 --> 00:09:01,000 Så han fann opp 214 00:09:01,000 --> 00:09:04,000 ein kostnadsfri solcellelampe. 215 00:09:04,000 --> 00:09:06,000 Og no får borna i landsbyen hans 216 00:09:06,000 --> 00:09:08,000 dei same karakterane på skulen 217 00:09:08,000 --> 00:09:12,000 som borna som har elektrisitet heime. 218 00:09:12,000 --> 00:09:18,000 (Applaus) 219 00:09:18,000 --> 00:09:20,000 Då han mottok denne prisen, 220 00:09:20,000 --> 00:09:22,000 sa han desse flotte orda: 221 00:09:22,000 --> 00:09:25,000 "Borna kan leia Afrika frå kva det er i dag, 222 00:09:25,000 --> 00:09:27,000 eit mørkt kontinent, 223 00:09:27,000 --> 00:09:29,000 til eit lyst kontinent." 224 00:09:29,000 --> 00:09:31,000 Ein enkel ide, 225 00:09:31,000 --> 00:09:34,000 men det kan ha så langtrekkjande konsekvensar. 226 00:09:35,000 --> 00:09:37,000 Folk som ikkje har lys, 227 00:09:37,000 --> 00:09:40,000 anten fysisk eller metaforisk, 228 00:09:40,000 --> 00:09:43,000 kan ikkje stå på eksamen, 229 00:09:43,000 --> 00:09:46,000 og me kan aldri få vita kva dei veit. 230 00:09:46,000 --> 00:09:49,000 La oss ikkje la dei og oss sjølve 231 00:09:49,000 --> 00:09:51,000 vera i mørkret. 232 00:09:51,000 --> 00:09:54,000 La oss feira mangfald. 233 00:09:54,000 --> 00:09:57,000 Pass på språket ditt. 234 00:09:57,000 --> 00:10:01,000 Bruk det til å spreia store idear. 235 00:10:01,000 --> 00:10:08,000 (Applaus) 236 00:10:08,000 --> 00:10:10,000 Takk skal de ha. 237 00:10:10,000 --> 00:10:13,000 (Applaus)