WEBVTT 00:00:01.000 --> 00:00:03.000 Eg veit kva de tenkjer. 00:00:03.000 --> 00:00:05.000 De trur eg har gått feil, 00:00:05.000 --> 00:00:07.000 og at nokon skal koma på scena om eit minutt 00:00:07.000 --> 00:00:09.000 og visa meg vegen tilbake til setet mitt. 00:00:09.000 --> 00:00:15.000 (Applaus) 00:00:15.000 --> 00:00:18.000 Eg får høyra det heile tida i Dubai. 00:00:18.000 --> 00:00:20.000 "Er du her på ferie?" 00:00:20.000 --> 00:00:22.000 (Latter) 00:00:22.000 --> 00:00:25.000 "Kome her på besøk til barna dine?" 00:00:25.000 --> 00:00:27.000 "Kor lenge skal du vera her?" NOTE Paragraph 00:00:27.000 --> 00:00:30.000 Vel, eg håpar det blir ei stund til. 00:00:30.000 --> 00:00:33.000 Eg har budd og vore lærar i Golfen 00:00:33.000 --> 00:00:35.000 i over 30 år. 00:00:35.000 --> 00:00:39.000 (Applaus) 00:00:39.000 --> 00:00:43.000 Og i løpet av den tida, har eg sett mange endringar. 00:00:43.000 --> 00:00:45.000 Den statistikken 00:00:45.000 --> 00:00:47.000 er ganske sjokkerande. 00:00:47.000 --> 00:00:49.000 Og eg vil snakka til dykk i dag 00:00:49.000 --> 00:00:51.000 om tap av språk 00:00:51.000 --> 00:00:54.000 og globaliseringa av engelsk. 00:00:54.000 --> 00:00:56.000 Eg vil fortelja dykk om vennen min 00:00:56.000 --> 00:00:59.000 som var engelsklærar for vaksne i Abu Dhabi. 00:00:59.000 --> 00:01:01.000 Og ein fin dag 00:01:01.000 --> 00:01:03.000 bestemte ho seg for å ta dei med ut i hagen 00:01:03.000 --> 00:01:05.000 og læra dei vokabular frå hagen. 00:01:05.000 --> 00:01:07.000 Men ho enda sjølv opp med å læra 00:01:07.000 --> 00:01:09.000 alle dei arabiske orda for lokale planter, 00:01:09.000 --> 00:01:11.000 og alt dei kunne nyttast til - 00:01:11.000 --> 00:01:14.000 medisinsk bruk, kosmetikk, 00:01:14.000 --> 00:01:17.000 matlaging eller urter. 00:01:17.000 --> 00:01:19.000 Korleis fekk desse studentane all denne kunnskapen? 00:01:19.000 --> 00:01:21.000 Sjølvsagt, frå besteforeldra deira 00:01:21.000 --> 00:01:24.000 og jamvel oldeforeldra deira. 00:01:24.000 --> 00:01:27.000 Det er ikkje nødvendig å fortelja dykk kor viktig det er 00:01:27.000 --> 00:01:29.000 å vera i stand til å kommunisere 00:01:29.000 --> 00:01:31.000 på tvers av generasjonar. NOTE Paragraph 00:01:31.000 --> 00:01:33.000 Men sørgjeleg nok, i dag, 00:01:33.000 --> 00:01:35.000 er fleire språk døyande 00:01:35.000 --> 00:01:37.000 i ein fart ingen har sett tidlegare. 00:01:37.000 --> 00:01:40.000 Eit språk døyr kvar fjortande dag. 00:01:41.000 --> 00:01:43.000 Til same tid 00:01:43.000 --> 00:01:45.000 er engelsk det udiskutable globale språket. 00:01:45.000 --> 00:01:47.000 Kan det vera ein samanheng? 00:01:47.000 --> 00:01:49.000 Eg veit ikkje. 00:01:49.000 --> 00:01:52.000 Men eg veit at eg har sett mange endringar. 00:01:52.000 --> 00:01:55.000 Då eg først kom til Golfen, kom eg til Kuwait 00:01:55.000 --> 00:01:58.000 i dei dagane det var eit område med motgang. 00:01:58.000 --> 00:02:00.000 Faktisk, ikkje så lenge sidan. 00:02:00.000 --> 00:02:03.000 Det er litt for tidleg. 00:02:03.000 --> 00:02:05.000 Men likevel, 00:02:05.000 --> 00:02:07.000 eg blei rekruttert av British Council 00:02:07.000 --> 00:02:09.000 saman med kring 25 andre lærarar. 00:02:09.000 --> 00:02:11.000 Og me var dei første ikkje-muslimane 00:02:11.000 --> 00:02:14.000 som fekk undervisa i dei statlege skulane i Kuwait. 00:02:14.000 --> 00:02:16.000 Me fekk koma for å undervisa engelsk 00:02:16.000 --> 00:02:20.000 fordi styresmaktene ønskte å modernisera landet, 00:02:20.000 --> 00:02:23.000 og styrkja innbyggjarane sine gjennom utdanning. 00:02:23.000 --> 00:02:25.000 Og sjølvsagt, Storbritannia tente på 00:02:25.000 --> 00:02:28.000 noko av den kjekke oljerikdomen. NOTE Paragraph 00:02:28.000 --> 00:02:30.000 Ok. 00:02:30.000 --> 00:02:33.000 Dette er den store endringa eg har sett, 00:02:33.000 --> 00:02:35.000 korleis engelsk 00:02:35.000 --> 00:02:37.000 har endra seg 00:02:37.000 --> 00:02:41.000 frå å vera av gjensidig interesse, 00:02:41.000 --> 00:02:44.000 til å bli den massive internasjonale verksemda det er i dag. 00:02:44.000 --> 00:02:48.000 Ikkje berre eit framanspråk på skulepensumet. 00:02:48.000 --> 00:02:50.000 Og ikkje lenger eit domene 00:02:50.000 --> 00:02:52.000 for mor England åleine. 00:02:52.000 --> 00:02:54.000 Det er blitt noko som alle heng seg på, 00:02:54.000 --> 00:02:57.000 alle engelsktalande nasjonar på jorda. 00:02:57.000 --> 00:02:59.000 Og kvifor ikkje? 00:02:59.000 --> 00:03:02.000 Trass alt, den beste utdanninga - 00:03:02.000 --> 00:03:05.000 ifølgje den siste rangeringa over verdas universitet, 00:03:05.000 --> 00:03:07.000 er å finna ved 00:03:07.000 --> 00:03:11.000 dei britiske og amerikanske universiteta. 00:03:11.000 --> 00:03:15.000 Så alle ønskjer å ha ei engelsk utdanning, naturlegvis. 00:03:15.000 --> 00:03:17.000 Men viss du ikkje har det som morsmål, 00:03:17.000 --> 00:03:19.000 må du stå på ein test. NOTE Paragraph 00:03:19.000 --> 00:03:21.000 No, kan det vera rett 00:03:21.000 --> 00:03:23.000 å avvisa ein student 00:03:23.000 --> 00:03:25.000 berre på grunnlag av språklege evner? 00:03:25.000 --> 00:03:27.000 Kanskje har du ein dataspesialist 00:03:27.000 --> 00:03:29.000 som er eit geni. 00:03:29.000 --> 00:03:32.000 Vil han ha trong for det same språket som ein jurist, til dømes? 00:03:32.000 --> 00:03:35.000 Vel, eg trur ikkje det. 00:03:36.000 --> 00:03:39.000 Me engelsklærarar avviser dei heile tida. 00:03:39.000 --> 00:03:41.000 Me set opp eit stoppskilt, 00:03:41.000 --> 00:03:43.000 og me stoppar dei på vegen deira. 00:03:43.000 --> 00:03:45.000 Dei får ikkje følgja draumen deira lenger, 00:03:45.000 --> 00:03:48.000 før dei kan engelsk. 00:03:49.000 --> 00:03:52.000 Og la meg seia det slik, 00:03:52.000 --> 00:03:56.000 viss eg hadde møtt ein einspråkleg nederlendar, 00:03:56.000 --> 00:03:58.000 som hadde kuren mot kreft, 00:03:58.000 --> 00:04:01.000 ville eg stoppa han frå å byrja på det engelske universitetet mitt? 00:04:01.000 --> 00:04:03.000 Eg trur ikkje det. 00:04:03.000 --> 00:04:06.000 Men jau, det er akkurat det me gjer. 00:04:06.000 --> 00:04:09.000 Me engelsklærarar er portvaktarane. 00:04:09.000 --> 00:04:12.000 Og du må tilfredsstilla oss først 00:04:12.000 --> 00:04:15.000 om at engelsken din er god nok. 00:04:16.000 --> 00:04:18.000 Det kan vera farleg 00:04:18.000 --> 00:04:21.000 å gi for mykje makt 00:04:21.000 --> 00:04:23.000 til eit smalt lag av samfunnet. 00:04:23.000 --> 00:04:26.000 Kanskje vil barrieren vera for universell. NOTE Paragraph 00:04:26.000 --> 00:04:28.000 Ok. 00:04:28.000 --> 00:04:31.000 "Men", høyrer eg de seia, 00:04:31.000 --> 00:04:33.000 "kva med forskinga?" 00:04:33.000 --> 00:04:35.000 "Den er jo alltid på engelsk". 00:04:35.000 --> 00:04:37.000 Ja, bøkene er på engelsk 00:04:37.000 --> 00:04:39.000 tidsskrifta er laga på engelsk, 00:04:39.000 --> 00:04:42.000 men det er ein sjølvoppfyllande profeti. 00:04:42.000 --> 00:04:44.000 Det møter krava til engelsken. 00:04:44.000 --> 00:04:46.000 Og slik går det vidare. 00:04:46.000 --> 00:04:49.000 Eg spør dykk: kva skjedde med omsetting? 00:04:49.000 --> 00:04:53.000 Viss de tenkjer på gullalderen i islam, 00:04:53.000 --> 00:04:56.000 så var det ein mengde omsetting då. 00:04:56.000 --> 00:04:59.000 Dei omsette frå latinsk og gresk 00:04:59.000 --> 00:05:01.000 til arabisk og persisk 00:05:01.000 --> 00:05:03.000 og det blei omsett vidare 00:05:03.000 --> 00:05:05.000 til dei germanske språka i Europa 00:05:05.000 --> 00:05:07.000 og dei romanske språka. 00:05:07.000 --> 00:05:11.000 Og slik kom det lys etter dei mørke åra i Europa. 00:05:12.000 --> 00:05:14.000 Ikkje mistyd meg, 00:05:14.000 --> 00:05:16.000 eg er ikkje mot å undervisa i engelsk, 00:05:16.000 --> 00:05:18.000 til alle engelsklærarar der ute. 00:05:18.000 --> 00:05:20.000 Eg elskar at me har eit globalt språk. 00:05:20.000 --> 00:05:23.000 Me treng eit slik språk meir enn nokon gong. 00:05:23.000 --> 00:05:25.000 Men eg er i mot å bruka det 00:05:25.000 --> 00:05:27.000 som ein barriere. 00:05:27.000 --> 00:05:30.000 Ønskjer me verkeleg å enda opp med 600 språk, 00:05:30.000 --> 00:05:33.000 med engelsk eller kinesisk som hovudspråk? 00:05:33.000 --> 00:05:36.000 Me treng meir enn det. Kvar skal me setja grensa? 00:05:36.000 --> 00:05:38.000 Dette systemet 00:05:38.000 --> 00:05:41.000 føretrekk intelligens 00:05:41.000 --> 00:05:44.000 med kunnskap om engelsk 00:05:44.000 --> 00:05:46.000 som er heilt tilfeldig. NOTE Paragraph 00:05:46.000 --> 00:05:52.000 (Applaus) NOTE Paragraph 00:05:52.000 --> 00:05:54.000 Og eg vil minna dykk på 00:05:54.000 --> 00:05:57.000 at gigantane som dagens 00:05:57.000 --> 00:05:59.000 intelligensia står på skuldrane av 00:05:59.000 --> 00:06:01.000 ikkje måtte ha engelsk, 00:06:01.000 --> 00:06:03.000 dei måtte ikkje stå på ein engelsktest. 00:06:03.000 --> 00:06:06.000 Ta til dømes Einstein. 00:06:07.000 --> 00:06:10.000 Han var forresten rekna som under middels på skulen 00:06:10.000 --> 00:06:12.000 fordi han hadde dysleksi. 00:06:12.000 --> 00:06:14.000 Men heldigvis for verda, 00:06:14.000 --> 00:06:17.000 så trong han ikkje stå på ein engelsktest. 00:06:17.000 --> 00:06:20.000 Fordi dei starta ikkje før i 1964 00:06:20.000 --> 00:06:22.000 med TOEFL, 00:06:22.000 --> 00:06:24.000 den amerikanske engelsktesten. 00:06:24.000 --> 00:06:26.000 No har det eksplodert. 00:06:26.000 --> 00:06:29.000 Det er mengder av engelsktestar. 00:06:29.000 --> 00:06:31.000 Og millionar på millionar av studentar 00:06:31.000 --> 00:06:33.000 tek desse testane kvart år. 00:06:33.000 --> 00:06:35.000 No kan det vera de tenkjer, de og meg, 00:06:35.000 --> 00:06:37.000 at desse avgiftene for å ta ein test, er ok, 00:06:37.000 --> 00:06:39.000 men dei hindrar 00:06:39.000 --> 00:06:41.000 så mange millionar av fattige folk. 00:06:41.000 --> 00:06:43.000 Så me må kvitta oss med dei med ein gong. NOTE Paragraph 00:06:43.000 --> 00:06:46.000 (Applaus) NOTE Paragraph 00:06:46.000 --> 00:06:49.000 Dette bringer meg til ei overskrift eg såg nettopp: 00:06:49.000 --> 00:06:51.000 "Utdanning: Det store skiljet" 00:06:51.000 --> 00:06:53.000 No forstår eg det, 00:06:53.000 --> 00:06:56.000 eg forstår kvifor folk vil ha fokus på engelsk. 00:06:56.000 --> 00:06:59.000 Dei vil gje borna sine dei beste sjansane til å lukkast. 00:07:00.000 --> 00:07:03.000 For å gje dei dette, har dei bruk for ei vestleg utdanning. 00:07:03.000 --> 00:07:05.000 Fordi, sjølvsagt, dei beste jobbane 00:07:05.000 --> 00:07:08.000 går til folk som går ut frå vestlege universitet, 00:07:08.000 --> 00:07:10.000 som eg viste tidlegare. 00:07:10.000 --> 00:07:12.000 Det er noko som går i sirkel. NOTE Paragraph 00:07:12.000 --> 00:07:14.000 Ok. 00:07:14.000 --> 00:07:16.000 La meg fortelja ei historie om to vitskapsmenn. 00:07:16.000 --> 00:07:18.000 To engelske vitskapsmenn. 00:07:18.000 --> 00:07:20.000 Dei heldt på med eit eksperiment 00:07:20.000 --> 00:07:22.000 som hadde med genetikk å gjera 00:07:22.000 --> 00:07:25.000 - om frambeina og bakbeina på dyr. 00:07:25.000 --> 00:07:27.000 Men dei fekk ikkje resultata dei ønskte. 00:07:27.000 --> 00:07:29.000 Dei ana ikkje kva dei skulle gjera 00:07:29.000 --> 00:07:32.000 til det kom ein tysk vitskapsmann 00:07:32.000 --> 00:07:35.000 som skjøna at dei brukte to ord 00:07:35.000 --> 00:07:37.000 for frambein og bakbein, 00:07:37.000 --> 00:07:41.000 medan genetikken ikkje skilde mellom dei, 00:07:41.000 --> 00:07:43.000 noko ikkje tysken heller gjorde. 00:07:43.000 --> 00:07:45.000 Så bingo, 00:07:45.000 --> 00:07:47.000 problemet var løyst. 00:07:47.000 --> 00:07:49.000 Viss du ikkje kan tenkja ein tanke 00:07:49.000 --> 00:07:52.000 så sit du fast. 00:07:52.000 --> 00:07:54.000 Men viss eit anna språk kan tenkja den tanken, 00:07:54.000 --> 00:07:56.000 så, ved å samarbeida, 00:07:56.000 --> 00:07:59.000 kan me oppnå og læra så mykje meir. NOTE Paragraph 00:08:01.000 --> 00:08:03.000 Dottera mi 00:08:03.000 --> 00:08:06.000 kom til England frå Kuwait. 00:08:06.000 --> 00:08:09.000 Ho hadde studert naturfag og matte på arabisk. 00:08:09.000 --> 00:08:12.000 Det er ein arabiskspråkleg skule. 00:08:12.000 --> 00:08:15.000 Ho måtte omsetja faga til engelsk. 00:08:15.000 --> 00:08:17.000 Og ho var best i klassen 00:08:17.000 --> 00:08:19.000 i desse faga. 00:08:19.000 --> 00:08:21.000 Dette fortel oss 00:08:21.000 --> 00:08:23.000 at når studentar kjem utanlandsfrå 00:08:23.000 --> 00:08:25.000 vil me ikkje alltid gje dei nok ros 00:08:25.000 --> 00:08:27.000 for kva dei veit, 00:08:27.000 --> 00:08:30.000 som dei veit på sitt eige språk. 00:08:30.000 --> 00:08:32.000 Når eit språk døyr 00:08:32.000 --> 00:08:35.000 veit me ikkje kva me mistar med dette språket. NOTE Paragraph 00:08:35.000 --> 00:08:39.000 Dette er -- eg veit ikkje om de såg det på CNN nyleg -- 00:08:39.000 --> 00:08:41.000 dei gav Helteprisen 00:08:41.000 --> 00:08:44.000 til ein ung kenyansk gjetargut 00:08:44.000 --> 00:08:47.000 som ikkje kunne gjera lekser om kvelden i landsbyen sin 00:08:47.000 --> 00:08:49.000 som dei andre landsbyborna 00:08:49.000 --> 00:08:51.000 fordi parafinlampa hans 00:08:51.000 --> 00:08:53.000 hadde for mykje røyk og ho øydela augo hans. 00:08:53.000 --> 00:08:56.000 Og likevel, var det aldri nok parafin, 00:08:56.000 --> 00:08:59.000 fordi kor mykje har du råd til for ein dollar om dagen? 00:08:59.000 --> 00:09:01.000 Så han fann opp 00:09:01.000 --> 00:09:04.000 ein kostnadsfri solcellelampe. 00:09:04.000 --> 00:09:06.000 Og no får borna i landsbyen hans 00:09:06.000 --> 00:09:08.000 dei same karakterane på skulen 00:09:08.000 --> 00:09:12.000 som borna som har elektrisitet heime. 00:09:12.000 --> 00:09:18.000 (Applaus) 00:09:18.000 --> 00:09:20.000 Då han mottok denne prisen, 00:09:20.000 --> 00:09:22.000 sa han desse flotte orda: 00:09:22.000 --> 00:09:25.000 "Borna kan leia Afrika frå kva det er i dag, 00:09:25.000 --> 00:09:27.000 eit mørkt kontinent, 00:09:27.000 --> 00:09:29.000 til eit lyst kontinent." 00:09:29.000 --> 00:09:31.000 Ein enkel ide, 00:09:31.000 --> 00:09:34.000 men det kan ha så langtrekkjande konsekvensar. NOTE Paragraph 00:09:35.000 --> 00:09:37.000 Folk som ikkje har lys, 00:09:37.000 --> 00:09:40.000 anten fysisk eller metaforisk, 00:09:40.000 --> 00:09:43.000 kan ikkje stå på eksamen, 00:09:43.000 --> 00:09:46.000 og me kan aldri få vita kva dei veit. 00:09:46.000 --> 00:09:49.000 La oss ikkje la dei og oss sjølve 00:09:49.000 --> 00:09:51.000 vera i mørkret. 00:09:51.000 --> 00:09:54.000 La oss feira mangfald. 00:09:54.000 --> 00:09:57.000 Pass på språket ditt. 00:09:57.000 --> 00:10:01.000 Bruk det til å spreia store idear. NOTE Paragraph 00:10:01.000 --> 00:10:08.000 (Applaus) NOTE Paragraph 00:10:08.000 --> 00:10:10.000 Takk skal de ha. NOTE Paragraph 00:10:10.000 --> 00:10:13.000 (Applaus)