0:00:01.000,0:00:03.000 Eg veit kva de tenkjer. 0:00:03.000,0:00:05.000 De trur eg har gått feil, 0:00:05.000,0:00:07.000 og at nokon skal koma på scena om eit minutt 0:00:07.000,0:00:09.000 og visa meg vegen tilbake til setet mitt. 0:00:09.000,0:00:15.000 (Applaus) 0:00:15.000,0:00:18.000 Eg får høyra det heile tida i Dubai. 0:00:18.000,0:00:20.000 "Er du her på ferie?" 0:00:20.000,0:00:22.000 (Latter) 0:00:22.000,0:00:25.000 "Kome her på besøk til barna dine?" 0:00:25.000,0:00:27.000 "Kor lenge skal du vera her?" 0:00:27.000,0:00:30.000 Vel, eg håpar det blir ei stund til. 0:00:30.000,0:00:33.000 Eg har budd og vore lærar i Golfen 0:00:33.000,0:00:35.000 i over 30 år. 0:00:35.000,0:00:39.000 (Applaus) 0:00:39.000,0:00:43.000 Og i løpet av den tida, har eg sett mange endringar. 0:00:43.000,0:00:45.000 Den statistikken 0:00:45.000,0:00:47.000 er ganske sjokkerande. 0:00:47.000,0:00:49.000 Og eg vil snakka til dykk i dag 0:00:49.000,0:00:51.000 om tap av språk 0:00:51.000,0:00:54.000 og globaliseringa av engelsk. 0:00:54.000,0:00:56.000 Eg vil fortelja dykk om vennen min 0:00:56.000,0:00:59.000 som var engelsklærar for vaksne i Abu Dhabi. 0:00:59.000,0:01:01.000 Og ein fin dag 0:01:01.000,0:01:03.000 bestemte ho seg for å ta dei med ut i hagen 0:01:03.000,0:01:05.000 og læra dei vokabular frå hagen. 0:01:05.000,0:01:07.000 Men ho enda sjølv opp med å læra 0:01:07.000,0:01:09.000 alle dei arabiske orda for lokale planter, 0:01:09.000,0:01:11.000 og alt dei kunne nyttast til - 0:01:11.000,0:01:14.000 medisinsk bruk, kosmetikk, 0:01:14.000,0:01:17.000 matlaging eller urter. 0:01:17.000,0:01:19.000 Korleis fekk desse studentane all denne kunnskapen? 0:01:19.000,0:01:21.000 Sjølvsagt, frå besteforeldra deira 0:01:21.000,0:01:24.000 og jamvel oldeforeldra deira. 0:01:24.000,0:01:27.000 Det er ikkje nødvendig å fortelja dykk kor viktig det er 0:01:27.000,0:01:29.000 å vera i stand til å kommunisere 0:01:29.000,0:01:31.000 på tvers av generasjonar. 0:01:31.000,0:01:33.000 Men sørgjeleg nok, i dag, 0:01:33.000,0:01:35.000 er fleire språk døyande 0:01:35.000,0:01:37.000 i ein fart ingen har sett tidlegare. 0:01:37.000,0:01:40.000 Eit språk døyr kvar fjortande dag. 0:01:41.000,0:01:43.000 Til same tid 0:01:43.000,0:01:45.000 er engelsk det udiskutable globale språket. 0:01:45.000,0:01:47.000 Kan det vera ein samanheng? 0:01:47.000,0:01:49.000 Eg veit ikkje. 0:01:49.000,0:01:52.000 Men eg veit at eg har sett mange endringar. 0:01:52.000,0:01:55.000 Då eg først kom til Golfen, kom eg til Kuwait 0:01:55.000,0:01:58.000 i dei dagane det var eit område med motgang. 0:01:58.000,0:02:00.000 Faktisk, ikkje så lenge sidan. 0:02:00.000,0:02:03.000 Det er litt for tidleg. 0:02:03.000,0:02:05.000 Men likevel, 0:02:05.000,0:02:07.000 eg blei rekruttert av British Council 0:02:07.000,0:02:09.000 saman med kring 25 andre lærarar. 0:02:09.000,0:02:11.000 Og me var dei første ikkje-muslimane 0:02:11.000,0:02:14.000 som fekk undervisa i dei statlege skulane i Kuwait. 0:02:14.000,0:02:16.000 Me fekk koma for å undervisa engelsk 0:02:16.000,0:02:20.000 fordi styresmaktene ønskte å modernisera landet, 0:02:20.000,0:02:23.000 og styrkja innbyggjarane sine gjennom utdanning. 0:02:23.000,0:02:25.000 Og sjølvsagt, Storbritannia tente på 0:02:25.000,0:02:28.000 noko av den kjekke oljerikdomen. 0:02:28.000,0:02:30.000 Ok. 0:02:30.000,0:02:33.000 Dette er den store endringa eg har sett, 0:02:33.000,0:02:35.000 korleis engelsk 0:02:35.000,0:02:37.000 har endra seg 0:02:37.000,0:02:41.000 frå å vera av gjensidig interesse, 0:02:41.000,0:02:44.000 til å bli den massive internasjonale verksemda det er i dag. 0:02:44.000,0:02:48.000 Ikkje berre eit framanspråk på skulepensumet. 0:02:48.000,0:02:50.000 Og ikkje lenger eit domene 0:02:50.000,0:02:52.000 for mor England åleine. 0:02:52.000,0:02:54.000 Det er blitt noko som alle heng seg på, 0:02:54.000,0:02:57.000 alle engelsktalande nasjonar på jorda. 0:02:57.000,0:02:59.000 Og kvifor ikkje? 0:02:59.000,0:03:02.000 Trass alt, den beste utdanninga - 0:03:02.000,0:03:05.000 ifølgje den siste rangeringa over verdas universitet, 0:03:05.000,0:03:07.000 er å finna ved 0:03:07.000,0:03:11.000 dei britiske og amerikanske universiteta. 0:03:11.000,0:03:15.000 Så alle ønskjer å ha ei engelsk utdanning, naturlegvis. 0:03:15.000,0:03:17.000 Men viss du ikkje har det som morsmål, 0:03:17.000,0:03:19.000 må du stå på ein test. 0:03:19.000,0:03:21.000 No, kan det vera rett 0:03:21.000,0:03:23.000 å avvisa ein student 0:03:23.000,0:03:25.000 berre på grunnlag av språklege evner? 0:03:25.000,0:03:27.000 Kanskje har du ein dataspesialist 0:03:27.000,0:03:29.000 som er eit geni. 0:03:29.000,0:03:32.000 Vil han ha trong for det same språket som ein jurist, til dømes? 0:03:32.000,0:03:35.000 Vel, eg trur ikkje det. 0:03:36.000,0:03:39.000 Me engelsklærarar avviser dei heile tida. 0:03:39.000,0:03:41.000 Me set opp eit stoppskilt, 0:03:41.000,0:03:43.000 og me stoppar dei på vegen deira. 0:03:43.000,0:03:45.000 Dei får ikkje følgja draumen deira lenger, 0:03:45.000,0:03:48.000 før dei kan engelsk. 0:03:49.000,0:03:52.000 Og la meg seia det slik, 0:03:52.000,0:03:56.000 viss eg hadde møtt ein einspråkleg nederlendar, 0:03:56.000,0:03:58.000 som hadde kuren mot kreft, 0:03:58.000,0:04:01.000 ville eg stoppa han frå å byrja på det engelske universitetet mitt? 0:04:01.000,0:04:03.000 Eg trur ikkje det. 0:04:03.000,0:04:06.000 Men jau, det er akkurat det me gjer. 0:04:06.000,0:04:09.000 Me engelsklærarar er portvaktarane. 0:04:09.000,0:04:12.000 Og du må tilfredsstilla oss først 0:04:12.000,0:04:15.000 om at engelsken din er god nok. 0:04:16.000,0:04:18.000 Det kan vera farleg 0:04:18.000,0:04:21.000 å gi for mykje makt 0:04:21.000,0:04:23.000 til eit smalt lag av samfunnet. 0:04:23.000,0:04:26.000 Kanskje vil barrieren vera for universell. 0:04:26.000,0:04:28.000 Ok. 0:04:28.000,0:04:31.000 "Men", høyrer eg de seia, 0:04:31.000,0:04:33.000 "kva med forskinga?" 0:04:33.000,0:04:35.000 "Den er jo alltid på engelsk". 0:04:35.000,0:04:37.000 Ja, bøkene er på engelsk 0:04:37.000,0:04:39.000 tidsskrifta er laga på engelsk, 0:04:39.000,0:04:42.000 men det er ein sjølvoppfyllande profeti. 0:04:42.000,0:04:44.000 Det møter krava til engelsken. 0:04:44.000,0:04:46.000 Og slik går det vidare. 0:04:46.000,0:04:49.000 Eg spør dykk: kva skjedde med omsetting? 0:04:49.000,0:04:53.000 Viss de tenkjer på gullalderen i islam, 0:04:53.000,0:04:56.000 så var det ein mengde omsetting då. 0:04:56.000,0:04:59.000 Dei omsette frå latinsk og gresk 0:04:59.000,0:05:01.000 til arabisk og persisk 0:05:01.000,0:05:03.000 og det blei omsett vidare 0:05:03.000,0:05:05.000 til dei germanske språka i Europa 0:05:05.000,0:05:07.000 og dei romanske språka. 0:05:07.000,0:05:11.000 Og slik kom det lys etter dei mørke åra i Europa. 0:05:12.000,0:05:14.000 Ikkje mistyd meg, 0:05:14.000,0:05:16.000 eg er ikkje mot å undervisa i engelsk, 0:05:16.000,0:05:18.000 til alle engelsklærarar der ute. 0:05:18.000,0:05:20.000 Eg elskar at me har eit globalt språk. 0:05:20.000,0:05:23.000 Me treng eit slik språk meir enn nokon gong. 0:05:23.000,0:05:25.000 Men eg er i mot å bruka det 0:05:25.000,0:05:27.000 som ein barriere. 0:05:27.000,0:05:30.000 Ønskjer me verkeleg å enda opp med 600 språk, 0:05:30.000,0:05:33.000 med engelsk eller kinesisk som hovudspråk? 0:05:33.000,0:05:36.000 Me treng meir enn det. Kvar skal me setja grensa? 0:05:36.000,0:05:38.000 Dette systemet 0:05:38.000,0:05:41.000 føretrekk intelligens 0:05:41.000,0:05:44.000 med kunnskap om engelsk 0:05:44.000,0:05:46.000 som er heilt tilfeldig. 0:05:46.000,0:05:52.000 (Applaus) 0:05:52.000,0:05:54.000 Og eg vil minna dykk på 0:05:54.000,0:05:57.000 at gigantane som dagens 0:05:57.000,0:05:59.000 intelligensia står på skuldrane av 0:05:59.000,0:06:01.000 ikkje måtte ha engelsk, 0:06:01.000,0:06:03.000 dei måtte ikkje stå på ein engelsktest. 0:06:03.000,0:06:06.000 Ta til dømes Einstein. 0:06:07.000,0:06:10.000 Han var forresten rekna som under middels på skulen 0:06:10.000,0:06:12.000 fordi han hadde dysleksi. 0:06:12.000,0:06:14.000 Men heldigvis for verda, 0:06:14.000,0:06:17.000 så trong han ikkje stå på ein engelsktest. 0:06:17.000,0:06:20.000 Fordi dei starta ikkje før i 1964 0:06:20.000,0:06:22.000 med TOEFL, 0:06:22.000,0:06:24.000 den amerikanske engelsktesten. 0:06:24.000,0:06:26.000 No har det eksplodert. 0:06:26.000,0:06:29.000 Det er mengder av engelsktestar. 0:06:29.000,0:06:31.000 Og millionar på millionar av studentar 0:06:31.000,0:06:33.000 tek desse testane kvart år. 0:06:33.000,0:06:35.000 No kan det vera de tenkjer, de og meg, 0:06:35.000,0:06:37.000 at desse avgiftene for å ta ein test, er ok, 0:06:37.000,0:06:39.000 men dei hindrar 0:06:39.000,0:06:41.000 så mange millionar av fattige folk. 0:06:41.000,0:06:43.000 Så me må kvitta oss med dei med ein gong. 0:06:43.000,0:06:46.000 (Applaus) 0:06:46.000,0:06:49.000 Dette bringer meg til ei overskrift eg såg nettopp: 0:06:49.000,0:06:51.000 "Utdanning: Det store skiljet" 0:06:51.000,0:06:53.000 No forstår eg det, 0:06:53.000,0:06:56.000 eg forstår kvifor folk vil ha fokus på engelsk. 0:06:56.000,0:06:59.000 Dei vil gje borna sine dei beste sjansane til å lukkast. 0:07:00.000,0:07:03.000 For å gje dei dette, har dei bruk for ei vestleg utdanning. 0:07:03.000,0:07:05.000 Fordi, sjølvsagt, dei beste jobbane 0:07:05.000,0:07:08.000 går til folk som går ut frå vestlege universitet, 0:07:08.000,0:07:10.000 som eg viste tidlegare. 0:07:10.000,0:07:12.000 Det er noko som går i sirkel. 0:07:12.000,0:07:14.000 Ok. 0:07:14.000,0:07:16.000 La meg fortelja ei historie om to vitskapsmenn. 0:07:16.000,0:07:18.000 To engelske vitskapsmenn. 0:07:18.000,0:07:20.000 Dei heldt på med eit eksperiment 0:07:20.000,0:07:22.000 som hadde med genetikk å gjera 0:07:22.000,0:07:25.000 - om frambeina og bakbeina på dyr. 0:07:25.000,0:07:27.000 Men dei fekk ikkje resultata dei ønskte. 0:07:27.000,0:07:29.000 Dei ana ikkje kva dei skulle gjera 0:07:29.000,0:07:32.000 til det kom ein tysk vitskapsmann 0:07:32.000,0:07:35.000 som skjøna at dei brukte to ord 0:07:35.000,0:07:37.000 for frambein og bakbein, 0:07:37.000,0:07:41.000 medan genetikken ikkje skilde mellom dei, 0:07:41.000,0:07:43.000 noko ikkje tysken heller gjorde. 0:07:43.000,0:07:45.000 Så bingo, 0:07:45.000,0:07:47.000 problemet var løyst. 0:07:47.000,0:07:49.000 Viss du ikkje kan tenkja ein tanke 0:07:49.000,0:07:52.000 så sit du fast. 0:07:52.000,0:07:54.000 Men viss eit anna språk kan tenkja den tanken, 0:07:54.000,0:07:56.000 så, ved å samarbeida, 0:07:56.000,0:07:59.000 kan me oppnå og læra så mykje meir. 0:08:01.000,0:08:03.000 Dottera mi 0:08:03.000,0:08:06.000 kom til England frå Kuwait. 0:08:06.000,0:08:09.000 Ho hadde studert naturfag og matte på arabisk. 0:08:09.000,0:08:12.000 Det er ein arabiskspråkleg skule. 0:08:12.000,0:08:15.000 Ho måtte omsetja faga til engelsk. 0:08:15.000,0:08:17.000 Og ho var best i klassen 0:08:17.000,0:08:19.000 i desse faga. 0:08:19.000,0:08:21.000 Dette fortel oss 0:08:21.000,0:08:23.000 at når studentar kjem utanlandsfrå 0:08:23.000,0:08:25.000 vil me ikkje alltid gje dei nok ros 0:08:25.000,0:08:27.000 for kva dei veit, 0:08:27.000,0:08:30.000 som dei veit på sitt eige språk. 0:08:30.000,0:08:32.000 Når eit språk døyr 0:08:32.000,0:08:35.000 veit me ikkje kva me mistar med dette språket. 0:08:35.000,0:08:39.000 Dette er -- eg veit ikkje om de såg det på CNN nyleg -- 0:08:39.000,0:08:41.000 dei gav Helteprisen 0:08:41.000,0:08:44.000 til ein ung kenyansk gjetargut 0:08:44.000,0:08:47.000 som ikkje kunne gjera lekser om kvelden i landsbyen sin 0:08:47.000,0:08:49.000 som dei andre landsbyborna 0:08:49.000,0:08:51.000 fordi parafinlampa hans 0:08:51.000,0:08:53.000 hadde for mykje røyk og ho øydela augo hans. 0:08:53.000,0:08:56.000 Og likevel, var det aldri nok parafin, 0:08:56.000,0:08:59.000 fordi kor mykje har du råd til for ein dollar om dagen? 0:08:59.000,0:09:01.000 Så han fann opp 0:09:01.000,0:09:04.000 ein kostnadsfri solcellelampe. 0:09:04.000,0:09:06.000 Og no får borna i landsbyen hans 0:09:06.000,0:09:08.000 dei same karakterane på skulen 0:09:08.000,0:09:12.000 som borna som har elektrisitet heime. 0:09:12.000,0:09:18.000 (Applaus) 0:09:18.000,0:09:20.000 Då han mottok denne prisen, 0:09:20.000,0:09:22.000 sa han desse flotte orda: 0:09:22.000,0:09:25.000 "Borna kan leia Afrika frå kva det er i dag, 0:09:25.000,0:09:27.000 eit mørkt kontinent, 0:09:27.000,0:09:29.000 til eit lyst kontinent." 0:09:29.000,0:09:31.000 Ein enkel ide, 0:09:31.000,0:09:34.000 men det kan ha så langtrekkjande konsekvensar. 0:09:35.000,0:09:37.000 Folk som ikkje har lys, 0:09:37.000,0:09:40.000 anten fysisk eller metaforisk, 0:09:40.000,0:09:43.000 kan ikkje stå på eksamen, 0:09:43.000,0:09:46.000 og me kan aldri få vita kva dei veit. 0:09:46.000,0:09:49.000 La oss ikkje la dei og oss sjølve 0:09:49.000,0:09:51.000 vera i mørkret. 0:09:51.000,0:09:54.000 La oss feira mangfald. 0:09:54.000,0:09:57.000 Pass på språket ditt. 0:09:57.000,0:10:01.000 Bruk det til å spreia store idear. 0:10:01.000,0:10:08.000 (Applaus) 0:10:08.000,0:10:10.000 Takk skal de ha. 0:10:10.000,0:10:13.000 (Applaus)