Eg veit kva de tenkjer. De trur eg har gått feil, og at nokon skal koma på scena om eit minutt og visa meg vegen tilbake til setet mitt. (Applaus) Eg får høyra det heile tida i Dubai. "Er du her på ferie?" (Latter) "Kome her på besøk til barna dine?" "Kor lenge skal du vera her?" Vel, eg håpar det blir ei stund til. Eg har budd og vore lærar i Golfen i over 30 år. (Applaus) Og i løpet av den tida, har eg sett mange endringar. Den statistikken er ganske sjokkerande. Og eg vil snakka til dykk i dag om tap av språk og globaliseringa av engelsk. Eg vil fortelja dykk om vennen min som var engelsklærar for vaksne i Abu Dhabi. Og ein fin dag bestemte ho seg for å ta dei med ut i hagen og læra dei vokabular frå hagen. Men ho enda sjølv opp med å læra alle dei arabiske orda for lokale planter, og alt dei kunne nyttast til - medisinsk bruk, kosmetikk, matlaging eller urter. Korleis fekk desse studentane all denne kunnskapen? Sjølvsagt, frå besteforeldra deira og jamvel oldeforeldra deira. Det er ikkje nødvendig å fortelja dykk kor viktig det er å vera i stand til å kommunisere på tvers av generasjonar. Men sørgjeleg nok, i dag, er fleire språk døyande i ein fart ingen har sett tidlegare. Eit språk døyr kvar fjortande dag. Til same tid er engelsk det udiskutable globale språket. Kan det vera ein samanheng? Eg veit ikkje. Men eg veit at eg har sett mange endringar. Då eg først kom til Golfen, kom eg til Kuwait i dei dagane det var eit område med motgang. Faktisk, ikkje så lenge sidan. Det er litt for tidleg. Men likevel, eg blei rekruttert av British Council saman med kring 25 andre lærarar. Og me var dei første ikkje-muslimane som fekk undervisa i dei statlege skulane i Kuwait. Me fekk koma for å undervisa engelsk fordi styresmaktene ønskte å modernisera landet, og styrkja innbyggjarane sine gjennom utdanning. Og sjølvsagt, Storbritannia tente på noko av den kjekke oljerikdomen. Ok. Dette er den store endringa eg har sett, korleis engelsk har endra seg frå å vera av gjensidig interesse, til å bli den massive internasjonale verksemda det er i dag. Ikkje berre eit framanspråk på skulepensumet. Og ikkje lenger eit domene for mor England åleine. Det er blitt noko som alle heng seg på, alle engelsktalande nasjonar på jorda. Og kvifor ikkje? Trass alt, den beste utdanninga - ifølgje den siste rangeringa over verdas universitet, er å finna ved dei britiske og amerikanske universiteta. Så alle ønskjer å ha ei engelsk utdanning, naturlegvis. Men viss du ikkje har det som morsmål, må du stå på ein test. No, kan det vera rett å avvisa ein student berre på grunnlag av språklege evner? Kanskje har du ein dataspesialist som er eit geni. Vil han ha trong for det same språket som ein jurist, til dømes? Vel, eg trur ikkje det. Me engelsklærarar avviser dei heile tida. Me set opp eit stoppskilt, og me stoppar dei på vegen deira. Dei får ikkje følgja draumen deira lenger, før dei kan engelsk. Og la meg seia det slik, viss eg hadde møtt ein einspråkleg nederlendar, som hadde kuren mot kreft, ville eg stoppa han frå å byrja på det engelske universitetet mitt? Eg trur ikkje det. Men jau, det er akkurat det me gjer. Me engelsklærarar er portvaktarane. Og du må tilfredsstilla oss først om at engelsken din er god nok. Det kan vera farleg å gi for mykje makt til eit smalt lag av samfunnet. Kanskje vil barrieren vera for universell. Ok. "Men", høyrer eg de seia, "kva med forskinga?" "Den er jo alltid på engelsk". Ja, bøkene er på engelsk tidsskrifta er laga på engelsk, men det er ein sjølvoppfyllande profeti. Det møter krava til engelsken. Og slik går det vidare. Eg spør dykk: kva skjedde med omsetting? Viss de tenkjer på gullalderen i islam, så var det ein mengde omsetting då. Dei omsette frå latinsk og gresk til arabisk og persisk og det blei omsett vidare til dei germanske språka i Europa og dei romanske språka. Og slik kom det lys etter dei mørke åra i Europa. Ikkje mistyd meg, eg er ikkje mot å undervisa i engelsk, til alle engelsklærarar der ute. Eg elskar at me har eit globalt språk. Me treng eit slik språk meir enn nokon gong. Men eg er i mot å bruka det som ein barriere. Ønskjer me verkeleg å enda opp med 600 språk, med engelsk eller kinesisk som hovudspråk? Me treng meir enn det. Kvar skal me setja grensa? Dette systemet føretrekk intelligens med kunnskap om engelsk som er heilt tilfeldig. (Applaus) Og eg vil minna dykk på at gigantane som dagens intelligensia står på skuldrane av ikkje måtte ha engelsk, dei måtte ikkje stå på ein engelsktest. Ta til dømes Einstein. Han var forresten rekna som under middels på skulen fordi han hadde dysleksi. Men heldigvis for verda, så trong han ikkje stå på ein engelsktest. Fordi dei starta ikkje før i 1964 med TOEFL, den amerikanske engelsktesten. No har det eksplodert. Det er mengder av engelsktestar. Og millionar på millionar av studentar tek desse testane kvart år. No kan det vera de tenkjer, de og meg, at desse avgiftene for å ta ein test, er ok, men dei hindrar så mange millionar av fattige folk. Så me må kvitta oss med dei med ein gong. (Applaus) Dette bringer meg til ei overskrift eg såg nettopp: "Utdanning: Det store skiljet" No forstår eg det, eg forstår kvifor folk vil ha fokus på engelsk. Dei vil gje borna sine dei beste sjansane til å lukkast. For å gje dei dette, har dei bruk for ei vestleg utdanning. Fordi, sjølvsagt, dei beste jobbane går til folk som går ut frå vestlege universitet, som eg viste tidlegare. Det er noko som går i sirkel. Ok. La meg fortelja ei historie om to vitskapsmenn. To engelske vitskapsmenn. Dei heldt på med eit eksperiment som hadde med genetikk å gjera - om frambeina og bakbeina på dyr. Men dei fekk ikkje resultata dei ønskte. Dei ana ikkje kva dei skulle gjera til det kom ein tysk vitskapsmann som skjøna at dei brukte to ord for frambein og bakbein, medan genetikken ikkje skilde mellom dei, noko ikkje tysken heller gjorde. Så bingo, problemet var løyst. Viss du ikkje kan tenkja ein tanke så sit du fast. Men viss eit anna språk kan tenkja den tanken, så, ved å samarbeida, kan me oppnå og læra så mykje meir. Dottera mi kom til England frå Kuwait. Ho hadde studert naturfag og matte på arabisk. Det er ein arabiskspråkleg skule. Ho måtte omsetja faga til engelsk. Og ho var best i klassen i desse faga. Dette fortel oss at når studentar kjem utanlandsfrå vil me ikkje alltid gje dei nok ros for kva dei veit, som dei veit på sitt eige språk. Når eit språk døyr veit me ikkje kva me mistar med dette språket. Dette er -- eg veit ikkje om de såg det på CNN nyleg -- dei gav Helteprisen til ein ung kenyansk gjetargut som ikkje kunne gjera lekser om kvelden i landsbyen sin som dei andre landsbyborna fordi parafinlampa hans hadde for mykje røyk og ho øydela augo hans. Og likevel, var det aldri nok parafin, fordi kor mykje har du råd til for ein dollar om dagen? Så han fann opp ein kostnadsfri solcellelampe. Og no får borna i landsbyen hans dei same karakterane på skulen som borna som har elektrisitet heime. (Applaus) Då han mottok denne prisen, sa han desse flotte orda: "Borna kan leia Afrika frå kva det er i dag, eit mørkt kontinent, til eit lyst kontinent." Ein enkel ide, men det kan ha så langtrekkjande konsekvensar. Folk som ikkje har lys, anten fysisk eller metaforisk, kan ikkje stå på eksamen, og me kan aldri få vita kva dei veit. La oss ikkje la dei og oss sjølve vera i mørkret. La oss feira mangfald. Pass på språket ditt. Bruk det til å spreia store idear. (Applaus) Takk skal de ha. (Applaus)