-
Eg heiter Jens Bergensten, men eg er betre
kjent som Jeb. Eg leiar utviklinga av Minecraft
-
her hos Mojang i Stockholm. Eg var 11 eller
kanskje 12 og starta med programmering
-
fordi eg ville lage spel. Ein av venene til
faren min sa at for å lage spel måtte du
-
lære å programmere. Så det var slik eg
starta. Eg likar å lage og tenkje ut korleis
-
ting skal byggast opp. Det er det eg
likar veldig godt med Minecraft. Den neste
-
timen skal du lære grunnleggande datafag
ved å programmere Alex eller Steve til å
-
flytte seg gjennom ein simulert del av verda
i Minecraft. I tradisjonell programmering
-
skriv me tekst, men i dag nyttar me BLOCKLY:
eit system med blokkar du kan dra og sleppe
-
for å skrive program. Under hetta lagar du
JacaScript-kode. Idéen er at du skal lære
-
det same som dataprogrammerarar brukar
kvar dag, og det er grunnmuren i datafaga.
-
Her hos Mojang brukar me dei same
prinsippa for å få Minecraft til å funke.
-
Før du startar, må du velje ein figur. Eg
veljer Alex. La oss bygge kode til eit program
-
som hjelper ho å flytte rundt på skjermen.
Skjermen din er delt i tre hovuddelar.
-
Til venstre er spelerommet i Minecraft, der
programmet vil køyre. Instruksjonane til
-
kvart nivå står skrive under. Dette midt-
rommet er verktøykassa, og kvar av blokkene
-
er ein kommando som styrer Alex sine
rørsler. Det kvite rommet til høgre vert
-
kalla "arbeidsrommet" og der der vi bygger
eller programmerer. Om me dreg "moveForward"
-
til arbeidsrommet og så klikkar "Run" ("Køyr"),
kva skjer? Alex flyttar seg ein plass på
-
rutenettet til venstre. Og kva om me ynskjer å
gjere noko etter at ho har flytta seg ein plass?
-
Då kan me legge til ein blokk til i programmet.
Eg veljer "turnRight", og eg dreg blokka
-
under "moveForward"-blokka til ei orange
linje kjem opp. Då slepp eg, og dei to
-
blokkene vil sitte saman. Når eg
trykker "Køyr" igjen, vil Alex gjere
-
kommandoane som er sett saman frå
topp til botn i "arbeidsrommet". Og om du
-
nokon gong vil ta vekk blokker, berre dra
ho tilbake i verktøykassa. For å gjere om
-
endringar og komme tilbake til der brettet
starta, bruk "Start Over"-knappen øvst til
-
høgre i "arbeidsrommet". Ein ting til, ser
du den vesle trekanten på "snu"-blokkene?
-
Når du ser ein slik trekant, tyder det
at du kan velje noko anna frå ei liste.
-
La oss starte kodinga!