1 00:00:00,099 --> 00:00:05,060 Eg heiter Jens Bergensten, men eg er betre kjent som Jeb. Eg leiar utviklinga av Minecraft 2 00:00:05,060 --> 00:00:13,390 her hos Mojang i Stockholm. Eg var 11 eller kanskje 12 og starta med programmering 3 00:00:13,390 --> 00:00:17,750 fordi eg ville lage spel. Ein av venene til faren min sa at for å lage spel måtte du 4 00:00:17,750 --> 00:00:26,090 lære å programmere. Så det var slik eg starta. Eg likar å lage og tenkje ut korleis 5 00:00:26,090 --> 00:00:33,329 ting skal byggast opp. Det er det eg likar veldig godt med Minecraft. Den neste 6 00:00:33,329 --> 00:00:39,219 timen skal du lære grunnleggande datafag ved å programmere Alex eller Steve til å 7 00:00:39,219 --> 00:00:45,940 flytte seg gjennom ein simulert del av verda i Minecraft. I tradisjonell programmering 8 00:00:45,940 --> 00:00:51,019 skriv me tekst, men i dag nyttar me BLOCKLY: eit system med blokkar du kan dra og sleppe 9 00:00:51,019 --> 00:00:57,620 for å skrive program. Under hetta lagar du JacaScript-kode. Idéen er at du skal lære 10 00:00:57,620 --> 00:01:02,530 det same som dataprogrammerarar brukar kvar dag, og det er grunnmuren i datafaga. 11 00:01:02,530 --> 00:01:09,890 Her hos Mojang brukar me dei same prinsippa for å få Minecraft til å funke. 12 00:01:09,890 --> 00:01:15,299 Før du startar, må du velje ein figur. Eg veljer Alex. La oss bygge kode til eit program 13 00:01:15,299 --> 00:01:22,810 som hjelper ho å flytte rundt på skjermen. Skjermen din er delt i tre hovuddelar. 14 00:01:22,810 --> 00:01:28,579 Til venstre er spelerommet i Minecraft, der programmet vil køyre. Instruksjonane til 15 00:01:28,579 --> 00:01:34,740 kvart nivå står skrive under. Dette midt- rommet er verktøykassa, og kvar av blokkene 16 00:01:34,740 --> 00:01:40,899 er ein kommando som styrer Alex sine rørsler. Det kvite rommet til høgre vert 17 00:01:40,899 --> 00:01:46,920 kalla "arbeidsrommet" og der der vi bygger eller programmerer. Om me dreg "moveForward" 18 00:01:46,920 --> 00:01:53,340 til arbeidsrommet og så klikkar "Run" ("Køyr"), kva skjer? Alex flyttar seg ein plass på 19 00:01:53,340 --> 00:01:59,770 rutenettet til venstre. Og kva om me ynskjer å gjere noko etter at ho har flytta seg ein plass? 20 00:01:59,770 --> 00:02:05,140 Då kan me legge til ein blokk til i programmet. Eg veljer "turnRight", og eg dreg blokka 21 00:02:05,140 --> 00:02:11,380 under "moveForward"-blokka til ei orange linje kjem opp. Då slepp eg, og dei to 22 00:02:11,380 --> 00:02:17,260 blokkene vil sitte saman. Når eg trykker "Køyr" igjen, vil Alex gjere 23 00:02:17,260 --> 00:02:22,670 kommandoane som er sett saman frå topp til botn i "arbeidsrommet". Og om du 24 00:02:22,670 --> 00:02:28,700 nokon gong vil ta vekk blokker, berre dra ho tilbake i verktøykassa. For å gjere om 25 00:02:28,700 --> 00:02:33,790 endringar og komme tilbake til der brettet starta, bruk "Start Over"-knappen øvst til 26 00:02:33,790 --> 00:02:41,170 høgre i "arbeidsrommet". Ein ting til, ser du den vesle trekanten på "snu"-blokkene? 27 00:02:41,170 --> 00:02:46,620 Når du ser ein slik trekant, tyder det at du kan velje noko anna frå ei liste. 28 00:02:46,620 --> 00:02:48,750 La oss starte kodinga!