Brene Brown: Krafta i å vere sårbar
-
0:00 - 0:02Eg startar med dette:
-
0:02 - 0:04for eit par år sidan blei eg oppringt av ein arrangementplanleggar
-
0:04 - 0:06fordi eg skulle halde eit føredrag på eit arrangement
-
0:06 - 0:08Og ho ringte og sa:
-
0:08 - 0:10"Eg strevar verkeleg med kva
-
0:10 - 0:12eg skal skrive om deg på flyeren."
-
0:12 - 0:14Eg tenkte: "Vel, kva er problemet?"
-
0:14 - 0:16Og ho svarte: "Vel, eg såg føredraget ditt,
-
0:16 - 0:19og eg skal kalle deg ein forskar, trur eg,
-
0:19 - 0:21men eg er redd at viss eg kallar deg forskar, kjem ingen til å komme.
-
0:21 - 0:23fordi då trur dei at du er keisam og irrelevant."
-
0:23 - 0:25(Latter)
-
0:25 - 0:27Ok, tenkte eg.
-
0:27 - 0:29Og ho heldt fram: "Men det eg likte med føredraget ditt
-
0:29 - 0:31er at du er ein historiefortellar.
-
0:31 - 0:34Så eg trur eg rett og slett kallar deg ein historiefortellar."
-
0:34 - 0:37Og den akademiske, usikre delen av meg sa sjølvsagt
-
0:37 - 0:39"Du har tenkt å kalle meg kva?"
-
0:39 - 0:42Og ho svarte: "Eg skal kalle deg ein historiefortellar."
-
0:42 - 0:45Og eg sa: "Kvifor kallar du meg ikkje Tingeling?"
-
0:45 - 0:48(Latter)
-
0:48 - 0:51Og eg heldt fram: "La meg tenke på dette ein augeblink."
-
0:51 - 0:54Eg prøvde å hente fram mot.
-
0:54 - 0:57Og eg tenkte, veit du, eg er ein historieforteljar.
-
0:57 - 0:59Eg er ein kvalitativ forskar.
-
0:59 - 1:01Eg samlar på historier; det er nettopp det eg gjer.
-
1:01 - 1:04Og kanskje historier berre er data med sjel.
-
1:04 - 1:06Og kanskje er eg nettopp ein historieforteljar.
-
1:06 - 1:08Så eg sa: "Veit du kva?"
-
1:08 - 1:11Kvifor seier du ikkje berre at eg er ein historieforteljande forskar."
-
1:11 - 1:14Og ho sa: "ha, ha. Det finst ikkje noko slikt."
-
1:14 - 1:16(Latter)
-
1:16 - 1:18Så eg er ein historieforteljande forskar,
-
1:18 - 1:20og idag skal eg fortelje om --
-
1:20 - 1:22me snakkar om å utvide sanseevna --
-
1:22 - 1:24eg vil altså snakke med dykk og fortelje nokre historier
-
1:24 - 1:27om ein del av forskinga mi
-
1:27 - 1:30som utvida mi eiga sanseevne på ein grunnleggande måte
-
1:30 - 1:33og verkeleg endra måten eg lever på, elskar på,
-
1:33 - 1:35jobbar og er mor på.
-
1:35 - 1:37Og det er her forteljinga mi startar.
-
1:37 - 1:40Då eg var ein ung forskar, doktorgradsstudent,
-
1:40 - 1:42hadde eg ein forskarrettleiar det første året
-
1:42 - 1:44som fortalde oss:
-
1:44 - 1:46"No skal de høyre:
-
1:46 - 1:49viss du ikkje kan måle det, fins det ikkje."
-
1:49 - 1:52Og eg trudde han berre godsnakka med meg.
-
1:52 - 1:55Eg sa: "Verkeleg? og han svarte: "Så klart!"
-
1:55 - 1:57Og no må de forstå
-
1:57 - 1:59eg hadde ein bachelorgrad i sosialarbeid, ein mastergrad i sosialarbeid,
-
1:59 - 2:01og var i gang med ph.d.-graden mi i sosialarbeid,
-
2:01 - 2:03så heile min akademiske karriere
-
2:03 - 2:05var omringa av menneske
-
2:05 - 2:07som på ein måte trudde
-
2:07 - 2:10at "livet er eit rot, elsk det."
-
2:10 - 2:12Og min stil er heller: livet er eit rot,
-
2:12 - 2:15rydd opp i det, organiser det,
-
2:15 - 2:17og putt det oppi ein matboks.
-
2:17 - 2:19(Latter)
-
2:19 - 2:22Så å tru at eg hadde funne vegen min,
-
2:22 - 2:25funne ein karriere som tar meg --
-
2:25 - 2:28ein av grunnsetningane innan sosialarbeid er faktisk
-
2:28 - 2:31at ein skal dykke ned i ubehaget i jobben.
-
2:31 - 2:34Mens eg er meir av typen som fjernar ubehag frå tankane
-
2:34 - 2:36går vidare og får gode karakterer.
-
2:36 - 2:39Det var mantraet mitt.
-
2:39 - 2:41Så eg var veldig opprømt over dette.
-
2:41 - 2:44Og tenkte: veit du kva, dette er rett karriere for meg,
-
2:44 - 2:47fordi eg er interessert i kinkige tema.
-
2:47 - 2:49Men eg har lyst å vere i stand til å gjere dei ikkje-kinkige.
-
2:49 - 2:51Eg ønskjer å forstå dei.
-
2:51 - 2:53Eg vil hakke laus på desse tinga
-
2:53 - 2:55eg veit er viktige
-
2:55 - 2:57og løyse koden slik at alle andre ser det.
-
2:57 - 3:00Så eg starta med tilknyting.
-
3:00 - 3:03Fordi når du har vore sosionom i ti år
-
3:03 - 3:05skjønar du
-
3:05 - 3:08at tilknyting er grunnen til at me er her.
-
3:08 - 3:11Det er det som gir liva våre mål og meining.
-
3:11 - 3:13Det er det alt handlar om.
-
3:13 - 3:15Det betyr ikkje noko om du snakkar med menneske
-
3:15 - 3:18som jobbar med sosial rettferd, mental helse og misbruk og forsøming,
-
3:18 - 3:20det me veit er at tilknyting,
-
3:20 - 3:23evna til å føle tilknyting er --
-
3:23 - 3:26den nevrobiologiske måten me er skrudd saman på --
-
3:26 - 3:28det er grunnen til at me er her.
-
3:28 - 3:31Så eg tenkte: veit du kva, eg startar med tilknyting.
-
3:31 - 3:34Og du kjenner situasjonen
-
3:34 - 3:36kor du blir evaluert av sjefen din,
-
3:36 - 3:39og ho fortel deg 37 ting du gjer på ein framifrå måte
-
3:39 - 3:41og ein ting -- ein "muligheit for vekst?"
-
3:41 - 3:43(Latter)
-
3:43 - 3:46Og alt du klarar å tenke på er den muligheita for å vekse, ikkje sant?
-
3:47 - 3:50Vel, tilsynelatande er det slik arbeidet mitt gjekk også,
-
3:50 - 3:53fordi, når du spør menneske om kjærleik,
-
3:53 - 3:55fortel dei deg om hjartesorg.
-
3:55 - 3:57Når du spør menneske om tilhøyrsle,
-
3:57 - 4:00vil dei fortelje deg om sine mest ulidelege opplevingar
-
4:00 - 4:02ved å bli ekskludert.
-
4:02 - 4:04Og når du spør om tilknyting,
-
4:04 - 4:07fortel dei historier om fråkobling.
-
4:07 - 4:10Veldig fort -- verkeleg berre seks veker etter at eg begynte med forskingsprosjektet --
-
4:10 - 4:13støytte eg på ein namnlaus ting
-
4:13 - 4:16som forandra tilknytinga fullstendig
-
4:16 - 4:19på ein måte eg ikkje forsto eller hadde nokon gong sett.
-
4:19 - 4:21Så eg trakk meg ut av forskingsprosjektet
-
4:21 - 4:24og tenkte: eg må finne ut kva dette er.
-
4:24 - 4:27Og det viste seg å vere skam.
-
4:27 - 4:29Og skam er verkeleg enkelt å forstå
-
4:29 - 4:31som redsle for å miste tilknytinga:
-
4:31 - 4:33Er det noko ved meg
-
4:33 - 4:36som, viss andre får vite om det eller ser det,
-
4:36 - 4:39gjer at eg ikkje fortener tilknyting?
-
4:39 - 4:41Tinga eg kan fortelje deg om:
-
4:41 - 4:43det er universelt; me har det alle saman.
-
4:43 - 4:45Dei einaste som aldri vil oppleve skam
-
4:45 - 4:47er dei utan evne til menneskeleg innlevingsevne eller tilknyting
-
4:47 - 4:49Ingen vil snakke om det,
-
4:49 - 4:52og jo mindre du snakkar om det, jo meir har du det.
-
4:54 - 4:56Det som underbygger denne skamma,
-
4:56 - 4:58dette "eg er ikkje god nok," --
-
4:58 - 5:00den kjensla me alle kjenner:
-
5:00 - 5:02"Eg er ikkje glup nok. Eg er ikkje tynn nok,
-
5:02 - 5:04rik nok, vakker nok, smart nok,
-
5:04 - 5:06i høg nok stilling."
-
5:06 - 5:08Det som underbygde dette
-
5:08 - 5:11var ei ulideleg sårbarheit,
-
5:11 - 5:13tanken på at,
-
5:13 - 5:15for at tilknyting skal skje,
-
5:15 - 5:18må me late oss sjølv bli sett,
-
5:18 - 5:20verkeleg sett.
-
5:20 - 5:23Og de veit kva eg tenker om sårbarheit. Eg hatar sårbarheit.
-
5:23 - 5:25Så eg tenkte at her er sjansen min
-
5:25 - 5:28til å slå tilbake med målestaven min.
-
5:28 - 5:31eg skal, eg skal finne ut av dette,
-
5:31 - 5:34eg skal bruke år på det, eg skal dekonstruere skamma fullstendig,
-
5:34 - 5:36eg skal forstå korleis sårbarheit verkar,
-
5:36 - 5:39og eg skal vinne over den med list.
-
5:39 - 5:42Så eg var klar, og eg var verkeleg opprømt.
-
5:44 - 5:46Og som de veit, gjekk det ikkje så bra.
-
5:46 - 5:49(Latter)
-
5:49 - 5:51De veit det.
-
5:51 - 5:53Så eg kan fortelje dykk ein masse om skam,
-
5:53 - 5:55men eg vil måtte stele av dei andre si tid.
-
5:55 - 5:58Men her er det eg kan fortelje dykk at det kokar ned til --
-
5:58 - 6:01og det er kanskje ein av dei viktigaste tinga eg nokon gong har lært
-
6:01 - 6:04gjennom tiåret eg har forska på dette.
-
6:04 - 6:06Det eine året
-
6:06 - 6:08blei til seks år:
-
6:08 - 6:10tusenvis av historier,
-
6:10 - 6:13hundrevis av lange intervju, fokusgrupper.
-
6:13 - 6:15På eit tidspunkt sendte folk meg dagboksider
-
6:15 - 6:18og dei sendte meg historiene sine --
-
6:18 - 6:21tusenvis av data på seks år.
-
6:21 - 6:23Og eg fekk på ein måte grepet om det.
-
6:23 - 6:25Eg forsto på ein måte at dette er kva skam er,
-
6:25 - 6:27dette er korleis det fungerer
-
6:27 - 6:29Eg skreiv ei bok,
-
6:29 - 6:31publiserte ein teori,
-
6:31 - 6:34men det var noko som ikkje var greitt --
-
6:34 - 6:36og det var at
-
6:36 - 6:38viss eg grovt rekna tok for meg menneska eg intervjua
-
6:38 - 6:41og delte dei opp i menneske
-
6:41 - 6:44som verkelege hadde ei kjensle av verd --
-
6:44 - 6:46det er det dette handlar om,
-
6:46 - 6:48ei kjensle av verd --
-
6:48 - 6:51dei har ei sterk kjensle av kjærleik og tilhøyring --
-
6:51 - 6:53og folk som kjempar for det,
-
6:53 - 6:55og folk som alltid lurer på om dei er gode nok.
-
6:55 - 6:57Det var berre ein variabel
-
6:57 - 6:59som skilte folk med
-
6:59 - 7:01ei sterk kjensle av kjærleik og tilhøyring
-
7:01 - 7:03og folk som verkeleg kjempa for det.
-
7:03 - 7:05Og det var at folk som har
-
7:05 - 7:07ei sterk kjensle av kjærleik og tilhøyring
-
7:07 - 7:10trur at dei er verd kjærleik og tilhøyring
-
7:10 - 7:12Der har me det.
-
7:12 - 7:14Dei trur dei er verdfulle.
-
7:15 - 7:18Og for meg, det vanskelege
-
7:18 - 7:21av dei tinga som held oss vekke frå tilknyting
-
7:21 - 7:24er redsla for at me ikkje er verd tilknyting,
-
7:24 - 7:26og det var noko som eg følte, både personleg og karrieremessig,
-
7:26 - 7:29at eg trengte å forstå betre.
-
7:29 - 7:32Så det eg gjorde
-
7:32 - 7:34var å ta alle intervjua
-
7:34 - 7:37kor eg såg verd, kor eg såg at menneska levde slik,
-
7:37 - 7:40og tok ein titt berre på dei.
-
7:40 - 7:42Kva har desse menneska til felles?
-
7:42 - 7:44Eg er lett avhengig av kontorrekvisita,
-
7:44 - 7:47men det er eit anna foredrag.
-
7:47 - 7:50Så eg hadde ei arkivmappe og ein merkepenn,
-
7:50 - 7:52Og eg tenkte: kva skal eg kalle dette forskingsprosjektet?
-
7:52 - 7:54Og dei første orda som slo meg
-
7:54 - 7:56var heilhjarta.
-
7:56 - 7:59Dette er heilhjarta menneske som lever ut frå denne djupe kjensla av verd.
-
7:59 - 8:02Så eg skreiv øverst på arkivmappa
-
8:02 - 8:04og eg begynte å kikke på opplysningane.
-
8:04 - 8:06Faktum er at eg gjorde det først
-
8:06 - 8:08gjennom ein fire dagars
-
8:08 - 8:11svært intensiv dataanalyse
-
8:11 - 8:14kor eg gjekk tilbake, såg på intervjua, historiene, hendingane.
-
8:14 - 8:17Kva er temaet? Kva er mønsteret?
-
8:17 - 8:20Mannen min forlet byen med borna
-
8:20 - 8:23fordi eg går alltid inn i denne Jackson Pollock-galskapen,
-
8:23 - 8:25kor eg berre skriv
-
8:25 - 8:28og er i forskarmoduset mitt.
-
8:28 - 8:30Og her eg det eg fann ut.
-
8:32 - 8:34Det dei hadde til felles
-
8:34 - 8:36var ei kjensle av mot.
-
8:36 - 8:39Og eg vil gjerne skilje mot og tapperheit for dykk eit augeblikk.
-
8:39 - 8:41Mot, den opprinnelege definisjonen av mot,
-
8:41 - 8:43når det først kom inn i den engelske språket --
-
8:43 - 8:46kom frå ordet på latin cor, som tyder hjarte --
-
8:46 - 8:48og den opprinnelege definisjonen
-
8:48 - 8:51var å fortelje historia om kven du er med heile hjartet ditt.
-
8:51 - 8:53Og desse folka
-
8:53 - 8:55hadde, enkelt og greit, motet
-
8:55 - 8:57til å vere ufullkomne.
-
8:58 - 9:00Dei hadde medkjensla
-
9:00 - 9:03til å vere snille med seg sjølv først og så til andre,
-
9:03 - 9:06fordi, som det viser seg, kan me ikkje vise medkjensle for andre menneske
-
9:06 - 9:09viss me ikkje kan behandle oss sjølv godt.
-
9:09 - 9:11Og det siste var at dei hadde tilknyting,
-
9:11 - 9:13og -- det var den vanskelege delen --
-
9:13 - 9:16som eit resultat av autentisitet,
-
9:16 - 9:19dei var viljuge til å ikkje bry seg om kven dei trudde dei burde vere
-
9:19 - 9:21for å vere den dei var,
-
9:21 - 9:24noko du absolutt må gjere
-
9:24 - 9:26for tilknyting.
-
9:28 - 9:30Det andre dei hadde felles
-
9:30 - 9:32var dette:
-
9:35 - 9:38Dei omfamna sårbarheit fullstendig.
-
9:40 - 9:43Dei trudde
-
9:43 - 9:46at det som gjorde dei sårbare
-
9:46 - 9:48gjorde dei vakre.
-
9:50 - 9:52Dei snakka ikkje om sårbarheit
-
9:52 - 9:54med behag,
-
9:54 - 9:57og dei snakka heller ikkje om det med smerte --
-
9:57 - 9:59som eg hadde høyrt tidlegare i samband med skamintervjua.
-
9:59 - 10:02Snakka dei berre om det som noko naudsynt.
-
10:03 - 10:05Dei snakka om viljen
-
10:05 - 10:08til å sei: "Eg elskar deg" først.
-
10:08 - 10:11viljen
-
10:11 - 10:13til å gjere noko
-
10:13 - 10:16der det ikkje er nokon garantiar,
-
10:16 - 10:18viljen
-
10:18 - 10:20til å puste sjølv om dei venta på ein telefon frå legen
-
10:20 - 10:22etter mammografien.
-
10:23 - 10:26Dei var viljuge til å investere i eit forhald
-
10:26 - 10:29som kunne eller ikkje bli vellukka.
-
10:29 - 10:32Dei meinte at dette var grunnleggjande.
-
10:32 - 10:35Personleg tenkte eg det var eit svik.
-
10:35 - 10:38Eg kunne ikkje tru eg hadde forplikta meg til lojalitet
-
10:38 - 10:40til forskinga, der jobben vår --
-
10:40 - 10:42du veit, sjølve definisjonen på forsking
-
10:42 - 10:45er å kontrollere og forutsei, å studere fenomen,
-
10:45 - 10:47av den uttrykkelege grunnen
-
10:47 - 10:49å kontrollere og forutsei.
-
10:49 - 10:51Og no har oppdraget mitt om
-
10:51 - 10:53å kontrollere og forutsei
-
10:53 - 10:56fått svaret at måten å leve på er gjennom sårbarheit,
-
10:56 - 10:59og å slutte å kontrollere og forutsei.
-
10:59 - 11:02Dette førte til ein lite samanbrudd --
-
11:02 - 11:06(Latter)
-
11:06 - 11:09-- som egentlig såg meir sånn ut.
-
11:09 - 11:11(Latter)
-
11:11 - 11:13Og det gjorde det.
-
11:13 - 11:16I kallar det et samanbrot; terapeuten min kallar det åndeleg oppvaking.
-
11:17 - 11:19Åndeleg oppvaking lyder betre enn eit samanbrot,
-
11:19 - 11:21men eg kan forsikre dykk om at det var eit samanbrot.
-
11:21 - 11:23Og eg måtte legge vekk dataene og finne meg ein terapeut.
-
11:23 - 11:26La meg fortelje deg ein ting: du veit kven du er
-
11:26 - 11:29når du ringer venene dine og seier. "Eg trur eg må snakke med nokon.
-
11:29 - 11:32Har du nokon du kan tilrå?"
-
11:32 - 11:34Fordi rundt fem av venene min sa,
-
11:34 - 11:36"Oj. Eg ville ikkje vore terapeuten din."
-
11:36 - 11:39(Latter)
-
11:39 - 11:41Og eg spurte, "Kva tyder det?"
-
11:41 - 11:44Og dei svarer berre: "Eg berre nemner det, veit du.
-
11:44 - 11:46Ikkje ta med deg målestaven din."
-
11:46 - 11:49Og eg: "Okei."
-
11:51 - 11:53Så eg fann ei terapeut.
-
11:53 - 11:56På det første møtet mitt med henne, Diana --
-
11:56 - 11:58tok eg med meg lista mi
-
11:58 - 12:01over måten dei heilhjarta lever på og sette meg ned.
-
12:01 - 12:03Og ho sa, "Korleis er det med deg?"
-
12:03 - 12:06Og eg sa, "Eg har det topp. Eg er heilt okay."
-
12:06 - 12:08Ho sa, "Kva er det som skjer?"
-
12:08 - 12:11Og dette er ein terapeut som hjelper terapeutar.
-
12:11 - 12:13fordi me må gå til slike,
-
12:13 - 12:16fordi dei er gode på å avdekke tullprat.
-
12:16 - 12:18(Latter)
-
12:18 - 12:20Så eg sa,
-
12:20 - 12:22"Det som egentlig skjer er at eg strevar."
-
12:22 - 12:24Og ho sa, "Kva er det du strevar med?"
-
12:24 - 12:27Og eg sa, "Vel, eg har problem med sårbarheit.
-
12:27 - 12:30Og eg veit at sårbarheit er kjernen
-
12:30 - 12:32til skam og frykt
-
12:32 - 12:34og kampen vår for å vere verdfulle,
-
12:34 - 12:37men det viser seg òg at det er fødestaden
-
12:37 - 12:40til glede, til kreativitet,
-
12:40 - 12:42til tilhøyring, til kjærleik.
-
12:42 - 12:44Og eg trur eg har eit problem,
-
12:44 - 12:47og eg treng litt hjelp."
-
12:47 - 12:49Og eg sa, "Men vilkåret er:
-
12:49 - 12:51ikkje noko familiegreier.
-
12:51 - 12:53ikkje noko barndomsskit."
-
12:53 - 12:55(Latter)
-
12:55 - 12:58"Eg treng berre nokre strategiar."
-
12:58 - 13:02(Latter)
-
13:02 - 13:05(Applaus)
-
13:05 - 13:07Takk.
-
13:09 - 13:12Og ho held fram,
-
13:12 - 13:14(Latter)
-
13:14 - 13:17Og så sa eg, "Det er gale, er det ikkje?"
-
13:17 - 13:20Og ho sa, "Det er verken godt eller gale."
-
13:20 - 13:22(Latter)
-
13:22 - 13:24"Det er berre det det er."
-
13:24 - 13:27Og eg sa, "Herregud, dette kjem til å suge."
-
13:27 - 13:30(Latter)
-
13:30 - 13:32Og det gjorde det, og det gjorde det ikkje.
-
13:32 - 13:35Og det tok omlag eit år.
-
13:35 - 13:37Og du veit korleis desse folka er,
-
13:37 - 13:40når dei innser at sårbarheit og ømheit er viktig,
-
13:40 - 13:43så gir dei seg over og går rett inn i det.
-
13:43 - 13:45A: det er ikkje meg,
-
13:45 - 13:48og B: Eg er ikkje ein gong saman med slike menneske.
-
13:48 - 13:51(Latter)
-
13:51 - 13:54For meg var det eit års gatekamp.
-
13:54 - 13:56Det var ein boksekamp.
-
13:56 - 13:58Sårbarheita pressa seg på, og eg pressa tilbake.
-
13:58 - 14:01Eg tapte kampen,
-
14:01 - 14:03men vann truleg livet mitt tilbake.
-
14:03 - 14:05Og så gjekk eg tilbake til forskinga mi
-
14:05 - 14:07og brukte dei neste par åra
-
14:07 - 14:10på å verkeleg prøve å forstå dei heilhjarta,
-
14:10 - 14:12kva val dei tok,
-
14:12 - 14:14og kva dei gjorde
-
14:14 - 14:16med sårbarheita.
-
14:16 - 14:18Kvifor kjempar me så mykje mot den?
-
14:18 - 14:21Er eg åleine som kjempar mot sårbarheita?
-
14:21 - 14:23No.
-
14:23 - 14:25Og det var det eg lærte.
-
14:26 - 14:29Me gjer sårbarheita nummen --
-
14:29 - 14:31når me ventar på ein telefon.
-
14:31 - 14:33Det var morosamt, eg posta noko på Twitter og Facebook
-
14:33 - 14:35som seier, "Korleis vil du definere sårbarheit?
-
14:35 - 14:37Kva gjer at du føler sårbarheit?"
-
14:37 - 14:40Og på ein og ein halv time, hadde eg 150 svar.
-
14:40 - 14:42Fordi eg ville vite
-
14:42 - 14:44kva som var der ute.
-
14:45 - 14:47Å måtte spørre mannen min etter hjelp
-
14:47 - 14:50fordi eg er sjuk, og me er nygifte;
-
14:50 - 14:53å ta initiativ til sex med mannen min;
-
14:53 - 14:55å ta initiativ til sex med kona mi.
-
14:55 - 14:58å bli avvist; å be nokon ut;
-
14:58 - 15:00å vente på at legen skal ringe tilbake;
-
15:00 - 15:03å få sparken; å sparke folk --
-
15:03 - 15:05dette er verda vi lever i.
-
15:05 - 15:08Me lever i ei sårbar verd.
-
15:08 - 15:10Og ein måte å takle det på
-
15:10 - 15:12er å bedøve sårbarheita.
-
15:12 - 15:14Og eg trur det er bevismateriale --
-
15:14 - 15:16og det er ikkje den einaste grunnen til at dette beviset fins,
-
15:16 - 15:18men eg trur det er ein stor årsak --
-
15:18 - 15:22me er den vaksne generasjonen med mest gjeld,
-
15:22 - 15:25mest overvektige,
-
15:25 - 15:28avhengige og medisinerte
-
15:28 - 15:30i USA si historie.
-
15:33 - 15:36Dette problemet er -- og dette lærte eg frå forskinga --
-
15:36 - 15:39at du kan ikkje bedøve kjenslene på selektivt vis.
-
15:40 - 15:43Du kna ikkje sei, her er dei dårlege greiene.
-
15:43 - 15:45Her er sårbarheite, her er sorg, her er skam,
-
15:45 - 15:47her er frykt, her er nederlag.
-
15:47 - 15:49Eg vil ikkje føle på noko av dette.
-
15:49 - 15:52Eg tar meg eit par øl og ein banan- og nøttemuffins.
-
15:52 - 15:54(Latter)
-
15:54 - 15:56Eg vil ikkje føle på desse.
-
15:56 - 15:58Og eg veit det er gjenkjennande latter.
-
15:58 - 16:01Eg lever av å hacke meg inn i liva dykkar.
-
16:01 - 16:03Gud.
-
16:03 - 16:05(Latter)
-
16:05 - 16:08Du kan ikkje bedøve dei vonde kjenslene
-
16:08 - 16:10utan å bedøve og påvirke andre emosjonar.
-
16:10 - 16:12Du kan ikkje bedøve noko selektivt.
-
16:12 - 16:15Så når me bedøver dei kjenslene,
-
16:15 - 16:17bedøver me gleda.
-
16:17 - 16:19me bedøver takksemda,
-
16:19 - 16:21me bedøver lukka,
-
16:21 - 16:24Og så føler me oss elendige,
-
16:24 - 16:26og me ser etter mål og meining.
-
16:26 - 16:28og då føler me oss sårbare,
-
16:28 - 16:31så tar me eit par øl og ein banan- og nøttemuffins.
-
16:31 - 16:34Og det blir ein dårleg runddans.
-
16:36 - 16:39Ein av dei tinga eg trur me bør tenke på
-
16:39 - 16:41er kvifor og korleis me bedøver.
-
16:41 - 16:44Og det treng ikkje berre handle om å vere avhengig.
-
16:44 - 16:46Det andre me kan gjere
-
16:46 - 16:49er å gjere alt som er usikkert, sikkert.
-
16:50 - 16:53Religion har gått frå ei tru på tru og mystikk
-
16:53 - 16:55til visse.
-
16:55 - 16:58Eg har rett, du tek feil. Hald kjeft.
-
16:58 - 17:00Det er alt.
-
17:00 - 17:02Berre sikker.
-
17:02 - 17:04Jo reddare vi er, jo meir sårbare er vi,
-
17:04 - 17:06jo reddare er vi.
-
17:06 - 17:08Slik ser politikken ut i dag.
-
17:08 - 17:10Det fins ingen diskurs lenger.
-
17:10 - 17:12Det fins ikkje nokon samtale.
-
17:12 - 17:14Det fins berre skuld.
-
17:14 - 17:17Veit de korleis skuld blir skildra i forsking?
-
17:17 - 17:20Det er ein måte å fjerne smerte og ubehag på.
-
17:21 - 17:23Vi strebar mot det perfekte.
-
17:23 - 17:26Viss det er nokon som vil at livet deira skal sjå slik ut, er det eg,
-
17:26 - 17:28men det funkar ikkje.
-
17:28 - 17:30Fordi det me gjer er å fjerne feitt frå baken vår
-
17:30 - 17:32og putte det inn i kinna.
-
17:32 - 17:35(Latter)
-
17:35 - 17:37Eg håpar at om 100 år
-
17:37 - 17:39vil folk sjå tilbake og seie, "Wow."
-
17:39 - 17:41(Latter)
-
17:41 - 17:43Og det farligste vi kan gjere er å perfeksjonere
-
17:43 - 17:45borna våre.
-
17:45 - 17:47La me fortelje dykk kva me tenker om borna våre.
-
17:47 - 17:50Dei er skrudd saman for kamp når dei kjem hit.
-
17:50 - 17:53Og når du held dei perfekte små babyane i armane dine,
-
17:53 - 17:55er ikkje jobben vår å seie. "Sjå på ho, ho er perfekt.
-
17:55 - 17:57Jobben mi er berre å halde henne perfekt --
-
17:57 - 18:00vere sikker på at ho kjem med på tennislaget før ho går i femte og går på Yale i sjuande klasse."
-
18:00 - 18:02Det er ikkje jobben vår.
-
18:02 - 18:04Jobben vår er å sjå og seie,
-
18:04 - 18:07"Veit du kva? Du er ikkje perfekt, og du er skrudd saman for å kjempe,
-
18:07 - 18:09men du er verd kjærleik og tilhøyring."
-
18:09 - 18:11Det er jobben vår.
-
18:11 - 18:13Vis meg ein generasjon av barn som veks opp slik,
-
18:13 - 18:16og problema me ser i dag vil ta slutt.
-
18:16 - 18:20Vi latar som om det me gjer
-
18:20 - 18:23ikkje påvirkar folk.
-
18:23 - 18:25Vi gjer det i våre private liv.
-
18:25 - 18:27Me gjer det i yrkeslivet --
-
18:27 - 18:29om det handlar om økonomisk hjelp, ein oljelekkasje
-
18:29 - 18:31tilbaketrekking --
-
18:31 - 18:33vi latar som om det me gjer
-
18:33 - 18:36ikkje har ein enorm innverknad på andre menneske.
-
18:36 - 18:39Til bedrifter ville eg sagt: vi er ikkje naive, folkens.
-
18:40 - 18:42Vi har behov for at de er ekte og verkelege
-
18:42 - 18:44og seier, "Me beklagar.
-
18:44 - 18:47Me skal fikse det."
-
18:50 - 18:52Men det er òg ein annan vei, og eg vil avslutte med det.
-
18:52 - 18:54Her er det eg har funne ut:
-
18:54 - 18:56la dei sjå oss,
-
18:56 - 18:58på ein djup måte,
-
18:58 - 19:01med all sårbarheita vår;
-
19:01 - 19:03la oss elske med heile hjartene våre
-
19:03 - 19:05sjølv om me ikkje har nokon garanti --
-
19:05 - 19:07og det er verkeleg vanskelge,
-
19:07 - 19:10og eg kan fortelje deg som mor at det er ulideleg vanskeleg --
-
19:12 - 19:15å praktisere takksemd og glede
-
19:15 - 19:17i stunder av frykt,
-
19:17 - 19:19når me lurer, "Kan eg elske deg så mykje?
-
19:19 - 19:21Kan eg tru på dette så lidenskapeleg?
-
19:21 - 19:24Kan eg vere så voldsom i samband med dette?"
-
19:24 - 19:26berre å vere i stand til å stoppe og, i staden for å tenke at alt endar med katastrofe,
-
19:26 - 19:29seie, "Eg er berre så takksam,
-
19:29 - 19:32fordi å kjenne meg så sårbar tyder at eg lever."
-
19:33 - 19:36Og til slutt, noko eg trur kanskje er det viktigaste,
-
19:36 - 19:39er å tru at vi er nok.
-
19:39 - 19:41Fordi me jobbar frå ein plass,
-
19:41 - 19:44trur eg, som seier, "Eg er nok,"
-
19:45 - 19:48så sluttar me å skrike og byrjar å lytte,
-
19:49 - 19:51me er vennlegare og mildare til menneska rundt oss,
-
19:51 - 19:54og me er vennlegare og mildare til oss sjølve.
-
19:54 - 19:56Det er alt eg har. Takk.
-
19:56 - 19:59(Applaus)
- Title:
- Brene Brown: Krafta i å vere sårbar
- Speaker:
- Brené Brown
- Description:
-
Brene Brown studerer mennesklege forbindelsar -- vår evne til å vise empati, høyre til og elske. I eit gripande føredrag på TEDxHouston deler ho djup innsikt frå forskinga si som førte til ei personleg søking etter å kjenne seg sjølv og å forstå menneska. Eit føredrag som er verd å dele.
- Video Language:
- English
- Team:
- closed TED
- Project:
- TEDTalks
- Duration:
- 19:59
TED Translators admin approved Norwegian Nynorsk subtitles for The power of vulnerability | ||
TED Translators admin accepted Norwegian Nynorsk subtitles for The power of vulnerability | ||
Bente Teigen Gundersen edited Norwegian Nynorsk subtitles for The power of vulnerability | ||
Bente Teigen Gundersen added a translation |