Hans Rosling avdekkjer ny innsikt om fattigdom
-
0:00 - 0:02Eg fortalde dykk tre ting ifjor.
-
0:02 - 0:05Eg fortalde dykk at statistikkane i verda
-
0:05 - 0:08ikkje har vorte gjort tilgjengelege nok.
-
0:08 - 0:10Og grunna det, har vi framleis den gamle tenkemåten
-
0:10 - 0:13kring u-land og i-land, som er feil.
-
0:14 - 0:18Og at animert grafikk kan utgjere ein skilnad.
-
0:19 - 0:21Ting endrar seg.
-
0:21 - 0:25Og i dag, på heimesidene til FN sin statistikkdivisjon,
-
0:25 - 0:28vert det frå fyrste mai lova full tilgang til databasane.
-
0:30 - 0:33(Applaus)
-
0:33 - 0:37Og viss eg kan få dele biletet på skjermen med dykk.
-
0:38 - 0:39So tre ting har skjedd.
-
0:39 - 0:42FN opna statistikkdatabasane sine,
-
0:42 - 0:46og vi har ein ny versjon av programvara
-
0:46 - 0:48som ein betaversjon på internett,
-
0:48 - 0:50slik at du ikkje treng å laste det ned lenger.
-
0:51 - 0:53Og lat meg repetere kva de fekk sjå ifjor.
-
0:53 - 0:54Boblene er landa.
-
0:54 - 0:58Her har du fertilitetsraten -- antal born per kvinne --
-
0:58 - 1:01og der har du levealder i år.
-
1:02 - 1:05Dette er 1950 -- desse landa var I-land,
-
1:05 - 1:06desse var U-land.
-
1:06 - 1:08På den tida var det "oss" og "dei".
-
1:08 - 1:10Det var store skilnadar i verda.
-
1:10 - 1:14Men so endra det seg, og det heldt fram ganske bra.
-
1:14 - 1:15Og dette er kva som skjer.
-
1:16 - 1:19De ser at Kina er den store, raude bobla;
-
1:19 - 1:20den blå der er India.
-
1:20 - 1:23Og dei går over alt dette... Eg prøver å vere
-
1:23 - 1:25litt meir seriøs i år når eg syner dykk
-
1:25 - 1:27korleis ting verkeleg har endra seg.
-
1:28 - 1:31Og det er Afrika som skiljer seg ut som problemet her nede, er det ikkje?
-
1:31 - 1:34Framleis store familiar, og HIV-epidemien
-
1:34 - 1:36som heldt nede landa på denne måten.
-
1:36 - 1:39Dette er meir eller mindre det vi såg i fjor,
-
1:39 - 1:41og dette er korleis det vil fortsette inn i framtida.
-
1:42 - 1:44Og eg vil halde fram å snakke: er dette mogleg?
-
1:44 - 1:47For no forstår de at eg presenterte statistikkar som ikkje eksisterer.
-
1:48 - 1:50For dette er kvar vi er no.
-
1:50 - 1:53Er det mogleg at dette vil skje?
-
1:54 - 1:56Eg dekkjer levetida mi her, ikkje sant.
-
1:56 - 1:58Eg forventar å leve i 100 år.
-
1:58 - 2:00Og dette er kvar vi er idag.
-
2:00 - 2:07No: kunne vi sjå på den økonomiske situasjonen i verda i staden?
-
2:08 - 2:13Og eg vil gjerne syne det opp mot overlevingsrata for born.
-
2:13 - 2:14Vi skiftar om på aksene:
-
2:15 - 2:19her har du barnedødelegheita -- det vil seie, overlevinga --
-
2:19 - 2:21fire born døyr der, 200 døyr der.
-
2:22 - 2:24Og på denne aksa har vi BNP per hovud.
-
2:25 - 2:28Og dette var i 2007.
-
2:28 - 2:32Og om vi no går tilbake i tid, eg har lagt til nokre historiske statistikkar -
-
2:32 - 2:38sjå her, sjå her, sjå her -- ikkje so mykje statistikk for 100 år sidan.
-
2:38 - 2:40Nokre land hadde framleis statistikk.
-
2:40 - 2:42Vi ser ned i arkivet,
-
2:42 - 2:46og når vi er tilbake i 1820
-
2:46 - 2:50er det berre Austerrike og Sverige som kan produsere tal.
-
2:50 - 2:53(Latter)
-
2:53 - 2:57Men dei var her nede, dei hadde 1 000 dollar per person per år.
-
2:57 - 3:00Og dei mista ein femtedel av borna før deira fyrste bursdag.
-
3:01 - 3:04Dette er kva som skjer, dersom vi spelar av med heile verda.
-
3:04 - 3:07Korleis dei sakte vart rikare og rikare,
-
3:07 - 3:08og dei la til statistikkar.
-
3:08 - 3:10Er det ikkje vakkert når dei får statistikkar?
-
3:10 - 3:12Ser de viktigskapen i det?
-
3:12 - 3:14Og her, born lever ikkje lenger.
-
3:14 - 3:18Det siste hundreåret, 1870, var dårleg for born i Europa,
-
3:18 - 3:20for mesteparten av dette er statistikk frå Europa.
-
3:20 - 3:23Det var ikkje før ved århundreskiftet
-
3:23 - 3:26at meir enn 90 prosent av borna overlevde sitt fyrste år.
-
3:26 - 3:29Her kjem India på bana, med dei fyrste opplysingane derifrå.
-
3:29 - 3:34Og dette er USA som spring ifrå, tenar meir pengar.
-
3:34 - 3:39Og snart vil vi sjå Kina kome på bana oppe i hjørnet lengst borte her.
-
3:39 - 3:41Og landet går oppover ettersom Mao Tse-Tung betrar helsa,
-
3:41 - 3:42betrar ikkje økonomien like mykje.
-
3:42 - 3:45Der døydde han, so kjem Deng Xiaoping med pengar,
-
3:45 - 3:46og dei går bortover her.
-
3:47 - 3:49Og boblene fortset med å bevege seg oppover der,
-
3:49 - 3:51og dette er korleis verda ser ut idag.
-
3:51 - 3:57(Applaus)
-
3:57 - 4:00Lat oss ta ein kikk på USA.
-
4:00 - 4:03Vi har ein funksjon her -- eg kan seie til verda, "bli der du er".
-
4:04 - 4:07Og eg tek USA -- vi vil framleis sjå bakgrunnen --
-
4:07 - 4:10Og eg set dei opp slik, og no går vi bakover.
-
4:10 - 4:13Og vi kan sjå at USA
-
4:13 - 4:16held seg til høgre for hovudstraumen.
-
4:16 - 4:18Dei er på pengesida heile tida.
-
4:19 - 4:24Og tilbake i 1915 var USA nabo med India --
-
4:25 - 4:27dagens, samtidige India.
-
4:27 - 4:29Det betyr at USA var rikare,
-
4:29 - 4:33men mista fleire born enn India gjer i dag, proporsjonalt.
-
4:34 - 4:37Og sjå her -- samanlikna med Filippinane idag.
-
4:37 - 4:40Filippinane idag har nesten same økonomi
-
4:41 - 4:43som USA hadde under fyrste verdskrigen.
-
4:43 - 4:47Men vi må ta USA fram ein del år
-
4:47 - 4:50for å finne den same helsestandarden i USA
-
4:50 - 4:51som vi har på Filippinane.
-
4:52 - 4:55Cirka 1957, og vi ser at helsa i USA
-
4:55 - 4:57er den same som Filippinane si.
-
4:57 - 5:00Og dette er problemet i denne verda som mange kallar globalisert,
-
5:00 - 5:03at Asia, dei arabiske landa, Latin-Amerika,
-
5:03 - 5:08er langt lenger framme i det å vere friske, utdanna,
-
5:08 - 5:11å ha menneskelege ressursar enn dei er økonomisk.
-
5:11 - 5:13Der er ein enorm skilnad i det som skjer idag
-
5:13 - 5:15i dei utviklande økonomiane.
-
5:15 - 5:19Vi ser at dei sosiale goda og den sosiale framgangen
-
5:19 - 5:22er sterkare enn den økonomiske framgangen.
-
5:22 - 5:28Og i 1957 hadde USA den same økonomien som Chile har idag.
-
5:29 - 5:32Og kor langt må vi ta USA i tid,
-
5:32 - 5:34for å få den same helsestandarden som Chile har idag?
-
5:35 - 5:40Eg trur vi må gå hit -- 2001 eller 2002 --
-
5:40 - 5:42for at USA skal ha same helsestandard som Chile.
-
5:42 - 5:43Chile kjem etter!
-
5:44 - 5:46Om kun få år kan Chile ha betre overlevingsrate blant born
-
5:46 - 5:48enn USA har.
-
5:48 - 5:51Dette er verkeleg ei forandring, at du har dette etterslenget
-
5:51 - 5:56på meir eller mindre 30-40 år skilnad på helsestandarden.
-
5:56 - 5:58Og bak helsestandarden er utdanningsnivået.
-
5:58 - 6:00Og det er mange infrastrukturelle ting,
-
6:00 - 6:03og menneskelege ressursar generelt.
-
6:03 - 6:06No kan vi fjerne dette --
-
6:06 - 6:10og eg vil gjerne vise farta
-
6:10 - 6:13på skilnaden, kor raskt dei har utvikla seg.
-
6:13 - 6:20Og vi går tilbake til 1920, og eg vil sjå på Japan.
-
6:21 - 6:24Og eg vil sjå på Sverige og USA.
-
6:24 - 6:26Og eg skal sette opp eit kappløp her.
-
6:26 - 6:29mellom denne gulaktige Forden her
-
6:29 - 6:31og den raude Toyotaen her nede,
-
6:31 - 6:33og den brunaktige Volvoen.
-
6:33 - 6:35(Latter)
-
6:35 - 6:37Og sjå her, sjå her!
-
6:37 - 6:40Toyotaen har ein veldig dårleg start her nede, det ser vi,
-
6:40 - 6:43og Forden frå USA køyrar ute i skogen der.
-
6:43 - 6:44Og Volvoen klarar seg rimeleg bra.
-
6:44 - 6:46Her er krigen. Toyotaen køyrde litt av vegen, og no
-
6:46 - 6:49kjem han opp på den sunnare sida av Sverige --
-
6:49 - 6:50ser de det?
-
6:50 - 6:51Og dei går forbi Sverige,
-
6:51 - 6:53dei er no sunnare enn Sverige.
-
6:53 - 6:55Det var cirka då eg selde Volvoen og kjøpte Toyota.
-
6:55 - 6:58(Latter)
-
6:58 - 7:02Og no kan vi sjå at endringsrata var enorm i Japan.
-
7:02 - 7:04Dei tok verkeleg innpå.
-
7:04 - 7:06Og dette endrar seg gradvis.
-
7:06 - 7:09Vi må sjå på det over fleire generasjonar for å forstå det.
-
7:09 - 7:14Og lat meg vise min eiga form for familiehistorie --
-
7:14 - 7:16vi har laga desse grafane her.
-
7:16 - 7:20Og det er det same som før, pengar her nede, og helsa, ikkje sant?
-
7:20 - 7:22Og dette er familien min.
-
7:23 - 7:27Her er Sverige i 1830, då tippoldemora mi vart fødd.
-
7:28 - 7:30Sverige var slik som Sierra Leone er idag.
-
7:31 - 7:34Og dette er då oldemor mi vart fødd, i 1863.
-
7:35 - 7:37Og Sverige var som Mosambik.
-
7:37 - 7:39Og dette er då bestemor mi vart fødd, i 1891.
-
7:39 - 7:41Ho tok vare på meg som liten,
-
7:41 - 7:43so eg snakkar ikkje om statistikk no --
-
7:43 - 7:45no er det muntleg historie i familien.
-
7:46 - 7:47Det er då eg byrjar å tru på statistikk,
-
7:47 - 7:50når det er bestemor-verifisert statistikk.
-
7:50 - 7:53(Latter)
-
7:53 - 7:56Eg trur det er den beste måten å verifisere historiske statistikkar på.
-
7:56 - 7:57Sverige var slik som Ghana.
-
7:57 - 8:00Det er interessant å sjå den enorme skilnaden
-
8:00 - 8:02innad i Afrika sør for Sahara.
-
8:03 - 8:05Eg sa det i fjor, eg seier det i år igjen,
-
8:05 - 8:08mora mi vart fødd i Egypt, og eg -- kven er eg?
-
8:08 - 8:09Eg er meksikanaren i familien.
-
8:10 - 8:12Og dottera mi, ho vart fødd i Chile,
-
8:12 - 8:14og dottera hennar vart fødd i Singapore,
-
8:14 - 8:16som idag er det sunnaste landet på jorda.
-
8:16 - 8:18Det gjekk forbi Sverige for to-tre år sidan,
-
8:18 - 8:20med betre barnehelse.
-
8:20 - 8:21Men de veit, dei er so små der borte.
-
8:21 - 8:23Dei er so nære sjukehusa, vi kan aldri
-
8:23 - 8:24slå dei ute i skogane vi har.
-
8:24 - 8:27(Latter)
-
8:27 - 8:28Men all ros til Singapore!
-
8:28 - 8:30Singapore er best i verda, no.
-
8:30 - 8:34No ser dette ut som ei svært lys og god historie.
-
8:34 - 8:38Men det er verkeleg ikkje så lett, at alt er ei solkinshistorie.
-
8:38 - 8:41For eg må vise fram ein annan applikasjon.
-
8:41 - 8:46Vi kan også la fargen her representere variablen --
-
8:46 - 8:47og kva vel eg her?
-
8:47 - 8:51Utslepp av karbondioksid, tonn per innbyggjar.
-
8:52 - 8:57Dette er 1962, og USA slapp ut 16 tonn per person.
-
8:57 - 8:59Kina slapp ut 0,6,
-
8:59 - 9:03og India slapp ut 0,32 tonn per innbyggjar.
-
9:03 - 9:06Og kva skjer når vi går fram i tid?
-
9:06 - 9:08Vel, du ser den vakre historia om å verte rikare
-
9:08 - 9:09og verte sunnare --
-
9:09 - 9:14alle saman gjorde det på kostnad av utsleppa av karbondioksid.
-
9:14 - 9:17Det er ingen som har unngått det so langt.
-
9:17 - 9:20Og vi har ikkje fullt oppdaterte data lenger,
-
9:20 - 9:23fordi dette er ømfintlege data i dag.
-
9:23 - 9:25Og der er vi, 2001.
-
9:26 - 9:30Og i diskusjonen eg deltok i med globale leiarar,
-
9:30 - 9:34sa mange at problemet idag er dei utviklande økonomiane,
-
9:34 - 9:37dei slepp ut for mykje karbondioksid.
-
9:37 - 9:39Miljøministeren i India svarte,
-
9:39 - 9:42"Vel, det var de som skapte problemet."
-
9:42 - 9:45OECD-landa -- landa med høgast inntening --
-
9:45 - 9:47det var dei som skapte klimaforandringane.
-
9:48 - 9:50"Men vi tilgjev dykk, for de visste ikkje det.
-
9:50 - 9:53Men frå no av tel vi per innbyggjar.
-
9:53 - 9:55Frå no av tel vi per innbyggjar.
-
9:55 - 9:58Og alle er ansvarlege for sitt eige utslepp per person."
-
9:58 - 10:01Dette fortel at vi ikkje kan finne nokon økomisk
-
10:01 - 10:03og helsemessig framgang nokon stad i verda
-
10:03 - 10:07utan å øydeleggje klimaet.
-
10:08 - 10:10Og det er dette som verkeleg må endre seg.
-
10:11 - 10:14Eg har vorte kritisert for å vise eit for positivt bilete av verda,
-
10:14 - 10:16men eg trur ikkje det er akkurat slik.
-
10:16 - 10:18Jorda er ein ganske rotete stad.
-
10:18 - 10:20Dette kan vi kalle dollargata.
-
10:20 - 10:22Alle menneska på jorda bur på denne gata.
-
10:22 - 10:25Kva dei tenar -- kva nummer dei bur i --
-
10:25 - 10:26er kor mykje dei tenar per dag.
-
10:26 - 10:29Denne familia tenar kring ein dollar dagen.
-
10:30 - 10:31Vi køyrer opp gata her,
-
10:31 - 10:35og vi finn ein familie som tenar kring to-tre dollar per dag.
-
10:35 - 10:38Og vi køyrer på -- vi finn den fyrste hagen i gata her,
-
10:38 - 10:40og dei tener 10 til 50 dollar om dagen.
-
10:40 - 10:42Og korleis bur dei?
-
10:42 - 10:45Om vi ser på senga her, ser vi
-
10:45 - 10:48at dei søv på eit teppe på golvet.
-
10:48 - 10:50Dette er kva fattigdomsgrensa er --
-
10:50 - 10:5380 prosent av familieinntekta er akkurat nok til å dekke energibehovet,
-
10:53 - 10:55maten den dagen.
-
10:55 - 10:58Dette er to til fem dollar, du har ei seng.
-
10:58 - 11:00Og det er eit mykje finare soverom, som de ser.
-
11:01 - 11:03Eg underviste om dette for Ikea, og dei ville sjølvsagt
-
11:03 - 11:05sjå sofaen med ein gong.
-
11:05 - 11:07(Latter)
-
11:07 - 11:11Og dette er sofaen, korleis den ser ut der.
-
11:11 - 11:14Og det interessante er at når du bevegar deg rundt i panoramavising,
-
11:14 - 11:16ser du framleis familien sitjande på golvet der,
-
11:16 - 11:18sjølv om dei har ein sofa.
-
11:18 - 11:20Om du ser inn på kjøkenet, ser du at
-
11:20 - 11:25den store skilnaden for kvinner kjem ikkje mellom ein til ti dollar dagen.
-
11:25 - 11:27Du må over det, før du verkeleg kan få
-
11:27 - 11:30gode arbeidsforhold i familien.
-
11:30 - 11:32Og om du verkeleg vil sjå skilnaden,
-
11:32 - 11:34så ser du på toalettet.
-
11:34 - 11:36Dette kan endrast på.
-
11:36 - 11:39Dette er bilder frå Afrika åleine,
-
11:39 - 11:41og det kan verte mykje betre.
-
11:42 - 11:44Vi kan kome oss ut av fattigdom.
-
11:44 - 11:47Mi eiga forsking har ikkje vore innan IT eller noko slikt.
-
11:47 - 11:50Eg brukte 20 år på å intervjue afrikanske gardbrukarar
-
11:50 - 11:53som var på grensa til ein hungersnaud.
-
11:53 - 11:55Og dette er resultatet av forsking på behov innan landbruket.
-
11:55 - 11:57Det beste med biletet er at du ikkje kan sjå
-
11:57 - 11:59kven som er forskarane i biletet.
-
11:59 - 12:02Det er då forsking fungerer i fattige samfunn --
-
12:02 - 12:04du må verkeleg leve med folket.
-
12:06 - 12:10Når du er i fattigdom, handlar alt om å overleve.
-
12:10 - 12:12Om å ha mat.
-
12:12 - 12:14Og desse to unge gardbrukarane, dei er ungdomar no --
-
12:14 - 12:18sidan foreldra døydde av HIV og AIDS --
-
12:18 - 12:20dei diskuterer med ein utdanna agronom.
-
12:20 - 12:24Dette er ein av dei beste agronomane i Malawai, Junatambe Kumbira,
-
12:24 - 12:26og han diskuterer kva slags kassava dei skal plante --
-
12:26 - 12:30den beste omdannaren av solskin til mat som menneska veit om.
-
12:30 - 12:33Og dei er særs, særs interesserte i å få råd.
-
12:33 - 12:36Og det er å overleve i fattigdom.
-
12:36 - 12:37Det er ein kontekst.
-
12:37 - 12:39Å kome seg ut av fattigdom...
-
12:39 - 12:42Kvinnene fortalte oss ein ting: "Skaff oss teknologi.
-
12:42 - 12:45Vi hatar denne morteren, å stå i timevis...
-
12:45 - 12:48Skaff oss ei mølle, slik at vi kan kverne kornet,
-
12:48 - 12:51so kan vi vere i stand til å betale for resten sjølve."
-
12:51 - 12:54Teknologi får deg ut av fattigdom,
-
12:54 - 12:58men det fins et behov for ein marknad for å kome seg vekk frå fattigdom.
-
12:58 - 13:01Og denne kvinna er svært glad når ho tek med produkta sine til marknaden.
-
13:01 - 13:03Men ho er særs takksam for den statlege investeringa i skuleverket
-
13:03 - 13:06slik at ho kan telle, og ikkje vil bli lurt når ho kjem til marknaden.
-
13:06 - 13:09Ho vil at ungen hennar skal vere frisk, slik at ho kan gå på markedet
-
13:09 - 13:11og ikkje treng å vere heime
-
13:11 - 13:14Og ho vil gjerne ha infrastrukturen i orden -- det er kjekt med asfalt
-
13:14 - 13:16Det er også bra med kreditt.
-
13:16 - 13:19Mikro-lån gav henne sykkelen, ikkje sant.
-
13:19 - 13:22Og informasjon vil fortelle henne når ho skal gå på markedet med kva produkt.
-
13:22 - 13:24Vi kan gjere dette.
-
13:24 - 13:27Etter 20 års erfaring i Afrika ser eg at
-
13:27 - 13:30det tilsynelatande umoglege er mogleg.
-
13:30 - 13:32Afrika har ikkje gjort det dårleg.
-
13:32 - 13:35På 50 år har dei gått frå ein før-middelaldersk situasjon
-
13:35 - 13:38til eit akseptabelt Europa for 100 år sidan,
-
13:38 - 13:41med eit fungerande styresett.
-
13:41 - 13:44Eg vil seie at Afrika sør for Sahara har gjort det best i verda
-
13:44 - 13:45i løpet av dei siste 50 åra.
-
13:45 - 13:47Fordi vi ikkje tek med i betrakninga kvar dei kom ifrå.
-
13:47 - 13:50Omgrepet utviklingsland er meiningslaust.
-
13:50 - 13:53som set oss, Argentina og Mosambik ilag for 50 år sidan,
-
13:53 - 13:55og som seier at Mosambik gjorde det dårlegast.
-
13:56 - 13:58Vi må vite litt meir om verda.
-
13:58 - 14:01Eg har ein nabo som kjenner 200 typar vin.
-
14:01 - 14:02Han veit alt.
-
14:02 - 14:04Han veit namnet på drua, temperaturen og allting.
-
14:04 - 14:07Eg kjenner berre to typar vin -- raud og kvit.
-
14:07 - 14:09(Latter)
-
14:09 - 14:11Men naboen min veit berre om to typar land --
-
14:11 - 14:13i-land og u-land.
-
14:13 - 14:16Og eg kjenner 200, eg har dei små opplysingane.
-
14:16 - 14:17Men vi kan gjere dette.
-
14:17 - 14:22(Applause)
-
14:22 - 14:24Men eg må verte seriøs. Og korleis vert ein seriøs?
-
14:24 - 14:26Du lagar ein PowerPoint.
-
14:26 - 14:31(Latter)
-
14:31 - 14:33Hyllest til Office-pakken, eller kva?
-
14:35 - 14:37Så, kva er det, kva er det eg vil seie?
-
14:37 - 14:40Eg seier at det fins fleire dimensjonar innan utvikling.
-
14:40 - 14:42Alle har sin kjæledegge.
-
14:42 - 14:45Om du er i finanssektoren, elskar du mikrokreditt.
-
14:45 - 14:47Om du kjempar i ein ikkje-statleg organisasjon,
-
14:47 - 14:50elskar du likskap mellom kjønn.
-
14:50 - 14:52Om du er lærar, elskar du UNESCO, og so vidare.
-
14:52 - 14:54På det globale planet må vi derimot ha meir enn berre vår eigen ting.
-
14:54 - 14:56Vi treng alt.
-
14:56 - 14:58Alle desse tinga er viktige for utviklinga,
-
14:58 - 15:00særleg når du akkurat har kome ut av fattigdomen
-
15:00 - 15:03og du skal bevege deg mot velferd.
-
15:03 - 15:05Det vi treng å tenke på er,
-
15:05 - 15:08kva er måla for utvikling,
-
15:08 - 15:09og kva er midla for utvikling?
-
15:09 - 15:12Lat meg fyrst gradere dei viktigaste midla.
-
15:13 - 15:15Økonomisk vekst er for meg, som allmennhelseprofessor,
-
15:15 - 15:19det viktigaste for utviklinga,
-
15:19 - 15:21fordi det forklarar 80 prosent av overlevinga.
-
15:22 - 15:25Styresett. Å ha eit styresett som fungerar --
-
15:25 - 15:29det er det som fekk California ut av uføret i 1850.
-
15:29 - 15:32Det var regjeringa som fekk lovene til å endeleg fungere.
-
15:33 - 15:35Utdanning, menneskelege ressursar er viktig.
-
15:35 - 15:39Helse er og viktig, men ikkje like mykje som middel.
-
15:39 - 15:41Miljø er uviktig.
-
15:41 - 15:43Menneskerettar er og viktig, men det får berre eitt kryss.
-
15:43 - 15:46No, kva med måla? Kvar går vi hen`?
-
15:46 - 15:48Vi er ikkje interesserte i pengar.
-
15:48 - 15:49Pengar er ikkje eit mål.
-
15:49 - 15:52Det er det beste middelet, men eg gir det null som mål.
-
15:53 - 15:56Styresett? Vel, det er moro å stemme innimellom,
-
15:56 - 15:58men det er ikkje eit mål.
-
15:58 - 16:02Å gå på skule, det er ikkje eit mål, det er eit verkemiddel.
-
16:02 - 16:04Eg gir helse to poeng. Eg meinar, det er kjekt å vere frisk.
-
16:04 - 16:06--- spesielt i min alder -- å kunne stå her, å vere frisk.
-
16:06 - 16:08Og det er positivt, det får to plussteikn.
-
16:08 - 16:10Miljøet er veldig, veldig viktig.
-
16:10 - 16:12Det fins ingenting for borneborna om du ikkje tek vare på det.
-
16:12 - 16:14Men kva er dei viktigaste måla?
-
16:14 - 16:16Sjølvsagt er det menneskerettar!
-
16:16 - 16:18Menneskerettar er målet,
-
16:18 - 16:21men det er ikkje eit like sterkt verkemiddel for å oppnå utvikling.
-
16:22 - 16:26Og kultur. Kultur er det viktigaste av alt, vil eg seie,
-
16:26 - 16:28for det er det som gir glede til livet.
-
16:28 - 16:30Det er verdien i å leve.
-
16:30 - 16:33Slik at det tilsynelatande umoglege blir mogleg.
-
16:33 - 16:35Sjølv afrikanske land kan oppnå dette.
-
16:36 - 16:42Og eg har vist dykk bileta der det tilsynelatande umoglege er mogleg.
-
16:42 - 16:46Og hugs, ver so snill, hugs hovudbeskjeden min
-
16:46 - 16:49som er denne: Det tilsynelatande umoglege er mogleg.
-
16:49 - 16:51Vi kan ha ei verd som er god.
-
16:51 - 16:54Eg synte det til dykk i bileta, eg beviste det i PowerPointen,
-
16:54 - 17:00og eg trur at eg og vil overbevise dykk gjennom kultur.
-
17:00 - 17:04(Latter)
-
17:04 - 17:05(Applaus)
-
17:05 - 17:07Gje meg sverdet mitt!
-
17:11 - 17:16Sverdsluking kjem frå det gamle India.
-
17:16 - 17:21Det er eit kulturelt uttrykk som gjennom tusenvis av år
-
17:21 - 17:27har inspirert menneske til å tenke forbi det openberre.
-
17:27 - 17:29(Latter)
-
17:29 - 17:34Og eg skal bevise for dykk at det tilsynelatande umoglege er mogleg
-
17:34 - 17:37ved å ta dette stykket stål -- solid stål --
-
17:38 - 17:41dette er armébajonetten frå den svenske arméen i 1850,
-
17:41 - 17:43det siste året vi hadde krig.
-
17:44 - 17:47Og det er solid stål -- berre høyr her.
-
17:47 - 17:53Og eg kjem til å ta dette stålbladet,
-
17:53 - 17:58og stikke det ned gjennom kroppen min av kjøt og blod,
-
17:58 - 18:02og bevise for dykk at det tilsynelatande umoglege er mogleg.
-
18:03 - 18:07Kan eg få be om ein augneblink med total stille?
-
18:18 - 18:40(Applaus)
- Title:
- Hans Rosling avdekkjer ny innsikt om fattigdom
- Speaker:
- Hans Rosling
- Description:
-
more » « less
Forskar Hans Rosling brukar underhaldande dataverkty til å vise korleis land dreg seg sjølve ut av fattigdom. Han demonstrerar mellom anna Dollar Street, som samanliknar hushaldningar med varierande inntekt over heile verda. So gjer han noko verkeleg forbløffande.
- Video Language:
- English
- Team:
closed TED
- Project:
- TEDTalks
- Duration:
- 18:40