Storm av Tim Minchin
-
0:15 - 0:17Inst i Nord-London, øvste toppetasje
-
0:17 - 0:20Alt er kvitt, verdig ei Bonytt-reportasje
-
0:20 - 0:22Rispapir-romdelarar
-
0:24 - 0:25Verten er ein lege,
-
0:25 - 0:27Real kar, driv ein praksis privat
-
0:27 - 0:28Kjærasten hans er skodespelar
-
0:28 - 0:29Ei veninne frå min heimstad
-
0:29 - 0:31Og det er alltid koseleg hjå dei,
-
0:31 - 0:33så me har komt til middag.
-
0:35 - 0:37Den femte gjesten er ukjend,
-
0:37 - 0:39Vertskapet har hivd oss saman som ei teneste
-
0:39 - 0:41Jenta er nettopp ankome frå Australia
-
0:41 - 0:43har flytta til Nord-London
-
0:43 - 0:44Og ho er nokon si syster,
-
0:44 - 0:46eller ei anna svak forbindelse
-
0:46 - 0:48Etter kvart som me vert introdusert
-
0:48 - 0:50er eg slått av hennar skjønnheit
-
0:50 - 0:51Ho er ugjendriveleg vakker
-
0:51 - 0:53Mørke augo, mørkt hår
-
0:53 - 0:55Men medan me sit der
-
0:55 - 0:57Merkar eg at eg vert skeptisk
-
0:57 - 0:59Fordi eg kan sjå hovudet til ein alv
-
0:59 - 1:01tatovert på det populære området
-
1:01 - 1:03Du veit, like over høgre rumpeball
-
1:03 - 1:05Og når ho seier: «Eg er Skytten»
-
1:05 - 1:08Har eg allereie danna ein samlesekk
-
1:08 - 1:10Og strien vert straks strammare
-
1:10 - 1:14Når ho seier ho heiter Storm
-
1:15 - 1:18Praten går i utgangspunktet lett om laust og fast
-
1:18 - 1:20Men det er ikkje lenge før Storm er i gang
-
1:20 - 1:22«Du kan ikkje vite noko,
-
1:22 - 1:24kunnskap er berre meiningar,»
-
1:24 - 1:27meiner ho over glaset med Baco Noir
-
1:27 - 1:28Tvers over bordet
-
1:28 - 1:29Som eit svar
-
1:29 - 1:32Til min alldeles empiriske kommentar.
-
1:32 - 1:33«Det var ikkje den beste starten»
-
1:33 - 1:35Me har ikkje ein gong byrja med maten
-
1:35 - 1:36Og på andre sida av bordet, mi kone
-
1:36 - 1:38Hevar augebryna
-
1:38 - 1:40i ei lydlaus bøn, «ver snill?»
-
1:40 - 1:41Ei ekteskapelet åtvaring
-
1:41 - 1:42Ikkje verdt å gjere ho ill
-
1:42 - 1:44Så eg motstår trangen til å spørje Storm
-
1:44 - 1:46om kunnskap er så laust vevd
-
1:46 - 1:47at ho ein morgon
-
1:47 - 1:49kan forlate leilegheita
-
1:49 - 1:51gjennom inngangsdøra
-
1:51 - 1:54eller ut andreetasje svevd.
-
1:55 - 1:57Maten er deileg og Storm
-
1:57 - 1:58Sjølv om ho unngår alt kjøt
-
1:58 - 2:00sit stille og et
-
2:00 - 2:02Medan den gode lege, litt brisen
-
2:02 - 2:07Held hoff på anakronistiske aspekt ved medisinhistoria
-
2:07 - 2:10Då bryt Storm plutseleg ut
-
2:10 - 2:11«Den menneskelege kroppen er eit mysterium,
-
2:11 - 2:13vitskapen hinkar, snublar og fell
-
2:13 - 2:17når dei prøver å forklare djupna i den menneskelege sjel»
-
2:17 - 2:19Vertinna kastar eit blikk i mi retning
-
2:19 - 2:21Ho, som mi kone veit at eg
-
2:21 - 2:24er på veg inn i ei krass beretning
-
2:24 - 2:25Men mine lepper er forsegla
-
2:25 - 2:27Eg vil nyte mitt måltid
-
2:27 - 2:30Og sjølv om Storm stryk meg mot håra
-
2:30 - 2:32er det ikkje i mi interesse å vogge på båten
-
2:32 - 2:34Trass i at det er litt av ein kamp.
-
2:34 - 2:36Fordi — som hennar meteorologiske namnebror —
-
2:36 - 2:39har ikkje Storm bekymringar for båten vår
-
2:39 - 2:41«Farmasøyter er fienden.
-
2:41 - 2:43Dei fremjer narko-avhengigheit
-
2:43 - 2:45på bekostning av naturlege remedier
-
2:45 - 2:47som er alt kroppen vår treng.
-
2:47 - 2:49Dei er umoralske og drivne av pengar.
-
2:49 - 2:50Kvifor ta dop
-
2:50 - 2:51når urter løyser det?
-
2:51 - 2:53Kvifor bruke kjemikalier
-
2:53 - 2:54når homeopatiske oppløsningar
-
2:54 - 2:55oppløyser problemet?
-
2:55 - 2:57Det er på tide at me går attende til liv
-
2:57 - 2:58Med naturlege medisinske alternativ."
-
2:58 - 3:01Og uansett kor hardt eg held på mi hemning
-
3:01 - 3:03Ein aldri så liten sprekk oppstår
-
3:03 - 3:04i mi diplomatiske demning
-
3:06 - 3:08«Per definisjon,» startar eg
-
3:08 - 3:10«har alternativ medisin,» fortset eg
-
3:10 - 3:12«enten ikkje blitt bevist å fungere,
-
3:12 - 3:15eller vist seg å ikkje fungere.
-
3:15 - 3:17Veit du kva dei kallar alternativ medisin
-
3:17 - 3:19som fungerar?
-
3:19 - 3:21Medisin.»
-
3:22 - 3:23«Så du trur ikkje
-
3:23 - 3:24på NOKRE naturlege medisinar?»
-
3:24 - 3:25«Faktisk tvert i mot, Storm!
-
3:25 - 3:27Før me kom til te
-
3:27 - 3:28Tok eg eit naturleg middel
-
3:28 - 3:30frå barken frå piletreet.
-
3:30 - 3:33Eit smertestillande middel, omtrent utan biverknad
-
3:33 - 3:34Det har eit merkeleg namn
-
3:34 - 3:36Kjære, kva var det igjen?
-
3:36 - 3:37Maspirin?
-
3:37 - 3:38Baspirin?
-
3:38 - 3:39Åja! Aspirin!
-
3:39 - 3:40Som eg betalte ca. ein femtilapp for
-
3:40 - 3:43På mitt lokale apotek.
-
3:43 - 3:44Debatten avtar kort deretter
-
3:44 - 3:46Medan vertane samlar asjetter
-
3:46 - 3:47Men når dei kjem attende med desserten
-
3:47 - 3:49Tiltek Storm ferden
-
3:49 - 3:50«Shakespeare sa det først:
-
3:50 - 3:52Det er fleire ting mellom himmel og jord
-
3:52 - 3:54enn det som eksisterar i dine filosofiar…
-
3:54 - 3:57Vitskap er berre slik me er opplært til å sjå røynda
-
3:57 - 4:01Det forklarar ikkje kjærleik eller ånda.
-
4:01 - 4:03Korleis forklarar vitskap dei synske?
-
4:03 - 4:06Auraer? Det hinsidige? Bønas kraft?
-
4:06 - 4:07Eg finn meg sjølv
-
4:07 - 4:08Stirande
-
4:08 - 4:10Som ein kanin plutseleg stansa
-
4:10 - 4:13I flomlyset frå ei mengd infatil slam
-
4:13 - 4:16Om det er fordi ho feilsiterer Hamlet
-
4:16 - 4:18Eller åtte glas raudvin som i bakhovudet skramlet
-
4:18 - 4:20Men mi diplomatiske demning stønner
-
4:20 - 4:23Og rævholet i meg drønner
-
4:23 - 4:24Det kan ikkje bli holdt tilbake lenger:
-
4:24 - 4:26«Altså, Storm, eg meiner ikkje å stura
-
4:26 - 4:28Men det finst ikkje noko slikt som ein aura!
-
4:28 - 4:30Å lese auraer er som å lese tankar.
-
4:30 - 4:34Eller stjerneteikn, teblader eller ki-kanalar.
-
4:34 - 4:35Desse menneska yter ikkje eit yrke.
-
4:35 - 4:37Anten så lyg dei, eller så er det mentalt sjuke.
-
4:37 - 4:41Det same gjeld dei som hevdar å høyre Gud
-
4:44 - 4:45Forresten,
-
4:45 - 4:46Kvifor er det OK
-
4:46 - 4:47Å late som at ein kan snakke med dei døde?
-
4:47 - 4:50Er ikkje det jævlig sjukt i hovudet?
-
4:50 - 4:54Å ljuge for ei gråtande kvinne som har mista ein liten
-
4:54 - 4:56Og fortelje at du kan kontakte han frå hinsiden?
-
4:56 - 4:58Det er berre grunnleggjande lynsk.
-
4:58 - 5:02Må me verkeleg framleis avkrefte at det finst folk som er synsk?
-
5:02 - 5:04Har me endå ikkje komt over den bøygen,
-
5:04 - 5:06trur me framleis på trollet og draugen?
-
5:06 - 5:09Trur du framleis at nissen gir oss gåver?
-
5:09 - 5:11At Micheal Jackson ikkje hadde ein magisk makeover?
-
5:11 - 5:13Er me så lamslått av simpel trylling
-
5:13 - 5:15At me trur dei døde sin ønskereprise
-
5:15 - 5:16er å preike skit med ein jævla skrulling
-
5:16 - 5:18som vår eiga vesle Märtha-Louise?
-
5:19 - 5:21Til trass for mitt hån
-
5:21 - 5:24Fyrer Storm av klisjéar med imponerande presisjon
-
5:24 - 5:27Som ein snikskytar som brukar skitpreik som ammunisjon.
-
5:27 - 5:30«Du er si sikker i din sak
-
5:30 - 5:32Men du er berre sneversynt.
-
5:32 - 5:33Snart vil du sjå
-
5:33 - 5:35at di tru på vitskap og testar
-
5:35 - 5:36er like blind
-
5:36 - 5:39som hjå alle andre fundamentalistar»
-
5:40 - 5:42«Hm, godt poeng, lat meg tenkje litt.
-
5:42 - 5:45Ah, vent, min feil, rein og skjer bullshit!
-
5:46 - 5:51Vitskap justerar trua basert på kva som er observert.
-
5:51 - 5:55Tru er fornektinga av observasjon, slik at trua er konservert.
-
5:55 - 5:56Om du kan vise meg
-
5:56 - 5:58At homøpati fungerar,
-
5:58 - 6:00Då skal eg endre mi føring
-
6:00 - 6:02Snu på ein jævla femøring.
-
6:02 - 6:03Eg vert flau som faen,
-
6:03 - 6:05men skal springe gjennom gatene og rope
-
6:05 - 6:08Det er eit mirakel! Moderne fysikk er søppel!t
-
6:08 - 6:10Vatn har hukommelse!
-
6:10 - 6:14Og medan det alltid kan hugse ein løkjus-dæsj
-
6:14 - 6:16Gløymer det augneblinkeleg tonnevis med bæsj!
-
6:16 - 6:19Vis meg at det verker, og kvifor det verker
-
6:19 - 6:20Så skal eg — når eg er attende frå den sjokkprega fasen —
-
6:20 - 6:23Risse VISST FAEN midt i rassen!»
-
6:25 - 6:27Alle stirrar på meg no,
-
6:27 - 6:29Men eg er ganske berusa, og har gravd meg så langt ned,
-
6:29 - 6:32Og har eg sagt A, skal eg faen meg seie B:
-
6:32 - 6:35«Ja, livet er fullt av mysterier
-
6:35 - 6:37Men det er svar der ute
-
6:37 - 6:39Og dei vert ikkje funne av folk
-
6:39 - 6:40Av grublarar
-
6:40 - 6:41som alvorleg
-
6:41 - 6:43«Er ikkje livet mystisk?»
-
6:43 - 6:44Grubling er berre forbokstaven
-
6:44 - 6:46Lat oss ringe den jævla paven
-
6:46 - 6:47Lat oss sjå Oprah
-
6:47 - 6:49Intervjue Deepak Chopra!
-
6:49 - 6:53Om du skal sjå på TV, sjå Scooby Doo!
-
6:53 - 6:54Det programmet var så kult
-
6:54 - 6:57for kvar gong det var ei kyrkje med eit skrømt
-
6:57 - 6:58Eller eit monster som var rømt
-
6:58 - 7:02Så såg dei under maska og kva fann dei der?
-
7:02 - 7:05Ein sirkusdirektør, eller ein vaktmeister!
-
7:05 - 7:07Gjennom historia
-
7:07 - 7:09har alle mysteria
-
7:09 - 7:13som NOKON SINNE er løyst, vist seg å
-
7:13 - 7:15Ikkje vere magi.
-
7:15 - 7:17Er ideen om at det kan vere sant
-
7:17 - 7:18Så skremmande?
-
7:18 - 7:20Er ideen om at ein ettermiddag
-
7:20 - 7:22På Wiki-faens-pedia kan vere opplysande
-
7:22 - 7:23Så skremmande?
-
7:23 - 7:25Er mangelen på det overnaturlege
-
7:25 - 7:27Så sjokkerande for ei hippie-burugle
-
7:27 - 7:29At du heller stotrar rundt i tåka
-
7:29 - 7:31Skapt av di manglande evne til å Google?
-
7:32 - 7:34Er ikkje dette nok?
-
7:35 - 7:39Berre denne verda?
-
7:41 - 7:47Berre denne vakre, komplekse
-
7:47 - 7:50Fantastisk ufattelege verda?
-
7:52 - 7:55Den klarar ikkje å halde
-
7:55 - 7:57Oss frå å syte
-
7:57 - 8:00å skape kjipe, menneskelaga monstre og myter.
-
8:01 - 8:03Om du er så glad i Shakespeare,
-
8:03 - 8:06O' lån meg ditt øyre:
-
8:08 - 8:12«Å forgylle raffinert gull, å male ei lilje.
-
8:12 - 8:18Å spraye parfyme på fiolen… skapar vrangvilje»
-
8:18 - 8:20Eller noko slikt.
-
8:20 - 8:21Eller kva med Satchmo?!
-
8:21 - 8:23I see trees of Green,
-
8:23 - 8:25Red roses too,
-
8:25 - 8:26Og greit, om du parafrasert
-
8:26 - 8:28Vil ha Krishna og Vishnu glorifisert
-
8:28 - 8:30På ein post-kolonial, nedlatande,
-
8:30 - 8:32patentsatt og prissatt slags måte.
-
8:32 - 8:33Det er greit.
-
8:33 - 8:36Men her er det som gir meg ein kraftig ereksjon:
-
8:37 - 8:42Eg er ein liten, uvesentleg, uvitande klump karbon.
-
8:42 - 8:46Eg har eitt liv, og det er kort
-
8:46 - 8:47Og uviktig…
-
8:48 - 8:51Men på grunn av at medisinar har blitt mykje betre
-
8:51 - 8:58Får eg leve dobbelt så lenge som tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-forfedre
-
8:59 - 9:03Dobbelt så lang tid til å leve mitt liv
-
9:03 - 9:07Dobbelt så lang tid til å elske mi viv
-
9:07 - 9:11Dobbelt så mange år med vener og sprit, ja
-
9:11 - 9:15Til å dele middag, og bli passe drita
-
9:15 - 9:16Med alle dei heite hippiane
-
9:16 - 9:18Som har alvar på ræva
-
9:18 - 9:19og sumarfuglar på tattane
-
9:22 - 9:26Om eg kanskje har deg fornærma
-
9:26 - 9:29Tenk på dette, ingenting er forandra.
-
9:29 - 9:32Det er like sannsynleg at me hoppar 10 minutt attende,
-
9:32 - 9:34som at eg har klart å endre dine tankar til det betre.
-
9:38 - 9:43Skriven og framført av Tim Minchin
-
9:44 - 9:48Regissert av DC Turner
-
9:48 - 9:51Produsert av Tracy King
-
9:51 - 9:53Figurdesign og animasjon av DC Turner
-
9:53 - 9:58Kamera og effektar: Ricky Earl, Fraser Davidson, DC Turner, Andrew Flatt
-
9:58 - 10:03Assisterande figuranimasjon: Ricky Earl, Kei Phillips, Ash Collins, Valentina Grasso, Betty Le Bon, Fraser Davidson
-
10:03 - 10:07Assisterande figurdesign: Kei Phillips, Ricky Earl, Diego Garcia, Betty Le Bon, Fraiser Davidson, Rachael King, Stuart Mason, Manu Roig
-
10:07 - 10:12Lyd: Milton Mermikedes, Bridget Merkimedes, Holley Gray, Matthias Simmons, Pete Clements
-
10:12 - 10:16Storyboards: Tracy King, Fraser Davidson, Ricky Earl, Joe Pavlo
-
10:16 - 10:21Med takk til: Sid Rodrigues, Rebecca Watson, Jane Goldman and family, Chris Blohm, Loretta King, Susan Turner
-
10:21 - 10:26Med takk til: Lyndsey Brown, Shella Livingston, Helen Jack, Chris Cox, Tom Milsom, Robin Ince
-
10:26 - 10:36© Storm Movie 2011 Alle rettigheiter reservert. stormmovie.net, timminchin.com, kershoot.com
-
Not SyncedModerne kunst og ambisjonar
- Title:
- Storm av Tim Minchin
- Description:
-
Official animated movie of Tim Minchin's 9-minute beat poem Storm. Written and performed by Tim Minchin. Directed and animated by DC Turner. Produced by Tracy King. www.stormmovie.net www.timminchin.com www.kershoot.com
- Video Language:
- English
- Duration:
- 10:39
![]() |
Andreas H. Opsvik edited Norwegian Nynorsk subtitles for Tim Minchin's Storm the Animated Movie | |
![]() |
Andreas H. Opsvik edited Norwegian Nynorsk subtitles for Tim Minchin's Storm the Animated Movie | |
![]() |
Andreas H. Opsvik edited Norwegian Nynorsk subtitles for Tim Minchin's Storm the Animated Movie | |
![]() |
Andreas H. Opsvik added a translation |