Return to Video

vimeo.com/.../425465386

  • 0:04 - 0:06
    Havet er fantastisk.
  • 0:06 - 0:11
    Som ei heilt anna verd
    like under overflata.
  • 0:12 - 0:13
    Og det er enormt.
  • 0:13 - 0:18
    Havet dekkjer 70 prosent av
    overflata på jorda vår.
  • 0:19 - 0:24
    På det djupaste er det fleire
    tusen meter ned til havbotnen.
  • 0:24 - 0:29
    Og tenk, 95 prosent av havet
    er enno ikkje utforska!
  • 0:29 - 0:34
    Så mange fiskar, planter og dyr
    som vi enno ikkje kjenner til!
  • 0:34 - 0:39
    Men det vi veit er at
    det finst liv overalt i havet.
  • 0:39 - 0:41
    Alt frå insekt, -
  • 0:41 - 0:42
    - og maneter -
  • 0:42 - 0:44
    - til blekksprutar og havslangar, -
  • 0:44 - 0:45
    - fisk, -
  • 0:45 - 0:46
    - sel, -
  • 0:46 - 0:48
    - og kval.
  • 0:49 - 0:52
    Nokre dyr liker seg best i fjøra, -
  • 0:52 - 0:56
    - medan andre helst beveger seg
    på det djupaste djup.
  • 0:58 - 1:02
    Like over havoverflata,
    finst sjøfuglane.
  • 1:02 - 1:07
    Dei pustar og over lever over vatn,
    men dei har havet som sitt matfat.
  • 1:07 - 1:09
    Dei et krepsdyr, -
  • 1:09 - 1:10
    - blautdyr, -
  • 1:10 - 1:11
    - og fisk.
  • 1:12 - 1:17
    Og visste du at det finst
    over 30 000 fiskeartar i verda?
  • 1:17 - 1:19
    Du har sikkert høyrt om torsk?
  • 1:19 - 1:20
    Og laks?
  • 1:20 - 1:21
    Og sild?
  • 1:22 - 1:25
    Det er nokre av dei
    vanlegaste fiskeartane i Noreg.
  • 1:25 - 1:28
    Men har du høyrt om flygeknurr?
  • 1:28 - 1:29
    Leppefisk?
  • 1:29 - 1:31
    Og blåkjeft?
  • 1:32 - 1:38
    I dei iskalde hava i Antarktis og Arktis
    finst det mange selartar.
  • 1:38 - 1:43
    Men sel finst også langs
    kysten i alle store hav.
  • 1:43 - 1:45
    Også her i Noreg.
  • 1:45 - 1:50
    Steinkobben er eit kjent og kjært
    medlem av selfamilien, -
  • 1:50 - 1:53
    - og han finst langs heile norskekysten.
  • 1:53 - 1:58
    Visste du at steinkobben
    er veldig god til å symje og dykke?
  • 1:58 - 2:02
    Størsteparten av livet
    oppheld han seg i vatnet, -
  • 2:02 - 2:04
    - og det er her steinkobben finn maten sin.
  • 2:04 - 2:08
    Krepsdyr, blautdyr og fisk.
  • 2:08 - 2:13
    Steinkobben treng luft for
    å puste, men han søv i vatn.
  • 2:13 - 2:18
    Utan å vakne glir han opp
    til overflata for å få luft.
  • 2:19 - 2:25
    Eit anna dyr som må opp av havet
    for å trekke pusten er kvalen.
  • 2:25 - 2:29
    Kvalen lever i alle hav,
    både varme og kalde.
  • 2:29 - 2:32
    I dag finst det 80 ulike artar av kval.
  • 2:32 - 2:36
    Frå små delfinar
    til verdas største dyr.
  • 2:36 - 2:39
    Nemleg blåkvalen.
  • 2:39 - 2:43
    Han kan vege over 170 tonn!
  • 2:43 - 2:48
    Berre tunga til blåkvalen kan vege
    like mykje som ein elefant.
  • 2:48 - 2:52
    Og hjartet er like stort som ein hest.
  • 2:52 - 2:55
    Det er ganske rart å tenkje på
    at eit så stort dyr -
  • 2:55 - 3:01
    - et noko så lite som
    bitte små krillar, for å bli mett.
  • 3:02 - 3:07
    Og langt der ute til havs,
    finn vi skjelpaddene.
  • 3:07 - 3:12
    Den største og eldste av dei alle
    heiter havlêrskjelpadda.
  • 3:12 - 3:15
    Han veg 700 kilo.
  • 3:15 - 3:20
    Og visste du arten oppstod
    for over 110 millionar år sidan?
  • 3:20 - 3:23
    Den levde på same tid som dinosaurane!
  • 3:23 - 3:28
    Havlêrskjelpadda lever heile livet
    langt ute til havs, -
  • 3:28 - 3:32
    - men når det er tid for å leggje egg
    søker han til land.
  • 3:34 - 3:39
    Dette er berre ein liten del av alt
    det fantastiske som finst i havet.
  • 3:39 - 3:42
    For medan vi menneske
    går her oppe på land, -
  • 3:42 - 3:46
    - yrer det av liv under havoverflata.
  • 3:47 - 3:51
    Liv som i dag er truga av
    forsøpling frå oss menneske.
  • 3:51 - 3:54
    Ikkje minst av plast.
  • 3:55 - 3:59
    Alt liv er avhengig av havet.
  • 3:59 - 4:03
    Vi treng det for å puste
    og leve og utvikle oss.
  • 4:03 - 4:07
    Nettopp derfor er det så viktig
    at vi tar vare på havet.
  • 4:07 - 4:10
    Og på alle dyr og planter som lever der.
  • 4:10 - 4:13
    Vi må ta vare på alle
    moglegheitene havet gir oss.
  • 4:13 - 4:17
    På alt det utrulege vi veit at finst der.
  • 4:17 - 4:21
    Og på alt det vi enno ikkje veit noko om.
  • 4:24 - 4:28
    ET HAV AV MULIGHETER.
  • 4:30 - 4:34
    SALABY
Title:
vimeo.com/.../425465386
Video Language:
Norwegian Bokmal
Duration:
04:43

Norwegian Bokmal subtitles

Revisions Compare revisions