Alle barn har rett til å gå på skule. Kva betyr det? Det er skulen sitt ansvar å passe på at alle barn skal kunne få lære, - - trivast og utvikle seg på skulen – uansett kven dei er. Det betyr at dei av oss som har funksjonsnedsetjingar - - har rett til tilrettelegging, - - slik at dei kan delta, utvikle seg og lære på lik linje som alle barn. Kva er tilrettelegging? Ei tilrettelegging kan vere ei rampe sånn at ein i klassa - - som sit i rullestol kan kome inn på skulen, - - at lærar og elevar i klassa bruker mikrofon så alle kan høyre, - - at nokon får nok pausar eller får forklart ting på andre måtar. Når alle barn over heile verda får gå på skule og lære, - - er det med på å skape eit meir rettferdig samfunn.