Alle barn har rett til å gå på skule.
Kva betyr det?
Det er skulen sitt ansvar å passe på
at alle barn skal kunne få lære, -
- trivast og utvikle seg
på skulen – uansett kven dei er.
Det betyr at dei av oss
som har funksjonsnedsetjingar -
- har rett til tilrettelegging, -
- slik at dei kan delta, utvikle seg
og lære på lik linje som alle barn.
Kva er tilrettelegging?
Ei tilrettelegging kan vere
ei rampe sånn at ein i klassa -
- som sit i rullestol
kan kome inn på skulen, -
- at lærar og elevar i klassa
bruker mikrofon så alle kan høyre, -
- at nokon får nok pausar eller
får forklart ting på andre måtar.
Når alle barn over heile verda
får gå på skule og lære, -
- er det med på å skape
eit meir rettferdig samfunn.