WEBVTT 00:00:09.305 --> 00:00:15.209 Omtrent 365 millionar menneske har engelsk som morsmål. 00:00:16.609 --> 00:00:20.710 Meir enn to milliardar fleire lærer og snakkar engelsk 00:00:20.711 --> 00:00:23.059 som andre- eller tredjespråk. 00:00:24.376 --> 00:00:26.082 Dersom du snakkar engelsk 00:00:26.083 --> 00:00:31.535 kan du gjere deg forstått for nesten 2,5 milliardar menneske. 00:00:32.485 --> 00:00:36.838 Kvifor skulle du måtte lære eit anna framandspråk? 00:00:36.839 --> 00:00:41.143 Er ikkje det berre latterleg bortkasta tid? 00:00:41.144 --> 00:00:45.382 Nelson Mandela blei sterkt kritisert 00:00:45.383 --> 00:00:49.112 av svarte sørafrikanar for å snakke afrikaans. 00:00:50.022 --> 00:00:51.488 Han svarte: 00:00:51.489 --> 00:00:55.225 ”Dersom du snakkar til ein mann på eit språk han forstår, 00:00:56.055 --> 00:00:57.903 når du fram til hovudet hans. 00:00:59.023 --> 00:01:02.040 Dersom du snakkar til han på hans eige språk, 00:01:02.720 --> 00:01:04.432 når du fram til hjartet hans." 00:01:05.391 --> 00:01:06.661 Slik er det: 00:01:06.662 --> 00:01:09.330 Dersom du skal overtyde folk 00:01:09.331 --> 00:01:11.865 er det naudsynt å snakke språket deira. 00:01:13.185 --> 00:01:14.973 Pavar veit dette. 00:01:14.974 --> 00:01:18.884 Johannes Paul II snakka eit titals språk flytande 00:01:18.885 --> 00:01:22.343 og eit dusin andre på eit meir elementært nivå. 00:01:22.953 --> 00:01:26.591 Kor enn han gjekk helste han på folk 00:01:26.592 --> 00:01:30.847 med minst nokre setningar på morsmålet deira. 00:01:30.848 --> 00:01:35.845 Det var ein viktig nøkkel til populariteten hans. 00:01:37.395 --> 00:01:39.804 Menneske med utanlandske svigermødre 00:01:39.805 --> 00:01:43.265 eller vordnande svigermødre veit òg det. 00:01:44.005 --> 00:01:46.406 Sjølv om dei snakkar engelsk med kjæresten: 00:01:46.407 --> 00:01:50.552 når det gjeld å vere på godfot med mora til jenta 00:01:51.222 --> 00:01:55.181 er unge menn viljuge til å lære dei sprøaste språka, 00:01:55.185 --> 00:01:56.872 til og med nederlandsk. 00:01:56.876 --> 00:01:58.668 (Latter) 00:01:58.676 --> 00:02:01.104 Og i regelen er det berre det som må til. 00:02:01.974 --> 00:02:03.300 Kvifor? 00:02:04.030 --> 00:02:09.044 Morsmålet vårt er totalt fletta saman med 00:02:09.045 --> 00:02:13.050 personlegdomen vår og identiteten vår. 00:02:13.051 --> 00:02:17.694 Heile vår personlege historie er djupt rotfesta, 00:02:17.695 --> 00:02:20.727 den er dynka i morsmålet vårt. 00:02:21.451 --> 00:02:27.648 Så mange minne og kjensler er knytta til ord, uttrykk, 00:02:28.764 --> 00:02:31.642 til og med til grammatikken vi har vakse opp med. 00:02:32.646 --> 00:02:37.141 Dersom du lærer ein annan sitt språk 00:02:37.142 --> 00:02:40.350 viser du at du er oppriktig interessert 00:02:40.351 --> 00:02:44.168 i livet deira, i personlegdomen deira. 00:02:44.959 --> 00:02:47.585 Kva for ei svigermor ville ikkje vere smigra? 00:02:48.711 --> 00:02:52.581 Når du høyrer ditt eige språk føler du ei tilknyting. 00:02:53.834 --> 00:02:55.617 Når du er ute og reiser 00:02:55.618 --> 00:02:59.592 og du har snakka eit framandspråk i fleire dagar eller veker - 00:03:00.642 --> 00:03:03.011 i det augeblinket du går om bord på eit fly 00:03:03.012 --> 00:03:06.279 der kabintilsette helsar deg på ditt eige språk 00:03:06.280 --> 00:03:08.568 veit du at du er på veg heim. 00:03:10.478 --> 00:03:14.450 Dersom morsmål hadde aroma 00:03:14.451 --> 00:03:18.680 trur eg dei ville ange av kjeks 00:03:18.681 --> 00:03:21.103 og av trøystande kyllingsuppe, 00:03:21.773 --> 00:03:23.828 og av bestemor si godlukt - 00:03:24.668 --> 00:03:27.941 kan hende til og med litt av møllkuler. 00:03:28.742 --> 00:03:34.000 Dette kan nok vere grunnen til at konstruerte språk, 00:03:34.001 --> 00:03:40.301 som Esperanto, aldri har slått an like breitt som ein kunne ha forventa. 00:03:41.212 --> 00:03:44.212 Uansett kor smarte dei er laga, 00:03:44.213 --> 00:03:46.995 og kor enkle dei er, og lette å lære - 00:03:48.334 --> 00:03:53.085 ikkje noko land har nokon gong gjort eit kunstig språk til sitt eige, 00:03:53.948 --> 00:03:58.939 eller brukt det som eit framandspråk som skal undervisast systematisk 00:03:58.940 --> 00:04:02.564 i ein stor skala over lengre tid, 00:04:03.414 --> 00:04:05.161 trass i at det har vore prøvt. 00:04:05.831 --> 00:04:11.871 Men av ein eller annan grunn, trass i vanskane med naturlege språk -- 00:04:11.872 --> 00:04:15.434 slik som frustrande uregelrette, 00:04:15.435 --> 00:04:20.154 diskrepansen mellom skrift og tale, 00:04:20.156 --> 00:04:24.694 iblant absurd kompleks grammatikk -- 00:04:25.655 --> 00:04:27.304 trass i alt dette 00:04:28.304 --> 00:04:34.192 føretrekkjer vi å lære språk som har vakse organisk saman med folk. 00:04:35.812 --> 00:04:39.654 Konstruerte språk snakkar til hovudet. 00:04:40.774 --> 00:04:44.772 Naturlege språk angar av kjeks. 00:04:46.056 --> 00:04:51.981 For Mandela var det å lære afrikaans eit spørsmål om å ”kjenne din fiende”. 00:04:51.982 --> 00:04:56.910 Han sa: ”Du må kjenne språket deira, og lidenskapane deira 00:04:56.911 --> 00:05:00.243 og forhåpningane og redslane dersom du vil seire over dei. 00:05:01.073 --> 00:05:03.644 Det var det han gjorde. Det fungerte. 00:05:04.724 --> 00:05:08.186 Men det handlar ikkje berre om fiendar heile tida, eller? 00:05:09.254 --> 00:05:12.111 Det gjeld alle typar menneskelege relasjonar. 00:05:13.445 --> 00:05:17.746 Og eg er nok den siste til å påstå at svigermødre er fiendar -- 00:05:17.747 --> 00:05:18.983 per definisjon. 00:05:19.833 --> 00:05:22.762 For sju eller åtte år sidan 00:05:22.763 --> 00:05:25.642 kjørte eg gjennom Polen med familien min. 00:05:27.172 --> 00:05:31.413 Butikkane skulle til å stengje og vi trong mat. 00:05:32.257 --> 00:05:35.692 Endeleg såg vi eit supermarked på den andre sida av vegen. 00:05:36.908 --> 00:05:41.637 Den einaste måten å nå fram i tide var ved å gjere ein u-sving. 00:05:41.638 --> 00:05:43.328 Så det gjorde eg. 00:05:44.368 --> 00:05:46.578 Det var sannsynlegvis farleg. 00:05:47.528 --> 00:05:49.696 Det var i alle fall ulovleg. 00:05:52.065 --> 00:05:57.638 På parkeringsplassen, før det var mogeleg å slå av motoren, 00:05:58.238 --> 00:06:00.053 høyrde eg bank-bank. 00:06:01.250 --> 00:06:06.096 Eg rulla ned vindauget og to par auge kom til syne. 00:06:07.624 --> 00:06:11.963 Til kvart par var det festa ein politimann. 00:06:13.296 --> 00:06:17.564 Eg kan ikke påstå at eg nokon gong har vore i stand til å snakke flytande polsk, 00:06:17.565 --> 00:06:19.255 ikkje eingong på mitt beste, 00:06:19.985 --> 00:06:23.526 men eg pleidde å vere i stand til å halde ein enkel samtale gåande. 00:06:24.336 --> 00:06:27.780 Men i denne situasjonen, med dårleg samvit, 00:06:28.620 --> 00:06:31.755 andlet til andlet med to av loven sine menn i uniform 00:06:33.175 --> 00:06:38.315 rann kvart bidige polske ord som eg nokon gong hadde kunne rett ut av meg. 00:06:39.719 --> 00:06:43.789 Like vel vurderte ikkje eg ein augneblink 00:06:44.549 --> 00:06:47.728 å prøve å handtere situasjonen på engelsk. 00:06:49.078 --> 00:06:53.318 Engelsk ville høyst sannsynleg ha gitt meg den språklege fordelen, 00:06:54.278 --> 00:06:57.280 men det kunne ha vore ubehageleg for politimennene. 00:06:58.244 --> 00:07:00.934 Så eg bestemte meg for å halde meg til polsk. 00:07:01.774 --> 00:07:02.798 Men korleis? 00:07:04.479 --> 00:07:08.699 Den polske kroken i hjernen min var tom 00:07:10.388 --> 00:07:11.965 unntatt en ting … 00:07:13.204 --> 00:07:17.942 En ting eg hadde gjentatt så ofte 00:07:17.943 --> 00:07:20.814 at eg kunne ha resitert den i søvne. 00:07:22.501 --> 00:07:24.960 Det var eit barnedikt 00:07:27.563 --> 00:07:29.652 om ein sjuk frosk. 00:07:30.273 --> 00:07:32.251 (Latter) 00:07:32.861 --> 00:07:34.522 Det var det eg hadde å rå meg med. 00:07:34.523 --> 00:07:39.523 Det var nok underleg, men eg busa ut: 00:07:40.417 --> 00:07:42.532 (Polsk) Ein viss frosk følte seg slapp 00:07:42.532 --> 00:07:46.084 så ho gjekk til doktor´n og sa ho var sjuk. 00:07:46.085 --> 00:07:50.458 Doktor´n tok på seg brillene - han var gamal." 00:07:51.564 --> 00:07:53.882 Eg kasta eit blikk på politimennene. 00:07:53.883 --> 00:07:56.483 Dei stirra på meg. 00:07:56.484 --> 00:07:57.813 (Latter) 00:07:58.653 --> 00:08:01.659 Eg meiner å hugse at ein av dei klødde seg i hovudet. 00:08:02.669 --> 00:08:05.242 Og så smilte dei. 00:08:06.112 --> 00:08:07.339 Dei smilte! 00:08:07.340 --> 00:08:10.879 Og det roa meg ned, 00:08:10.880 --> 00:08:14.256 i alle fall nok til at nokre meir relevante ord 00:08:14.257 --> 00:08:16.677 kunne ramle inn igjen i hovudet mitt. 00:08:16.688 --> 00:08:19.687 Eg stotra fram eit par halve setningar: 00:08:19.688 --> 00:08:23.483 ”Lei for det – trong mat – aldri igjen.” 00:08:24.763 --> 00:08:26.262 Dei lét meg gå. 00:08:27.334 --> 00:08:32.458 I det eg sprang inn i butikken, ropa dei: (polsk) “Szczęśliwej podróży!" 00:08:32.480 --> 00:08:34.020 ”God tur vidare!” 00:08:34.650 --> 00:08:39.006 Det er ikkje mi meining å motivere dykk til å lære framandspråk 00:08:39.006 --> 00:08:42.696 slik at de kan reise verda rundt og bryte lovar og sleppe straff. 00:08:44.326 --> 00:08:49.481 Denne lille episoden illustrerer korleis nokre få ord, 00:08:50.261 --> 00:08:53.760 kor enkle og tåpelege dei måtte vere, nokre få ord 00:08:53.761 --> 00:08:57.991 kan gå rett inn i hjartet – og få det til å smelte. 00:08:58.901 --> 00:09:01.771 Ikkje for det, det fanst eit alternativ til frosken. 00:09:01.772 --> 00:09:04.207 Ein ting eg kunne like bra: 00:09:05.857 --> 00:09:07.232 Ei drikkevise. 00:09:07.233 --> 00:09:08.525 (Latter) 00:09:09.185 --> 00:09:11.394 Det hadde nok ikkje vorte lønt med eit smil , 00:09:12.124 --> 00:09:14.430 men med ein tur til politistasjonen 00:09:14.431 --> 00:09:15.661 for ei blodprøve. 00:09:17.603 --> 00:09:21.133 Du treng ikkje lære mange språk, 00:09:21.134 --> 00:09:24.153 og du treng ikkje lære dei grundig. 00:09:24.154 --> 00:09:26.162 Du kjem langt med lite. 00:09:27.122 --> 00:09:30.383 Ti ord til hjartet kan ha større verknad 00:09:30.384 --> 00:09:32.964 enn tusen ord til hovudet. 00:09:34.644 --> 00:09:38.741 Du kan alltid velje å bruke engelsk og møtast på midten. 00:09:39.851 --> 00:09:44.822 Men du kan òg velje å vere den som kryssar midtlina 00:09:44.823 --> 00:09:49.393 for å møte den nye kjenningen din, motstandaren din, kven det måtte vere, 00:09:49.394 --> 00:09:51.480 på deira eige territorium. 00:09:52.375 --> 00:09:55.334 Det å snakke den andre sitt språk gjer deg ikkje svak, 00:09:55.336 --> 00:09:57.066 det viser at du er sterk. 00:09:57.856 --> 00:10:04.241 Det er den som har motet og som veljer å krysse liner, 00:10:05.221 --> 00:10:06.923 som vinn til slutt. 00:10:08.292 --> 00:10:12.210 Ikkje ver redd for å gjere feil. Feil gjer deg menneskeleg. 00:10:12.918 --> 00:10:16.836 Og i dette tilfellet finst det ein bonus. 00:10:18.091 --> 00:10:20.692 Dersom du gjer ein feil ”der ute” 00:10:20.693 --> 00:10:26.090 gir du dei andre ei mogelegheit til å kome deg i møte. 00:10:26.091 --> 00:10:31.933 Og på denne måten vil bandet som du sjølv har knytt verte sterkare. 00:10:32.934 --> 00:10:37.190 Har du lyst til å gjere deg forstått 00:10:38.280 --> 00:10:39.970 eller har du lyst til å knyte band? 00:10:41.650 --> 00:10:46.520 La oss alle saman halde fram med å lære og bruke engelsk 00:10:48.080 --> 00:10:52.561 slik at vi kan samhandle med eit blanda publikum, som vi gjer her på TEDx. 00:10:53.591 --> 00:10:57.697 Engelsk er eit kraftig verktøy for å dele kunnskap, 00:10:57.698 --> 00:11:03.750 for å gjennomføre internasjonale konferansar om globale problem. 00:11:04.940 --> 00:11:10.161 Framfør alt er engelsk motorvegen til 365 millionar hjarte. 00:11:11.131 --> 00:11:17.170 For 365 millionar menneske angar engelsk av kjeks. 00:11:18.927 --> 00:11:20.717 Men kvifor skulle vi stoppe der? 00:11:22.007 --> 00:11:24.535 Kvifor ikkje gjere ein ekstra innsats 00:11:24.536 --> 00:11:27.696 og lære minst eitt anna framandspråk? 00:11:28.776 --> 00:11:31.784 Det finst kjeksar av mange slag der ute. 00:11:31.785 --> 00:11:34.181 La oss smake på ein ny ein. 00:11:34.990 --> 00:11:36.051 Takk. 00:11:36.463 --> 00:11:37.755 (Applaus)