1 00:00:09,305 --> 00:00:15,209 Omtrent 365 millionar menneske har engelsk som morsmål. 2 00:00:16,609 --> 00:00:20,710 Meir enn to milliardar fleire lærer og snakkar engelsk 3 00:00:20,711 --> 00:00:23,059 som andre- eller tredjespråk. 4 00:00:24,376 --> 00:00:26,082 Dersom du snakkar engelsk 5 00:00:26,083 --> 00:00:31,535 kan du gjere deg forstått for nesten 2,5 milliardar menneske. 6 00:00:32,485 --> 00:00:36,838 Kvifor skulle du måtte lære eit anna framandspråk? 7 00:00:36,839 --> 00:00:41,143 Er ikkje det berre latterleg bortkasta tid? 8 00:00:41,144 --> 00:00:45,382 Nelson Mandela blei sterkt kritisert 9 00:00:45,383 --> 00:00:49,112 av svarte sørafrikanar for å snakke afrikaans. 10 00:00:50,022 --> 00:00:51,488 Han svarte: 11 00:00:51,489 --> 00:00:55,225 ”Dersom du snakkar til ein mann på eit språk han forstår, 12 00:00:56,055 --> 00:00:57,903 når du fram til hovudet hans. 13 00:00:59,023 --> 00:01:02,040 Dersom du snakkar til han på hans eige språk, 14 00:01:02,720 --> 00:01:04,432 når du fram til hjartet hans." 15 00:01:05,391 --> 00:01:06,661 Slik er det: 16 00:01:06,662 --> 00:01:09,330 Dersom du skal overtyde folk 17 00:01:09,331 --> 00:01:11,865 er det naudsynt å snakke språket deira. 18 00:01:13,185 --> 00:01:14,973 Pavar veit dette. 19 00:01:14,974 --> 00:01:18,884 Johannes Paul II snakka eit titals språk flytande 20 00:01:18,885 --> 00:01:22,343 og eit dusin andre på eit meir elementært nivå. 21 00:01:22,953 --> 00:01:26,591 Kor enn han gjekk helste han på folk 22 00:01:26,592 --> 00:01:30,847 med minst nokre setningar på morsmålet deira. 23 00:01:30,848 --> 00:01:35,845 Det var ein viktig nøkkel til populariteten hans. 24 00:01:37,395 --> 00:01:39,804 Menneske med utanlandske svigermødre 25 00:01:39,805 --> 00:01:43,265 eller vordnande svigermødre veit òg det. 26 00:01:44,005 --> 00:01:46,406 Sjølv om dei snakkar engelsk med kjæresten: 27 00:01:46,407 --> 00:01:50,552 når det gjeld å vere på godfot med mora til jenta 28 00:01:51,222 --> 00:01:55,181 er unge menn viljuge til å lære dei sprøaste språka, 29 00:01:55,185 --> 00:01:56,872 til og med nederlandsk. 30 00:01:56,876 --> 00:01:58,668 (Latter) 31 00:01:58,676 --> 00:02:01,104 Og i regelen er det berre det som må til. 32 00:02:01,974 --> 00:02:03,300 Kvifor? 33 00:02:04,030 --> 00:02:09,044 Morsmålet vårt er totalt fletta saman med 34 00:02:09,045 --> 00:02:13,050 personlegdomen vår og identiteten vår. 35 00:02:13,051 --> 00:02:17,694 Heile vår personlege historie er djupt rotfesta, 36 00:02:17,695 --> 00:02:20,727 den er dynka i morsmålet vårt. 37 00:02:21,451 --> 00:02:27,648 Så mange minne og kjensler er knytta til ord, uttrykk, 38 00:02:28,764 --> 00:02:31,642 til og med til grammatikken vi har vakse opp med. 39 00:02:32,646 --> 00:02:37,141 Dersom du lærer ein annan sitt språk 40 00:02:37,142 --> 00:02:40,350 viser du at du er oppriktig interessert 41 00:02:40,351 --> 00:02:44,168 i livet deira, i personlegdomen deira. 42 00:02:44,959 --> 00:02:47,585 Kva for ei svigermor ville ikkje vere smigra? 43 00:02:48,711 --> 00:02:52,581 Når du høyrer ditt eige språk føler du ei tilknyting. 44 00:02:53,834 --> 00:02:55,617 Når du er ute og reiser 45 00:02:55,618 --> 00:02:59,592 og du har snakka eit framandspråk i fleire dagar eller veker - 46 00:03:00,642 --> 00:03:03,011 i det augeblinket du går om bord på eit fly 47 00:03:03,012 --> 00:03:06,279 der kabintilsette helsar deg på ditt eige språk 48 00:03:06,280 --> 00:03:08,568 veit du at du er på veg heim. 49 00:03:10,478 --> 00:03:14,450 Dersom morsmål hadde aroma 50 00:03:14,451 --> 00:03:18,680 trur eg dei ville ange av kjeks 51 00:03:18,681 --> 00:03:21,103 og av trøystande kyllingsuppe, 52 00:03:21,773 --> 00:03:23,828 og av bestemor si godlukt - 53 00:03:24,668 --> 00:03:27,941 kan hende til og med litt av møllkuler. 54 00:03:28,742 --> 00:03:34,000 Dette kan nok vere grunnen til at konstruerte språk, 55 00:03:34,001 --> 00:03:40,301 som Esperanto, aldri har slått an like breitt som ein kunne ha forventa. 56 00:03:41,212 --> 00:03:44,212 Uansett kor smarte dei er laga, 57 00:03:44,213 --> 00:03:46,995 og kor enkle dei er, og lette å lære - 58 00:03:48,334 --> 00:03:53,085 ikkje noko land har nokon gong gjort eit kunstig språk til sitt eige, 59 00:03:53,948 --> 00:03:58,939 eller brukt det som eit framandspråk som skal undervisast systematisk 60 00:03:58,940 --> 00:04:02,564 i ein stor skala over lengre tid, 61 00:04:03,414 --> 00:04:05,161 trass i at det har vore prøvt. 62 00:04:05,831 --> 00:04:11,871 Men av ein eller annan grunn, trass i vanskane med naturlege språk -- 63 00:04:11,872 --> 00:04:15,434 slik som frustrande uregelrette, 64 00:04:15,435 --> 00:04:20,154 diskrepansen mellom skrift og tale, 65 00:04:20,156 --> 00:04:24,694 iblant absurd kompleks grammatikk -- 66 00:04:25,655 --> 00:04:27,304 trass i alt dette 67 00:04:28,304 --> 00:04:34,192 føretrekkjer vi å lære språk som har vakse organisk saman med folk. 68 00:04:35,812 --> 00:04:39,654 Konstruerte språk snakkar til hovudet. 69 00:04:40,774 --> 00:04:44,772 Naturlege språk angar av kjeks. 70 00:04:46,056 --> 00:04:51,981 For Mandela var det å lære afrikaans eit spørsmål om å ”kjenne din fiende”. 71 00:04:51,982 --> 00:04:56,910 Han sa: ”Du må kjenne språket deira, og lidenskapane deira 72 00:04:56,911 --> 00:05:00,243 og forhåpningane og redslane dersom du vil seire over dei. 73 00:05:01,073 --> 00:05:03,644 Det var det han gjorde. Det fungerte. 74 00:05:04,724 --> 00:05:08,186 Men det handlar ikkje berre om fiendar heile tida, eller? 75 00:05:09,254 --> 00:05:12,111 Det gjeld alle typar menneskelege relasjonar. 76 00:05:13,445 --> 00:05:17,746 Og eg er nok den siste til å påstå at svigermødre er fiendar -- 77 00:05:17,747 --> 00:05:18,983 per definisjon. 78 00:05:19,833 --> 00:05:22,762 For sju eller åtte år sidan 79 00:05:22,763 --> 00:05:25,642 kjørte eg gjennom Polen med familien min. 80 00:05:27,172 --> 00:05:31,413 Butikkane skulle til å stengje og vi trong mat. 81 00:05:32,257 --> 00:05:35,692 Endeleg såg vi eit supermarked på den andre sida av vegen. 82 00:05:36,908 --> 00:05:41,637 Den einaste måten å nå fram i tide var ved å gjere ein u-sving. 83 00:05:41,638 --> 00:05:43,328 Så det gjorde eg. 84 00:05:44,368 --> 00:05:46,578 Det var sannsynlegvis farleg. 85 00:05:47,528 --> 00:05:49,696 Det var i alle fall ulovleg. 86 00:05:52,065 --> 00:05:57,638 På parkeringsplassen, før det var mogeleg å slå av motoren, 87 00:05:58,238 --> 00:06:00,053 høyrde eg bank-bank. 88 00:06:01,250 --> 00:06:06,096 Eg rulla ned vindauget og to par auge kom til syne. 89 00:06:07,624 --> 00:06:11,963 Til kvart par var det festa ein politimann. 90 00:06:13,296 --> 00:06:17,564 Eg kan ikke påstå at eg nokon gong har vore i stand til å snakke flytande polsk, 91 00:06:17,565 --> 00:06:19,255 ikkje eingong på mitt beste, 92 00:06:19,985 --> 00:06:23,526 men eg pleidde å vere i stand til å halde ein enkel samtale gåande. 93 00:06:24,336 --> 00:06:27,780 Men i denne situasjonen, med dårleg samvit, 94 00:06:28,620 --> 00:06:31,755 andlet til andlet med to av loven sine menn i uniform 95 00:06:33,175 --> 00:06:38,315 rann kvart bidige polske ord som eg nokon gong hadde kunne rett ut av meg. 96 00:06:39,719 --> 00:06:43,789 Like vel vurderte ikkje eg ein augneblink 97 00:06:44,549 --> 00:06:47,728 å prøve å handtere situasjonen på engelsk. 98 00:06:49,078 --> 00:06:53,318 Engelsk ville høyst sannsynleg ha gitt meg den språklege fordelen, 99 00:06:54,278 --> 00:06:57,280 men det kunne ha vore ubehageleg for politimennene. 100 00:06:58,244 --> 00:07:00,934 Så eg bestemte meg for å halde meg til polsk. 101 00:07:01,774 --> 00:07:02,798 Men korleis? 102 00:07:04,479 --> 00:07:08,699 Den polske kroken i hjernen min var tom 103 00:07:10,388 --> 00:07:11,965 unntatt en ting … 104 00:07:13,204 --> 00:07:17,942 En ting eg hadde gjentatt så ofte 105 00:07:17,943 --> 00:07:20,814 at eg kunne ha resitert den i søvne. 106 00:07:22,501 --> 00:07:24,960 Det var eit barnedikt 107 00:07:27,563 --> 00:07:29,652 om ein sjuk frosk. 108 00:07:30,273 --> 00:07:32,251 (Latter) 109 00:07:32,861 --> 00:07:34,522 Det var det eg hadde å rå meg med. 110 00:07:34,523 --> 00:07:39,523 Det var nok underleg, men eg busa ut: 111 00:07:40,417 --> 00:07:42,532 (Polsk) Ein viss frosk følte seg slapp 112 00:07:42,532 --> 00:07:46,084 så ho gjekk til doktor´n og sa ho var sjuk. 113 00:07:46,085 --> 00:07:50,458 Doktor´n tok på seg brillene - han var gamal." 114 00:07:51,564 --> 00:07:53,882 Eg kasta eit blikk på politimennene. 115 00:07:53,883 --> 00:07:56,483 Dei stirra på meg. 116 00:07:56,484 --> 00:07:57,813 (Latter) 117 00:07:58,653 --> 00:08:01,659 Eg meiner å hugse at ein av dei klødde seg i hovudet. 118 00:08:02,669 --> 00:08:05,242 Og så smilte dei. 119 00:08:06,112 --> 00:08:07,339 Dei smilte! 120 00:08:07,340 --> 00:08:10,879 Og det roa meg ned, 121 00:08:10,880 --> 00:08:14,256 i alle fall nok til at nokre meir relevante ord 122 00:08:14,257 --> 00:08:16,677 kunne ramle inn igjen i hovudet mitt. 123 00:08:16,688 --> 00:08:19,687 Eg stotra fram eit par halve setningar: 124 00:08:19,688 --> 00:08:23,483 ”Lei for det – trong mat – aldri igjen.” 125 00:08:24,763 --> 00:08:26,262 Dei lét meg gå. 126 00:08:27,334 --> 00:08:32,458 I det eg sprang inn i butikken, ropa dei: (polsk) “Szczęśliwej podróży!" 127 00:08:32,480 --> 00:08:34,020 ”God tur vidare!” 128 00:08:34,650 --> 00:08:39,006 Det er ikkje mi meining å motivere dykk til å lære framandspråk 129 00:08:39,006 --> 00:08:42,696 slik at de kan reise verda rundt og bryte lovar og sleppe straff. 130 00:08:44,326 --> 00:08:49,481 Denne lille episoden illustrerer korleis nokre få ord, 131 00:08:50,261 --> 00:08:53,760 kor enkle og tåpelege dei måtte vere, nokre få ord 132 00:08:53,761 --> 00:08:57,991 kan gå rett inn i hjartet – og få det til å smelte. 133 00:08:58,901 --> 00:09:01,771 Ikkje for det, det fanst eit alternativ til frosken. 134 00:09:01,772 --> 00:09:04,207 Ein ting eg kunne like bra: 135 00:09:05,857 --> 00:09:07,232 Ei drikkevise. 136 00:09:07,233 --> 00:09:08,525 (Latter) 137 00:09:09,185 --> 00:09:11,394 Det hadde nok ikkje vorte lønt med eit smil , 138 00:09:12,124 --> 00:09:14,430 men med ein tur til politistasjonen 139 00:09:14,431 --> 00:09:15,661 for ei blodprøve. 140 00:09:17,603 --> 00:09:21,133 Du treng ikkje lære mange språk, 141 00:09:21,134 --> 00:09:24,153 og du treng ikkje lære dei grundig. 142 00:09:24,154 --> 00:09:26,162 Du kjem langt med lite. 143 00:09:27,122 --> 00:09:30,383 Ti ord til hjartet kan ha større verknad 144 00:09:30,384 --> 00:09:32,964 enn tusen ord til hovudet. 145 00:09:34,644 --> 00:09:38,741 Du kan alltid velje å bruke engelsk og møtast på midten. 146 00:09:39,851 --> 00:09:44,822 Men du kan òg velje å vere den som kryssar midtlina 147 00:09:44,823 --> 00:09:49,393 for å møte den nye kjenningen din, motstandaren din, kven det måtte vere, 148 00:09:49,394 --> 00:09:51,480 på deira eige territorium. 149 00:09:52,375 --> 00:09:55,334 Det å snakke den andre sitt språk gjer deg ikkje svak, 150 00:09:55,336 --> 00:09:57,066 det viser at du er sterk. 151 00:09:57,856 --> 00:10:04,241 Det er den som har motet og som veljer å krysse liner, 152 00:10:05,221 --> 00:10:06,923 som vinn til slutt. 153 00:10:08,292 --> 00:10:12,210 Ikkje ver redd for å gjere feil. Feil gjer deg menneskeleg. 154 00:10:12,918 --> 00:10:16,836 Og i dette tilfellet finst det ein bonus. 155 00:10:18,091 --> 00:10:20,692 Dersom du gjer ein feil ”der ute” 156 00:10:20,693 --> 00:10:26,090 gir du dei andre ei mogelegheit til å kome deg i møte. 157 00:10:26,091 --> 00:10:31,933 Og på denne måten vil bandet som du sjølv har knytt verte sterkare. 158 00:10:32,934 --> 00:10:37,190 Har du lyst til å gjere deg forstått 159 00:10:38,280 --> 00:10:39,970 eller har du lyst til å knyte band? 160 00:10:41,650 --> 00:10:46,520 La oss alle saman halde fram med å lære og bruke engelsk 161 00:10:48,080 --> 00:10:52,561 slik at vi kan samhandle med eit blanda publikum, som vi gjer her på TEDx. 162 00:10:53,591 --> 00:10:57,697 Engelsk er eit kraftig verktøy for å dele kunnskap, 163 00:10:57,698 --> 00:11:03,750 for å gjennomføre internasjonale konferansar om globale problem. 164 00:11:04,940 --> 00:11:10,161 Framfør alt er engelsk motorvegen til 365 millionar hjarte. 165 00:11:11,131 --> 00:11:17,170 For 365 millionar menneske angar engelsk av kjeks. 166 00:11:18,927 --> 00:11:20,717 Men kvifor skulle vi stoppe der? 167 00:11:22,007 --> 00:11:24,535 Kvifor ikkje gjere ein ekstra innsats 168 00:11:24,536 --> 00:11:27,696 og lære minst eitt anna framandspråk? 169 00:11:28,776 --> 00:11:31,784 Det finst kjeksar av mange slag der ute. 170 00:11:31,785 --> 00:11:34,181 La oss smake på ein ny ein. 171 00:11:34,990 --> 00:11:36,051 Takk. 172 00:11:36,463 --> 00:11:37,755 (Applaus)