0:00:09.305,0:00:15.209 Omtrent 365 millionar menneske [br]har engelsk som morsmål. 0:00:16.609,0:00:20.710 Meir enn to milliardar fleire [br]lærer og snakkar engelsk 0:00:20.711,0:00:23.059 som andre- eller tredjespråk. 0:00:24.376,0:00:26.082 Dersom du snakkar engelsk 0:00:26.083,0:00:31.535 kan du gjere deg forstått [br]for nesten 2,5 milliardar menneske. 0:00:32.485,0:00:36.838 Kvifor skulle du måtte lære [br]eit anna framandspråk? 0:00:36.839,0:00:41.143 Er ikkje det berre [br]latterleg bortkasta tid? 0:00:41.144,0:00:45.382 Nelson Mandela blei sterkt kritisert 0:00:45.383,0:00:49.112 av svarte sørafrikanar [br]for å snakke afrikaans. 0:00:50.022,0:00:51.488 Han svarte: 0:00:51.489,0:00:55.225 ”Dersom du snakkar til ein mann [br]på eit språk han forstår, 0:00:56.055,0:00:57.903 når du fram til hovudet hans. 0:00:59.023,0:01:02.040 Dersom du snakkar til han [br]på hans eige språk, 0:01:02.720,0:01:04.432 når du fram til hjartet hans." 0:01:05.391,0:01:06.661 Slik er det: 0:01:06.662,0:01:09.330 Dersom du skal overtyde folk 0:01:09.331,0:01:11.865 er det naudsynt å snakke språket deira. 0:01:13.185,0:01:14.973 Pavar veit dette. 0:01:14.974,0:01:18.884 Johannes Paul II snakka [br]eit titals språk flytande 0:01:18.885,0:01:22.343 og eit dusin andre [br]på eit meir elementært nivå. 0:01:22.953,0:01:26.591 Kor enn han gjekk helste han på folk 0:01:26.592,0:01:30.847 med minst nokre setningar [br]på morsmålet deira. 0:01:30.848,0:01:35.845 Det var ein viktig nøkkel [br]til populariteten hans. 0:01:37.395,0:01:39.804 Menneske med utanlandske svigermødre 0:01:39.805,0:01:43.265 eller vordnande svigermødre veit òg det. 0:01:44.005,0:01:46.406 Sjølv om dei snakkar [br]engelsk med kjæresten: 0:01:46.407,0:01:50.552 når det gjeld å vere [br]på godfot med mora til jenta 0:01:51.222,0:01:55.181 er unge menn viljuge [br]til å lære dei sprøaste språka, 0:01:55.185,0:01:56.872 til og med nederlandsk. 0:01:56.876,0:01:58.668 (Latter) 0:01:58.676,0:02:01.104 Og i regelen er det berre det som må til. 0:02:01.974,0:02:03.300 Kvifor? 0:02:04.030,0:02:09.044 Morsmålet vårt er totalt fletta saman med 0:02:09.045,0:02:13.050 personlegdomen vår og identiteten vår. 0:02:13.051,0:02:17.694 Heile vår personlege historie [br]er djupt rotfesta, 0:02:17.695,0:02:20.727 den er dynka i morsmålet vårt. 0:02:21.451,0:02:27.648 Så mange minne og kjensler [br]er knytta til ord, uttrykk, 0:02:28.764,0:02:31.642 til og med til grammatikken [br]vi har vakse opp med. 0:02:32.646,0:02:37.141 Dersom du lærer ein annan sitt språk 0:02:37.142,0:02:40.350 viser du at du er oppriktig interessert 0:02:40.351,0:02:44.168 i livet deira, i personlegdomen deira. 0:02:44.959,0:02:47.585 Kva for ei svigermor [br]ville ikkje vere smigra? 0:02:48.711,0:02:52.581 Når du høyrer ditt eige språk [br]føler du ei tilknyting. 0:02:53.834,0:02:55.617 Når du er ute og reiser 0:02:55.618,0:02:59.592 og du har snakka eit framandspråk [br]i fleire dagar eller veker - 0:03:00.642,0:03:03.011 i det augeblinket [br]du går om bord på eit fly 0:03:03.012,0:03:06.279 der kabintilsette helsar deg [br]på ditt eige språk 0:03:06.280,0:03:08.568 veit du at du er på veg heim. 0:03:10.478,0:03:14.450 Dersom morsmål hadde aroma 0:03:14.451,0:03:18.680 trur eg dei ville ange av kjeks 0:03:18.681,0:03:21.103 og av trøystande kyllingsuppe, 0:03:21.773,0:03:23.828 og av bestemor si godlukt - 0:03:24.668,0:03:27.941 kan hende til og med litt av møllkuler. 0:03:28.742,0:03:34.000 Dette kan nok vere grunnen til [br]at konstruerte språk, 0:03:34.001,0:03:40.301 som Esperanto, aldri har slått an [br]like breitt som ein kunne ha forventa. 0:03:41.212,0:03:44.212 Uansett kor smarte dei er laga,[br] 0:03:44.213,0:03:46.995 og kor enkle dei er, og lette å lære -[br] 0:03:48.334,0:03:53.085 ikkje noko land har nokon gong [br]gjort eit kunstig språk til sitt eige, 0:03:53.948,0:03:58.939 eller brukt det som eit framandspråk [br]som skal undervisast systematisk 0:03:58.940,0:04:02.564 i ein stor skala over lengre tid, 0:04:03.414,0:04:05.161 trass i at det har vore prøvt. 0:04:05.831,0:04:11.871 Men av ein eller annan grunn, [br]trass i vanskane med naturlege språk -- 0:04:11.872,0:04:15.434 slik som frustrande uregelrette, 0:04:15.435,0:04:20.154 diskrepansen mellom skrift og tale, 0:04:20.156,0:04:24.694 iblant absurd kompleks grammatikk -- 0:04:25.655,0:04:27.304 trass i alt dette 0:04:28.304,0:04:34.192 føretrekkjer vi å lære språk [br]som har vakse organisk saman med folk. 0:04:35.812,0:04:39.654 Konstruerte språk snakkar til hovudet. 0:04:40.774,0:04:44.772 Naturlege språk angar av kjeks. 0:04:46.056,0:04:51.981 For Mandela var det å lære afrikaans [br]eit spørsmål om å ”kjenne din fiende”. 0:04:51.982,0:04:56.910 Han sa: ”Du må kjenne språket deira, [br]og lidenskapane deira 0:04:56.911,0:05:00.243 og forhåpningane og redslane[br]dersom du vil seire over dei. 0:05:01.073,0:05:03.644 Det var det han gjorde. Det fungerte. 0:05:04.724,0:05:08.186 Men det handlar ikkje berre [br]om fiendar heile tida, eller? 0:05:09.254,0:05:12.111 Det gjeld alle typar [br]menneskelege relasjonar. 0:05:13.445,0:05:17.746 Og eg er nok den siste til å påstå [br]at svigermødre er fiendar -- 0:05:17.747,0:05:18.983 per definisjon. 0:05:19.833,0:05:22.762 For sju eller åtte år sidan 0:05:22.763,0:05:25.642 kjørte eg gjennom Polen med familien min. 0:05:27.172,0:05:31.413 Butikkane skulle til å stengje [br]og vi trong mat. 0:05:32.257,0:05:35.692 Endeleg såg vi eit supermarked[br]på den andre sida av vegen. 0:05:36.908,0:05:41.637 Den einaste måten å nå fram i tide [br]var ved å gjere ein u-sving. 0:05:41.638,0:05:43.328 Så det gjorde eg. 0:05:44.368,0:05:46.578 Det var sannsynlegvis farleg. 0:05:47.528,0:05:49.696 Det var i alle fall ulovleg. 0:05:52.065,0:05:57.638 På parkeringsplassen, [br]før det var mogeleg å slå av motoren, 0:05:58.238,0:06:00.053 høyrde eg bank-bank. 0:06:01.250,0:06:06.096 Eg rulla ned vindauget [br]og to par auge kom til syne. 0:06:07.624,0:06:11.963 Til kvart par var det festa [br]ein politimann. 0:06:13.296,0:06:17.564 Eg kan ikke påstå at eg nokon gong har[br]vore i stand til å snakke flytande polsk, 0:06:17.565,0:06:19.255 ikkje eingong på mitt beste, 0:06:19.985,0:06:23.526 men eg pleidde å vere i stand [br]til å halde ein enkel samtale gåande. 0:06:24.336,0:06:27.780 Men i denne situasjonen, [br]med dårleg samvit, 0:06:28.620,0:06:31.755 andlet til andlet med to [br]av loven sine menn i uniform 0:06:33.175,0:06:38.315 rann kvart bidige polske ord som eg [br]nokon gong hadde kunne rett ut av meg. 0:06:39.719,0:06:43.789 Like vel vurderte ikkje eg ein augneblink 0:06:44.549,0:06:47.728 å prøve å handtere situasjonen på engelsk. 0:06:49.078,0:06:53.318 Engelsk ville høyst sannsynleg [br]ha gitt meg den språklege fordelen, 0:06:54.278,0:06:57.280 men det kunne ha vore [br]ubehageleg for politimennene. 0:06:58.244,0:07:00.934 Så eg bestemte meg [br]for å halde meg til polsk. 0:07:01.774,0:07:02.798 Men korleis? 0:07:04.479,0:07:08.699 Den polske kroken i hjernen min var tom 0:07:10.388,0:07:11.965 unntatt en ting … 0:07:13.204,0:07:17.942 En ting eg hadde gjentatt så ofte 0:07:17.943,0:07:20.814 at eg kunne ha resitert den i søvne. 0:07:22.501,0:07:24.960 Det var eit barnedikt 0:07:27.563,0:07:29.652 om ein sjuk frosk. 0:07:30.273,0:07:32.251 (Latter) 0:07:32.861,0:07:34.522 Det var det eg hadde å rå meg med. 0:07:34.523,0:07:39.523 Det var nok underleg, men eg busa ut: 0:07:40.417,0:07:42.532 (Polsk) Ein viss frosk følte seg slapp 0:07:42.532,0:07:46.084 så ho gjekk til doktor´n [br]og sa ho var sjuk. 0:07:46.085,0:07:50.458 Doktor´n tok på seg brillene -[br]han var gamal." 0:07:51.564,0:07:53.882 Eg kasta eit blikk på politimennene. 0:07:53.883,0:07:56.483 Dei stirra på meg. 0:07:56.484,0:07:57.813 (Latter) 0:07:58.653,0:08:01.659 Eg meiner å hugse at ein av dei[br]klødde seg i hovudet. 0:08:02.669,0:08:05.242 Og så smilte dei. 0:08:06.112,0:08:07.339 Dei smilte! 0:08:07.340,0:08:10.879 Og det roa meg ned, 0:08:10.880,0:08:14.256 i alle fall nok til at [br]nokre meir relevante ord 0:08:14.257,0:08:16.677 kunne ramle inn igjen i hovudet mitt. 0:08:16.688,0:08:19.687 Eg stotra fram eit par halve setningar: 0:08:19.688,0:08:23.483 ”Lei for det – trong mat – aldri igjen.” 0:08:24.763,0:08:26.262 Dei lét meg gå. 0:08:27.334,0:08:32.458 I det eg sprang inn i butikken, ropa dei:[br](polsk) “Szczęśliwej podróży!" 0:08:32.480,0:08:34.020 ”God tur vidare!” 0:08:34.650,0:08:39.006 Det er ikkje mi meining å motivere[br]dykk til å lære framandspråk 0:08:39.006,0:08:42.696 slik at de kan reise verda rundt [br]og bryte lovar og sleppe straff. 0:08:44.326,0:08:49.481 Denne lille episoden illustrerer [br]korleis nokre få ord, 0:08:50.261,0:08:53.760 kor enkle og tåpelege dei måtte vere,[br]nokre få ord 0:08:53.761,0:08:57.991 kan gå rett inn i hjartet – [br]og få det til å smelte. 0:08:58.901,0:09:01.771 Ikkje for det, [br]det fanst eit alternativ til frosken. 0:09:01.772,0:09:04.207 Ein ting eg kunne like bra: 0:09:05.857,0:09:07.232 Ei drikkevise. 0:09:07.233,0:09:08.525 (Latter) 0:09:09.185,0:09:11.394 Det hadde nok ikkje vorte lønt [br]med eit smil , 0:09:12.124,0:09:14.430 men med ein tur til politistasjonen 0:09:14.431,0:09:15.661 for ei blodprøve. 0:09:17.603,0:09:21.133 Du treng ikkje lære mange språk, 0:09:21.134,0:09:24.153 og du treng ikkje lære dei grundig. 0:09:24.154,0:09:26.162 Du kjem langt med lite. 0:09:27.122,0:09:30.383 Ti ord til hjartet kan ha større verknad 0:09:30.384,0:09:32.964 enn tusen ord til hovudet. 0:09:34.644,0:09:38.741 Du kan alltid velje å bruke [br]engelsk og møtast på midten. 0:09:39.851,0:09:44.822 Men du kan òg velje å vere [br]den som kryssar midtlina 0:09:44.823,0:09:49.393 for å møte den nye kjenningen din, [br]motstandaren din, kven det måtte vere, 0:09:49.394,0:09:51.480 på deira eige territorium. 0:09:52.375,0:09:55.334 Det å snakke den andre sitt språk[br]gjer deg ikkje svak, 0:09:55.336,0:09:57.066 det viser at du er sterk. 0:09:57.856,0:10:04.241 Det er den som har motet[br]og som veljer å krysse liner, 0:10:05.221,0:10:06.923 som vinn til slutt. 0:10:08.292,0:10:12.210 Ikkje ver redd for å gjere feil.[br]Feil gjer deg menneskeleg. 0:10:12.918,0:10:16.836 Og i dette tilfellet finst det ein bonus. 0:10:18.091,0:10:20.692 Dersom du gjer ein feil ”der ute” 0:10:20.693,0:10:26.090 gir du dei andre ei mogelegheit [br]til å kome deg i møte. 0:10:26.091,0:10:31.933 Og på denne måten vil bandet [br]som du sjølv har knytt verte sterkare. 0:10:32.934,0:10:37.190 Har du lyst til å gjere deg forstått 0:10:38.280,0:10:39.970 eller har du lyst til å knyte band? 0:10:41.650,0:10:46.520 La oss alle saman halde fram [br]med å lære og bruke engelsk 0:10:48.080,0:10:52.561 slik at vi kan samhandle med eit blanda[br]publikum, som vi gjer her på TEDx. 0:10:53.591,0:10:57.697 Engelsk er eit kraftig verktøy [br]for å dele kunnskap, 0:10:57.698,0:11:03.750 for å gjennomføre internasjonale [br]konferansar om globale problem. 0:11:04.940,0:11:10.161 Framfør alt er engelsk motorvegen [br]til 365 millionar hjarte. 0:11:11.131,0:11:17.170 For 365 millionar menneske [br]angar engelsk av kjeks. 0:11:18.927,0:11:20.717 Men kvifor skulle vi stoppe der? 0:11:22.007,0:11:24.535 Kvifor ikkje gjere ein ekstra innsats 0:11:24.536,0:11:27.696 og lære minst eitt anna framandspråk? 0:11:28.776,0:11:31.784 Det finst kjeksar av mange slag der ute. 0:11:31.785,0:11:34.181 La oss smake på ein ny ein. 0:11:34.990,0:11:36.051 Takk. 0:11:36.463,0:11:37.755 (Applaus)