WEBVTT 00:00:00.000 --> 00:00:03.000 Mange kjenner kanskje til historia om dei to forretningsmennene 00:00:03.000 --> 00:00:06.000 som reiste til Afrika på 1900-talet. 00:00:06.000 --> 00:00:08.000 Dei vart sende dit for å kartlegge muligheitene 00:00:08.000 --> 00:00:10.000 for å selge sko. 00:00:10.000 --> 00:00:13.000 Og dei skreiv telegram tilbake til Manchester. 00:00:13.000 --> 00:00:17.000 Ein av dei skreiv: "Situasjon håplaus. Stopp. 00:00:17.000 --> 00:00:18.000 Dei brukar ikkje sko." 00:00:18.000 --> 00:00:21.000 Og den andre skreiv: "Strålande muligheiter. 00:00:21.000 --> 00:00:23.000 Dei har ingen sko enno." 00:00:23.000 --> 00:00:24.000 (Latter) NOTE Paragraph 00:00:24.000 --> 00:00:27.000 Det er ein liknande situasjon i den klassiske musikkverda, 00:00:28.000 --> 00:00:29.000 fordi det fins nokre som tenkjer at 00:00:29.000 --> 00:00:32.000 klassisk musikk heldt på å døy ut. 00:00:33.000 --> 00:00:36.000 Og det fins nokon av oss som trur at de knapt har sett starten. 00:00:36.000 --> 00:00:40.000 Og heller enn å gå inn på statistikkar, trender, 00:00:40.000 --> 00:00:42.000 og fortelje om alle orkestra som legg ned, 00:00:42.000 --> 00:00:45.000 og plateselskapa som går under, 00:00:45.000 --> 00:00:49.000 tenkte eg vi skulle gjere eit eksperiment ikveld - eit eksperiment. 00:00:49.000 --> 00:00:53.000 Eigentleg er det ikkje eit eksperiment, for eg veit resultatet. NOTE Paragraph 00:00:54.000 --> 00:00:56.000 Men det er litt som eit eksperiment. No, før vi -- 00:00:56.000 --> 00:01:00.000 (Latter) 00:01:00.000 --> 00:01:02.000 -- før vi startar må eg gjere to ting. 00:01:02.000 --> 00:01:06.000 Ein: Eg vil minne dykk om korleis ein sjuåring 00:01:07.000 --> 00:01:08.000 høyrast ut når det spelar piano. 00:01:08.000 --> 00:01:10.000 Kanskje har du dette barnet heime. 00:01:11.000 --> 00:01:12.000 Det høyrast litt ut som dette. 00:01:12.000 --> 00:01:32.000 (Piano) 00:01:32.000 --> 00:01:34.000 Eg ser at nokre av dykk kjenner igjen dette barnet. 00:01:34.000 --> 00:01:39.000 Dersom barnet øvar i eit år og tek timar, det er no åtte, 00:01:39.000 --> 00:01:40.000 høyrast det slik ut. 00:01:40.000 --> 00:01:47.000 (Piano) 00:01:47.000 --> 00:01:50.000 So øvar det i eit år til og tek fleire timar; no er barnet ni år. 00:01:50.000 --> 00:01:56.000 (Piano) 00:01:56.000 --> 00:01:59.000 So øvar det eitt til og tek timar; no er barnet ti. 00:01:59.000 --> 00:02:06.000 (Piano) 00:02:06.000 --> 00:02:07.000 På dette tidspunktet gir dei som regel opp. 00:02:07.000 --> 00:02:09.000 (Latter) 00:02:09.000 --> 00:02:11.000 (Applaus) 00:02:11.000 --> 00:02:13.000 Dersom de no hadde venta, venta eitt år til, 00:02:14.000 --> 00:02:15.000 hadde de høyrt dette: 00:02:15.000 --> 00:02:24.000 (Piano) NOTE Paragraph 00:02:24.000 --> 00:02:27.000 Det som no har skjedd er kanskje ikkje det de trur, 00:02:27.000 --> 00:02:30.000 som til dømes, barnet vart plutseleg lidenskapleg, engasjert, 00:02:30.000 --> 00:02:33.000 involvert, fekk ein ny lærar, traff puberteten, eller kva det no er. 00:02:33.000 --> 00:02:37.000 Det som eigentleg skjedde var at impulsane vart reduserte. 00:02:38.000 --> 00:02:39.000 De skjønar, fyrste gongen spelte barnet 00:02:39.000 --> 00:02:41.000 med ein impuls på kvar note. 00:02:42.000 --> 00:02:44.000 (Piano) 00:02:44.000 --> 00:02:46.000 Andre gongen med impuls på annakvar note. 00:02:47.000 --> 00:02:49.000 (Piano) 00:02:49.000 --> 00:02:50.000 De ser det på hovudet mitt. 00:02:51.000 --> 00:02:52.000 (Latter) 00:02:52.000 --> 00:02:54.000 Det ni år gamle barnet, niåringen, 00:02:54.000 --> 00:02:55.000 la ein impuls på kvar fjerde note. 00:02:55.000 --> 00:02:57.000 (Piano) 00:02:58.000 --> 00:02:59.000 Og tiåringen på kvar åttande note. 00:02:59.000 --> 00:03:02.000 (Piano) 00:03:02.000 --> 00:03:04.000 Og elleveåringen, ein impuls på heile frasa. 00:03:04.000 --> 00:03:07.000 (Piano) NOTE Paragraph 00:03:08.000 --> 00:03:10.000 Eg veit -- eg veit ikkje korleis vi kom til denne stillinga. 00:03:10.000 --> 00:03:12.000 (Latter) 00:03:13.000 --> 00:03:15.000 Eg sa ikkje at eg ville bevege skuldra mi, flytte kroppen. 00:03:15.000 --> 00:03:17.000 Nei, musikken dytta meg over, 00:03:17.000 --> 00:03:19.000 som forklarar kvifor eg kallar det "å spele med ein rumpeball". 00:03:19.000 --> 00:03:21.000 (Piano) 00:03:21.000 --> 00:03:22.000 Det kan og vere den andre rumpeballen. 00:03:22.000 --> 00:03:26.000 (Piano) 00:03:26.000 --> 00:03:29.000 Ein mann såg ein gong på ein presentasjon eg hadde 00:03:29.000 --> 00:03:30.000 medan eg jobba med ein ung pianist. 00:03:31.000 --> 00:03:33.000 Han var leiaren for ei bedrift i Ohio. 00:03:33.000 --> 00:03:35.000 Og eg jobba med denne unge pianisten 00:03:36.000 --> 00:03:38.000 og eg sa, "Problemet ditt er at du spelar med begge rumpeballane. 00:03:38.000 --> 00:03:40.000 Du burde spele med berre ein." 00:03:40.000 --> 00:03:42.000 Og eg flytta kroppen hans slik medan han spelte. 00:03:42.000 --> 00:03:44.000 Og plutseleg tok musikken av. Han byrja å flyge. 00:03:45.000 --> 00:03:47.000 Det gjekk eit gisp gjennom publikum når dei haurde skilnaden. 00:03:47.000 --> 00:03:49.000 Seinare fekk eg eit brev frå denne mannen. 00:03:49.000 --> 00:03:50.000 Han sa: "Eg vart so rørd. 00:03:50.000 --> 00:03:52.000 Eg drog tilbake og transformerte heile selskapet mitt 00:03:53.000 --> 00:03:54.000 til eit ein-rumpeball-selskap." 00:03:54.000 --> 00:03:57.000 (Latter) NOTE Paragraph 00:03:58.000 --> 00:04:00.000 Den andre tingen eg ville gjere er å fortelje dykk om de sjølve. 00:04:00.000 --> 00:04:03.000 De er vel 1600 menneske, tippar eg. 00:04:03.000 --> 00:04:06.000 Mitt estimat er at truleg 45 av dykk 00:04:06.000 --> 00:04:08.000 er fullstendig oppslukt av klassisk musikk. 00:04:09.000 --> 00:04:14.000 De elskar klassisk musikk. Radioen står alltid på eit klassisk stille. 00:04:14.000 --> 00:04:17.000 Og de har CDar i bilen, og de går på symfoniar. 00:04:17.000 --> 00:04:18.000 Og borna dykkar spelar instrument. 00:04:18.000 --> 00:04:20.000 De kan ikkje sjå for dykk livet utan klassisk musikk. 00:04:21.000 --> 00:04:23.000 Det er den fyrste gruppa; det er ei relativt lita gruppe. 00:04:23.000 --> 00:04:25.000 So er det den andre, større gruppa. 00:04:25.000 --> 00:04:27.000 Dette er menneska som ikkje har noko imot klassisk musikk. 00:04:27.000 --> 00:04:28.000 (Latter) 00:04:28.000 --> 00:04:30.000 De veit, du kjem heim frå ein lang dag 00:04:30.000 --> 00:04:32.000 og du tek deg eit glas med vin og set føtene høgt. 00:04:33.000 --> 00:04:35.000 Litt Vivaldi i bakgrunnen skadar ikkje. 00:04:35.000 --> 00:04:36.000 (Latter) 00:04:36.000 --> 00:04:37.000 Det er den andre gruppa. 00:04:37.000 --> 00:04:38.000 No kjem den tredje gruppa. 00:04:38.000 --> 00:04:40.000 Dette er menneska som aldri lyttar til klassisk musikk. 00:04:40.000 --> 00:04:42.000 Det er berre ikkje ein del av livet deira. 00:04:43.000 --> 00:04:45.000 Du høyrer det kanskje som bakgrunnslyd på flyplassen, men -- 00:04:45.000 --> 00:04:47.000 (Latter) 00:04:47.000 --> 00:04:48.000 -- og kanskje ein liten marsj frå Aida 00:04:48.000 --> 00:04:51.000 når du kjem inn i avgangshallen. Men elles høyrer du det ikkje. 00:04:52.000 --> 00:04:53.000 Det er kanskje den største gruppa av dei alle. NOTE Paragraph 00:04:53.000 --> 00:04:55.000 Og so er det ei særs lita gruppe. 00:04:55.000 --> 00:04:58.000 Dette er menneska som trur dei er tonedøve. 00:04:58.000 --> 00:05:00.000 Eit enormt tal menneske trur dei er tonedøve. 00:05:01.000 --> 00:05:03.000 Faktisk høyrer eg det ofte: "Mannen min er tonedøv." 00:05:03.000 --> 00:05:04.000 (Latter) 00:05:04.000 --> 00:05:07.000 Men faktisk, du kan ikkje vere tonedøv. Ingen er tonedøve. 00:05:07.000 --> 00:05:10.000 Dersom du var tonedøv, kunne du ikkje skifte gir 00:05:10.000 --> 00:05:12.000 på bilen din, i ein manuellgira bil. 00:05:12.000 --> 00:05:14.000 Du kunne ikkje skilje mellom 00:05:14.000 --> 00:05:16.000 nokon frå Texas og nokon frå Roma. 00:05:16.000 --> 00:05:20.000 Og telefonen. Telefonen. Hvis mor di ringer 00:05:21.000 --> 00:05:23.000 på den miserable telefonen, ho ringer og seier "Hallo," 00:05:23.000 --> 00:05:26.000 og du veit ikkje berre kven det er, men og kva stemning ho er i. 00:05:27.000 --> 00:05:30.000 Du har eit fantastisk øyre. Alle har eit fantastisk øyre. 00:05:30.000 --> 00:05:32.000 Så ingen er tonedøve. NOTE Paragraph 00:05:32.000 --> 00:05:36.000 Men veit de kva. Det funkar ikkje for meg å fortsette med dette 00:05:36.000 --> 00:05:39.000 med ein so stor kløft mellom dei som forstår, 00:05:40.000 --> 00:05:42.000 elskar og er lidenskaplege om klassisk musikk, 00:05:42.000 --> 00:05:45.000 og dei som ikkje har noko forhold til det i det heile tatt. 00:05:45.000 --> 00:05:47.000 Dei tonedøve, dei er ikkje her lengre. 00:05:47.000 --> 00:05:51.000 Men sjølv mellom dei tre kategoriane er kløfta for stor. 00:05:51.000 --> 00:05:55.000 Så eg kjem ikkje til å fortsette før kvar og ein person i dette romet, 00:05:55.000 --> 00:06:00.000 i etasja under og i Aspen, og elles alle som ser på, 00:06:01.000 --> 00:06:04.000 elskar og forstår klassisk musikk. 00:06:04.000 --> 00:06:06.000 Så det er det vi skal gjere no. NOTE Paragraph 00:06:07.000 --> 00:06:12.000 De legg vel merke til at det ikkje er den minste tvil i sinnet mitt 00:06:12.000 --> 00:06:15.000 om at dette kjem til å fungere hvis de ser på ansiktet mitt? 00:06:15.000 --> 00:06:19.000 Det er ein av karakteristikkane til ein leiar, at han ikkje tvilar 00:06:19.000 --> 00:06:22.000 eit sekund på kapasiteten til menneska han leier 00:06:23.000 --> 00:06:25.000 til å realisere kva han enn drøymer om. 00:06:25.000 --> 00:06:28.000 Tenk hvis Martin Luther King hadde sagt: "Eg har ein draum. 00:06:28.000 --> 00:06:30.000 Men eg er ikkje sikker på om folk er klare for det." 00:06:30.000 --> 00:06:33.000 (Latter) NOTE Paragraph 00:06:34.000 --> 00:06:36.000 Javel. Så eg skal ta eit stykke av Chopin. 00:06:36.000 --> 00:06:41.000 Dette er eit vakkert stykke av Chopin. Nokre av dykk kjenner til det. 00:06:42.000 --> 00:07:10.000 (Musikk) 00:07:10.000 --> 00:07:12.000 Veit de kva eg trur skjedde i romet no? 00:07:13.000 --> 00:07:15.000 Når eg starta, tenkte de: "Kor vakkert det høyrest ut." 00:07:15.000 --> 00:07:28.000 (Musikk) 00:07:29.000 --> 00:07:30.000 "Eg trur ikkje vi bør reise til den same plassen 00:07:30.000 --> 00:07:32.000 i sommarferien neste år." 00:07:32.000 --> 00:07:35.000 (Latter) 00:07:35.000 --> 00:07:38.000 Litt morosamt, eller kva? Det er morosamt korleis desse tankane 00:07:38.000 --> 00:07:41.000 på ein måte driv inn i hovudet ditt. 00:07:41.000 --> 00:07:42.000 Og sjølvsagt -- 00:07:42.000 --> 00:07:45.000 (Applause) 00:07:45.000 --> 00:07:47.000 -- og sjølvsagt, hvis stykket er langt og de har hatt ein lang dag, 00:07:48.000 --> 00:07:49.000 kan det vere at de driv vekk. 00:07:49.000 --> 00:07:51.000 Så dultar sidemannen til deg 00:07:51.000 --> 00:07:55.000 og seier "Våkn opp! Det er kultur!" Og så føler du deg enno verre. NOTE Paragraph 00:07:55.000 --> 00:07:58.000 Men har de nokonsinne tenkt på at grunnen til at de føler dykk søvnige 00:07:59.000 --> 00:08:01.000 til klassisk musikk ikkje er på grunn av dykk, men på grunn av oss? 00:08:01.000 --> 00:08:03.000 Tenkte nokon medan eg spelte, 00:08:03.000 --> 00:08:05.000 "Kvifor brukar han so mange impulsar?" 00:08:05.000 --> 00:08:08.000 Om eg hadde gjort slik med hovudet hadde de garantert tenkt det. 00:08:09.000 --> 00:08:14.000 (Musikk) 00:08:14.000 --> 00:08:18.000 Og for resten av livet, kvar gong de høyrer klassisk musikk 00:08:18.000 --> 00:08:22.000 vil de alltid vere i stand til å vite når de høyrer desse impulsane. NOTE Paragraph 00:08:22.000 --> 00:08:24.000 Så lat oss sjå kva som eigentleg skjer her. 00:08:24.000 --> 00:08:29.000 Vi har ein H. Dette er ein H. Den neste noten er ein C. 00:08:29.000 --> 00:08:32.000 Og jobben til C er å gjere H-en trist. Og det gjer den, eller kva? 00:08:32.000 --> 00:08:35.000 (Latter) 00:08:35.000 --> 00:08:37.000 Komponistar veit det. Hvis dei vil lage trist musikk 00:08:37.000 --> 00:08:38.000 spelar dei berre dei to notane. 00:08:38.000 --> 00:08:43.000 (Musikk) 00:08:43.000 --> 00:08:45.000 Men eigentleg er det berre ein H, med fire trist. 00:08:45.000 --> 00:08:47.000 (Latter) 00:08:48.000 --> 00:08:53.000 No går det ned til ein A. No til G og so til F. 00:08:53.000 --> 00:08:57.000 Så vi har H, A, G, F. Og om vi har H, A, G, F, 00:08:58.000 --> 00:09:04.000 kva forventar vi etterpå? Åh, det kan ha vore eit lykketreff. 00:09:04.000 --> 00:09:10.000 La oss prøve igjen. Ooh, TED-koret! 00:09:10.000 --> 00:09:13.000 (Latter) 00:09:13.000 --> 00:09:17.000 Og de merkar korleis ingen er tonedøve, ikkje sant? Ingen. 00:09:17.000 --> 00:09:19.000 De veit, kvar landsby i Bangladesh 00:09:19.000 --> 00:09:24.000 og kvar bygd i Kina. Alle veit: 00:09:25.000 --> 00:09:28.000 da, da, da, da -- da. Alle veit at dei forventar den E-en. NOTE Paragraph 00:09:28.000 --> 00:09:31.000 Men Chopin ville ikkje treffe E der, 00:09:32.000 --> 00:09:34.000 for kva hadde skjedd då? Det hadde vore over, slik som Hamlet. 00:09:34.000 --> 00:09:36.000 Huskar de Hamlet. Akt 1, scene 3: 00:09:37.000 --> 00:09:38.000 Han finn ut at onkelen hans drepte faren hans. 00:09:38.000 --> 00:09:40.000 Og de huskar korleis han går opp til onkelen 00:09:40.000 --> 00:09:41.000 og nesten drep han. So trekk han seg tilbake 00:09:41.000 --> 00:09:44.000 og han går opp til han og nesten drep han. 00:09:44.000 --> 00:09:46.000 Og kritikarane, som alle sit der på bakerste rad, 00:09:46.000 --> 00:09:49.000 dei må gjere seg opp ei meining, så dei seier: "Hamlet er ein somlepave." 00:09:49.000 --> 00:09:50.000 (Latter) 00:09:50.000 --> 00:09:52.000 Eller dei seier: "Hamlet har eit Oedipuskompleks." 00:09:53.000 --> 00:09:56.000 Nei, for eller hadde stykket vore over, dummen. 00:09:56.000 --> 00:09:58.000 Det er derfor Shakespeare puttar alle greiene inn i Hamlet. 00:09:59.000 --> 00:10:01.000 De veit, Ophelia blir gal og alt skodespelet inne i skodespelet, 00:10:01.000 --> 00:10:02.000 og hovudskallen til Yorick og gravrøvarane. 00:10:03.000 --> 00:10:06.000 Det er der for å utsetje ting -- til han kan drepe onkelen i femte akt. NOTE Paragraph 00:10:06.000 --> 00:10:11.000 Det er det same med Chopin. Han skal akkurat til å treffe E, 00:10:11.000 --> 00:10:13.000 og han seier: "Oops, betre å gå opp att og starte på nytt." 00:10:13.000 --> 00:10:16.000 Så han gjer det igjen. 00:10:17.000 --> 00:10:20.000 No vert han opprømt -- det er opprøme, 00:10:20.000 --> 00:10:21.000 de treng ikkje å tenke på det. 00:10:22.000 --> 00:10:24.000 No treff han ein F# og endeleg går han ned til E, 00:10:24.000 --> 00:10:27.000 men det er feil akkord. Fordi akkorden han leitar etter 00:10:28.000 --> 00:10:31.000 er denne, og istaden gjer han... 00:10:31.000 --> 00:10:35.000 Vi kallar dette ein skuffande kadens, fordi det skuffar oss. 00:10:36.000 --> 00:10:38.000 Eg seier alltid til studentane mine: "Dersom du har ein skuffande kadens, 00:10:38.000 --> 00:10:40.000 pass på å løfte augebrynet ditt slik at alle skjønar det." 00:10:40.000 --> 00:10:43.000 (Latter) 00:10:43.000 --> 00:10:46.000 (Applaus) 00:10:47.000 --> 00:10:49.000 Riktig. Så han går til E, men det er feil akkord. 00:10:49.000 --> 00:10:52.000 No, han prøvar E igjen. Den akkorden funkar ikkje. 00:10:52.000 --> 00:10:55.000 Han prøvar E igjen. Den akkorden funkar ikkje. 00:10:55.000 --> 00:10:57.000 Han prøvar E igjen, og det funkar ikkje. 00:10:58.000 --> 00:11:01.000 Og så plutselig... 00:11:01.000 --> 00:11:05.000 Det var ein herremann på fremste rad som sa: "Mmm." 00:11:06.000 --> 00:11:08.000 Det er den same lyden han lagar når han kjem heim 00:11:08.000 --> 00:11:11.000 etter ein lang dag, slår av tenninga på bilen og seier, 00:11:12.000 --> 00:11:15.000 "Aah, eg er heime." For vi veit alle kvar heime er. NOTE Paragraph 00:11:15.000 --> 00:11:18.000 Så dette er eit stykke som går frå borte til heime. 00:11:18.000 --> 00:11:20.000 Og eg skal spele det heile veien igjennom 00:11:20.000 --> 00:11:23.000 og de kjem til å fylgje. B, C, B, C, B, C, B, -- 00:11:23.000 --> 00:11:25.000 ned til A, ned til G, ned til F. 00:11:25.000 --> 00:11:27.000 Går nesten til E, men elles hadde stykket vore over. 00:11:28.000 --> 00:11:30.000 Han går tilbake til B. Han blir særs opprømd. Går til F#, går til E. 00:11:30.000 --> 00:11:32.000 Det er feil akkord. Det er feil akkord. Det er feil akkord. 00:11:33.000 --> 00:11:35.000 Og endeleg går til E, og vi er heime. 00:11:35.000 --> 00:11:38.000 Og det de skal få sjå er spel med ein rumpeball. 00:11:38.000 --> 00:11:41.000 (Latter) 00:11:41.000 --> 00:11:43.000 Fordi for meg, for å smelte B saman med E, 00:11:44.000 --> 00:11:49.000 må eg slutte å tenke på kvar einaste note langs veien 00:11:49.000 --> 00:11:54.000 og starte å tenke på den lange, lange linja frå B til E. NOTE Paragraph 00:11:55.000 --> 00:11:59.000 De veit, eg var nettopp i Sør-Afrika, og du kan ikkje reise til Sør-Afrika 00:11:59.000 --> 00:12:02.000 utan å tenke på Mandela i fengsel i 27 år. 00:12:03.000 --> 00:12:05.000 Kva tenkte han på? Lunsj? 00:12:05.000 --> 00:12:08.000 Nei, han tenkte på visjonen for Sør-Afrika 00:12:09.000 --> 00:12:10.000 og for menneska. Det er det som heldt -- 00:12:10.000 --> 00:12:13.000 dette er om visjon; dette er om den lange linja. 00:12:13.000 --> 00:12:15.000 Som fuglen som flyg over jordet 00:12:15.000 --> 00:12:19.000 og som ikkje bryr seg om gjerdet under seg, ikkje sant? 00:12:19.000 --> 00:12:22.000 Så no skal de fylgje linja heile vegen frå B til E. 00:12:22.000 --> 00:12:26.000 Og eg har eit siste ønske før eg spelar dette stykket frå start til slutt. 00:12:26.000 --> 00:12:31.000 Kan de tenke på nokon de verkeleg er glade i, som ikkje fins lengre? 00:12:31.000 --> 00:12:34.000 Ei kjær bestemor, ein elskar, 00:12:35.000 --> 00:12:38.000 nokon i livet som du elskar med heile hjartet, 00:12:38.000 --> 00:12:41.000 men personen er ikkje hjå deg lengre. 00:12:42.000 --> 00:12:45.000 Ta den personen inn i sinnet dykkar, og samstundes, 00:12:45.000 --> 00:12:49.000 følg linja heile vegen frå B til E, 00:12:49.000 --> 00:12:57.000 og de vil høyre alt Chopin hadde å seie. 00:12:57.000 --> 00:14:48.000 (Musikk) 00:14:48.000 --> 00:14:55.000 (Applaus) NOTE Paragraph 00:14:55.000 --> 00:15:00.000 De lurar no kanskje, 00:15:00.000 --> 00:15:06.000 de lurar no kanskje på kvifor eg klappar. 00:15:06.000 --> 00:15:08.000 Vel, gjorde dette på ein skule i Boston 00:15:08.000 --> 00:15:12.000 med cirka 70 sjuandeklassingar -- tolvåringar. 00:15:12.000 --> 00:15:14.000 Og eg gjorde akkurat kva eg gjorde med dykk, og eg sa til dei 00:15:14.000 --> 00:15:15.000 og forklarde alt til dei. 00:15:15.000 --> 00:15:17.000 Og på slutten gjekk dei amok, klappande. Dei klappa. 00:15:18.000 --> 00:15:19.000 Eg klappa. Dei klappa. 00:15:19.000 --> 00:15:21.000 Til slutt sa eg: "Kvifor klappar eg?" 00:15:21.000 --> 00:15:22.000 Og en av dei vesle borna sa, "Fordi vi haurde etter." 00:15:22.000 --> 00:15:27.000 (Latter) 00:15:28.000 --> 00:15:30.000 Tenk på det. 1 600 menneske, travle menneske, 00:15:30.000 --> 00:15:32.000 involverte i all verdas saker og ting. 00:15:33.000 --> 00:15:39.000 Lyttande, forståande og bevega av eit stykke av Chopin. 00:15:39.000 --> 00:15:40.000 Det er jammen noko. 00:15:40.000 --> 00:15:43.000 Eg er sikker på at kvar einskild person følgde med, 00:15:43.000 --> 00:15:45.000 forsto det, vart bevegd av det. Sjølvsagt kan eg ikkje vere sikker. 00:15:46.000 --> 00:15:47.000 Men eg skal seie kva som skjedde med meg. NOTE Paragraph 00:15:47.000 --> 00:15:50.000 Eg var i Irland under problema for ti år sidan, 00:15:50.000 --> 00:15:53.000 og eg jobba med katolske og protestantiske barn 00:15:53.000 --> 00:15:57.000 rundt konflinkhandtering. Og eg gjorde dette med dei. 00:15:58.000 --> 00:16:00.000 Ein risikabel ting å gjere, sidan dei var gateborn. 00:16:00.000 --> 00:16:03.000 Og ein av dei kom bort til meg den neste morgonen og han sa, 00:16:04.000 --> 00:16:07.000 "Veit du, eg har aldri haurdt på klassisk musikk før i heile mitt liv, 00:16:07.000 --> 00:16:08.000 men når du spelte det handlestykket..." (Chopin//shopping) 00:16:08.000 --> 00:16:11.000 (Latter) 00:16:11.000 --> 00:16:15.000 Han sa: "Broren min vart skoten ifjor og eg gråt ikkje over han. 00:16:16.000 --> 00:16:17.000 Men igår kveld når du spelte det stykket, 00:16:17.000 --> 00:16:20.000 så tenkte eg på han. 00:16:20.000 --> 00:16:22.000 Og eg kjende tårene strøyme ned ansiktet. 00:16:22.000 --> 00:16:25.000 Og veit du, det kjentes veldig godt å gråte over bror min." 00:16:25.000 --> 00:16:27.000 Så eg bestemte meg i den augneblinken 00:16:27.000 --> 00:16:34.000 fot at klassisk musikk er for alle. Alle. NOTE Paragraph 00:16:35.000 --> 00:16:37.000 No, korleis kunne du gå -- fordi, du veit, 00:16:37.000 --> 00:16:41.000 bransjen min, musikkprofesjonen ser ikkje på det sånn. 00:16:41.000 --> 00:16:44.000 Dei seier at tre prosent av befolkninga likar klassisk musikk. 00:16:44.000 --> 00:16:48.000 Om vi berre kunne få det opp til fire prosent er problema våre over. 00:16:49.000 --> 00:16:52.000 Eg seier: "Korleis kan du gå? Korleis kan du snakke? Korleis kan du vere 00:16:52.000 --> 00:16:55.000 dersom du trudde at tre prosent av befolkninga likte klassisk musikk? 00:16:56.000 --> 00:16:58.000 Hvis vi berre kunne flytte det til fire prosent. Korleis kunne du gå? 00:16:58.000 --> 00:17:00.000 Korleis kunne du prate? Korleis kunne du vere 00:17:00.000 --> 00:17:02.000 om du trudde at alle likte klassisk musikk -- 00:17:02.000 --> 00:17:04.000 dei visste berre ikkje om det enda." 00:17:04.000 --> 00:17:05.000 (Latter) 00:17:05.000 --> 00:17:07.000 De skjønar, dette er totalt forskjellige verder. NOTE Paragraph 00:17:08.000 --> 00:17:11.000 Eg hadde ei fantastisk oppleving. Eg var 45 år gamal, 00:17:11.000 --> 00:17:16.000 og eg hadde dirigert i 20 år, og innsåg plutseleg noko. 00:17:17.000 --> 00:17:20.000 Dirigenten i eit orkester lagar ikkje ein einaste lyd. 00:17:20.000 --> 00:17:22.000 Biletet mitt er på framsida av CD-en -- 00:17:22.000 --> 00:17:25.000 (Latter) 00:17:25.000 --> 00:17:27.000 -- men dirigenten lagar ikkje ein einaste lyd. 00:17:28.000 --> 00:17:32.000 Han er avhengig av si kraft til å gjere andre menneske kraftfulle. 00:17:32.000 --> 00:17:36.000 Og det endra alt for meg. Det var livsendrande. 00:17:37.000 --> 00:17:38.000 Musikarane i orkesteret mitt kom opp til meg og sa, 00:17:38.000 --> 00:17:40.000 "Ben, kva har skjedd?" Det hadde skjedd. 00:17:40.000 --> 00:17:45.000 Eg innsåg at jobben min var å vekke muligheiter i andre menneske. 00:17:45.000 --> 00:17:48.000 Og sjølvsagt, eg ville vite om eg klarde det eller ikkje. 00:17:48.000 --> 00:17:51.000 Og veit du korleis du finn det ut? Du ser på augene deira. 00:17:51.000 --> 00:17:55.000 Dersom augene skin, veit du at du gjer det rett. 00:17:56.000 --> 00:17:57.000 Du kunne lyse opp ein by med augene til han her. 00:17:57.000 --> 00:17:59.000 (Latter) 00:17:59.000 --> 00:18:01.000 Nettopp. Så dersom augene skin, veit du at du gjer det rett. 00:18:01.000 --> 00:18:04.000 Dersom augene ikkje skin, må du spørje deg sjølv eit spørsmål. 00:18:04.000 --> 00:18:05.000 Og dette er spørsmålet: 00:18:05.000 --> 00:18:11.000 Kven er eg, som gjer at augene til spelarane mine ikkje skin? 00:18:12.000 --> 00:18:13.000 Vi kan gjere det med borna våre og. 00:18:13.000 --> 00:18:18.000 Kven er eg, som gjer at augene til bornet mitt ikkje skin? 00:18:19.000 --> 00:18:21.000 Det er ei totalt annleis verd. NOTE Paragraph 00:18:21.000 --> 00:18:26.000 Vi skal til å ende denne magiske veka oppe på eit fjell, 00:18:27.000 --> 00:18:28.000 og vi skal tilbake til verda. 00:18:28.000 --> 00:18:32.000 Og eg seier, det er passande for oss å spørje spørsmålet: 00:18:32.000 --> 00:18:37.000 Kven er vi, no som vi går tilbake ut i verda? 00:18:37.000 --> 00:18:39.000 Og du veit, eg har ein definisjon av suksess. 00:18:40.000 --> 00:18:42.000 For meg er det veldig enkelt. Det handlar ikkje om rikdom og berøming. 00:18:42.000 --> 00:18:45.000 Det handlar om kor mange skinande auge eg har rundt meg. NOTE Paragraph 00:18:46.000 --> 00:18:49.000 So no har eg ein siste tanke, som er 00:18:49.000 --> 00:18:52.000 at det verkeleg utgjer ein skilnad, det vi seier. 00:18:52.000 --> 00:18:54.000 Orda som kjem ut av munnen vår. 00:18:54.000 --> 00:18:58.000 Eg lærte dette frå ei dame som overlevde Auschwitz, 00:18:58.000 --> 00:18:59.000 ei av dei få overlevande. 00:18:59.000 --> 00:19:03.000 Ho for til Auschwitz då ho var 15 år gamal, 00:19:04.000 --> 00:19:11.000 og broren hennar var åtte, og foreldra var vekk. 00:19:11.000 --> 00:19:16.000 Og ho fortalde meg dette: 00:19:16.000 --> 00:19:19.000 "Vi var i toget som skulle til Auschwitz og eg såg ned 00:19:19.000 --> 00:19:21.000 og såg at skorne til broren min var borte. 00:19:22.000 --> 00:19:25.000 Og eg sa: 'Kvifor er du så dum, kan du ikkje halde styr på tinga dine, 00:19:25.000 --> 00:19:26.000 for guds skuld?'" -- slik som ei eldre syster 00:19:26.000 --> 00:19:30.000 kan snakke til ein yngre bror. 00:19:30.000 --> 00:19:33.000 Dessverre var det det siste ho sa til han nokon sinne 00:19:33.000 --> 00:19:37.000 fordi ho såg han aldri igjen. Han overlevde ikkje. 00:19:37.000 --> 00:19:39.000 Når ho då kom ut av Auschwitz, avga ho eit løfte. 00:19:40.000 --> 00:19:44.000 Ho fortalde med dette. Ho sa: "Eg gjekk ut av Auschwitz ut til livet 00:19:44.000 --> 00:19:49.000 og eg avga eit løfte. Løftet var at eg aldri skulle seie noko 00:19:50.000 --> 00:19:53.000 som ikkje kunne stå som det siste eg nokonsinne sa." 00:19:53.000 --> 00:19:57.000 No, kan vi gjere det? Nei. Og vi lyg til oss sjølve 00:19:58.000 --> 00:20:05.000 og til andre om vi trur det. Men det er noko å leve opp til. Tusen takk. 00:20:05.000 --> 00:20:10.000 (Applaus) 00:20:11.000 --> 00:20:22.000 Skinande auge, skinande auge! 00:20:22.000 --> 00:20:25.000 Tusen takk, tusen takk. 00:20:26.000 --> 00:20:31.000 (Musikk)