Eg var å presenterte for om lag 300 born, alder seks til åtte, ved eit museum for born, og eg hadde med meg ein bag full av bein, liknande dei tingene dykk ser her oppe, og hadde spreidd dei ut på eit bord, for borna. Mi erfaring er at born er naturleg nysgjerrige om det dei ikkje kjennar til, eller ikkje forstår, eller det som er framand for dei. Dei lerer kun å vere redde for desse forskjellane når ein vaksen påverkar dei til å oppføra seg slik, og kanskje sensurerar den naturlege nysgjerrigheita, eller som du veit, legg band på det å stille spørsmål i håp om å få høflege små born. Så, eg berre førestelte meg ei fyrsteklasselærar ute i lobbyen med desse kavande borna, som seier, "Nå, kva enn dykk gjer, ikkje stir på beina hennar." Men, selvfølgeleg, det er jo poenget. Det var derfor eg var der, eg ville invitera dei til å sjå og utforske. Så, eg gjorde ei avtale med dei vaksne at borna kunne koma inn, utan vaksne, i to minuttar, på eiga hand. Dørane opnar seg, borna samlar seg ved dette bordet med bein, og dei prikkar og trykkar, dei bevegar tærne, og dei prøver å leggja all vekta si på sprintbeinet for å sjå kva som skjer då. Eg sa, "born, veldig kjapt -- eg vakna opp denne morgonen, og eg bestemde meg for at eg ville vere i stand til å hoppa over eit hus. ikkje noko for svært, to eller tre etasjar -- men, om dykk kunne kome på eit eller anna dyr, superhelt, eller teikneserie figur, kva som helst som du kan drøyma fram nett no, kva for bein ville dykk ha lagd til meg? Og straks var det ei stemme som ropa, "kenguru!" "Nei, nei, nei! Burde vere ein frosk!" "Nei. Det burde vere Go Go Gadget!" "Nei, nei, nei! Det burde vere De Utrulege." Og andre ting som eg ikkje -- er kjend med. Og med eitt sa ein åtteåring, "Hey, ville ikkje du likt å fly også?" Og heile rommet inkludert meg var berre, "ja." (Latter) Og ganske enkelt, gjekk eg frå å vere ei kvinne som desse borna ville vore trent til å sjå som "funksjonshemma" til nokon som hadde eit potensial som kroppane deira ikkje hadde enno. Som kanskje t.o.m kunne vere "funksjons-sterk." Interessant Så, nokre av dykk såg meg faktisk på TED, 11 år sidan, og det har vore mykje snakk om kor mykje konferansen endrar liva til både foredragholderar og publikum, og eg er ikkje noko unntak. TED var bokstaveleg talt oppskytningsrampen for det neste tiåret av mitt livs utforsking. På den tiden, var beina eg presenterte banebrytande innanfor proteser. Eg hadde vovne karbonfiber sprintbein modellert etter bakbeina på ein gepard. som dykk kan ha sett på scenen i går. Og også desse veldig naturtro, elegant måla silikon beina. Så på den tida, var det sjangsen min til å kome med ei oppfordring til innovatørar utanfor den tradisjonelle, medisin bransjen for proteser til å tilføre deira talent til vitskapen og kunsten med å byggje bein. Sånn at me kan slutta med å standarisera form, funksjon og estetikk, og i staden gje dei forskjellig betydning. Vel, heldigvis for meg, svara mange folk på den oppfordringa. Og reisa byrja, pussig nok, med ein besøkande på TED konferansen -- Chee Pearlman, som forhåpentlegvis er i salen idag. Ho var redaktøren for eit magasin den gong kalla ID, der ho gav meg eit forside oppslag. Dette starta ei forykande ferd. Merkverdige møter hendte meg på den tiden; eg hadde drive å akseptert fleire invitasjonar til å snakka om designet av gepard beina, rundt omkring i verda. Folk kom opp til meg etter konferansen, menn og kvinner. Og samtalen ville gå om lag slik, "Du veit Aimee, du er veldig attraktiv." Du ser ikkje funksjonshemma ut." (Latter) Eg tenkte, "Vel, det er fasinerande, fordi eg føler meg ikkje funksjonshemma." Og det opna verkeleg augene mine for denne dialogen som kunne utforskast, når det gjaldt skjønnheit. Kva treng ei vakker kvinne å sjå ut som? Kva er ein sexy kropp? Og verdt å merkje seg, frå eit synspunkt om identitet, kva vil det seie å ha ei funksjonshemming? Eg meinar, folkens -- Pamela Anderson har fleire proteser i kroppen hennar enn meg. Ingen kallar henne funksjonshemma. (Latter) Så, dette magasinet, gjekk frå grafisk designar Peter Saville, til mote designar Alexander McQueen, og fotograf Nick Knight, som også var interessert i å utforska den dialogen. Så, tre månader etter TED var eg på eit fly til London, for å gjere min første mote jobb, som resulterte i dette omslaget -- Funksjons-mote? Tre månader etter det, gjekk eg første gong på catwalk for for Alexander McQueen på eit par håndlagde, utskorne bein av tre lagd av solid ask. Ingen visste -- alle trudde dei var treaktige støvlar. Eg har dei faktisk med meg her: Vinranker, magnoliaer, verkeleg imponerande. Poesi er viktig. Poesi er det som hevar det banale og forsømde objektet opp til eit kunstnarleg plan. Det kan transformera tingen som kunne ha gjort folk redde til noko som inviterar dem til å sjå, og sjå litt lengre, og kanskje t.o.m. forstå. Eg fekk førstehands kjennskap til dette på mitt neste eventyr. Artisten Matthew Barney, i sitt film opus kalla Kremaster Syklusen. Det var då det verkeleg traff meg -- at beina mine kunne vere kledeleg kunst. Allerede då, byrja eg å bevega meg bort frå behovet om å kopiera det menneskelege, som det einaste estetiske idealet. Så me lagde det som folk elskverdig refererar til som kalla glass bein sjølv om dei eigentleg er optisk klar polyurethane også kalla bowling ball materiale. Tungt! Så lagde me desse beina, forma av jord. med eit system av potet røter veksande igjennom, og raudbetar ut toppen. og ein yndig tå av messing. Det er eit godt nærbilete av den. Og så er det ein annan karakter som var halvt kvinne, halvt gepard -- ei lita heidring av livet mitt som sportsutøvar. 14 timar med sminke meint for protesar. for å bli til eit dyr med artikulerte potar, klør og ein hale som vifta rundt, som ein øgle. (Latter) Og så eit anna par bein me samarbeidde på var desse ... ser ut som manet bein. Også av plast. Det einaste føremålet som desse beina kan tene utanfor ein film kontekst, er å provosera sansane våre og tenna fantasien. Så, det å vimse er viktig Idag har eg over eit dusin par bein protesar. som diverse personar har laga for meg, og med desse har eg forskjellige opplevingar med underlaget. Og eg kan endre høgda mi -- eg kjem i fem forskjellige høgder. (Latter) Idag er eg 1,85m. Og eg fekk lagd desse beina litt over eit år sidan ved Dorset Ortopedisk i England og når eg brakte dei med meg heim til Manhattan, hadde eg mi første natt ute på byen, på eit veldig fancy party. Og det var ei jente der som hadde kjend meg i fleire år med mine normale 1.73m. Ho måpa idet ho såg meg, og ho forsatte med, "Men du er så høg!" Og eg sa, "Eg veit. Er det ikkje morosamt?" Vel, det er litt som å ha stylter oppå styler, men eg har eit heilt nytt forhold til dør karmar som eg aldri hadde forventa eg skulle ha. Og eg hadde det gøy med det. Ho såg på meg, og så sa ho, "Men, Aimee, det er ikkje rettferdig." (Latter) (Applaus) Og det utrulege var at ho verkeleg meinte det. Det er ikkje rettferdig at du kan forandra høgda di, som du berre vil. Og det var då eg visste -- det var då eg visste at dialogen i samfunnet, har endra seg fundamentalt det siste tiåret. Det er ikkje lengre ei dialog om å koma over feil og manglar. Det er ein dialog om forbetring. Det er ein dialog om potensialet. Ein protese treng ikkje representera behovet for å erstatta eit tap lengre. Det kan stå som eit symbol om at beraren har styrken til å få til kva enn dei vil i det rommet. Slik at folk som samfunnet ein gong tok for å vere funksjonshemma kan nå vere arkitektane av deira eigne identitetar og halde fram med å utvikle dei identitetane gjennom å designa kroppane deira frå eit myndiggjord ståsted. Og det som verkeleg begeistrar meg no er at ved å kombinera banebrytande teknologi -- robotikk, biomekanikk -- med den eldgamle poesien, kjem me nærare ei forståing av vår kollektive humanitet. Eg trur at om me vil oppdaga det fulle potensialet i vår humanitet, så treng me å feira dei hjerteskjerande styrkane. og dei flotte funksjonshemmingane som me alle har. I tenkjar på Shakespeare's Shylock: "Om du stikk oss, blør me då ikkje?" "Og om du kitlar oss, ler me då ikkje?" Det er vår humanitet, og alt potensialet i det, som gjer oss vakre. Takk så mykje. (Applaus)