Dette er tanna til eit vaksent menneske -
- som nett har
fått ho trekt hos tannlegen.
Og for å sjå nærare på tanna,
så må vi dele ho i to.
Tanna er bygd opp lagvis.
Og midt inni her, så finn du nerven.
Utanpå der igjen ligg tannbeinet,
og heilt ytst finn du emaljen.
Og visste du at tannemaljen
er det hardaste vevet i kroppen?
Likevel, så er det ikkje alt han toler.
Det meste av dette inneheld
noko som er skikkeleg kjipt, ....
... nemleg syre.
Syre øydelegg tannemaljen, og til
slutt vil tannbeinet kome til syne.
Og når det skjer,
så byrjar gjerne isinga, -
- og det er kort veg for
bakteriane å lage eit skikkeleg hol.
Vi skal la tenner bade i
cola, mjølk, energidrikk og jus.
I tre døgn skal
tennene bade i desse væskene.
Kva drikk er verst for tennene?
Her har vi tanna frå jusen.
Ja, framleis ei tann,
men litt kvit i høgdene.
Slik såg tanna ut i energidrikken.
Begge ser ut som dei har
fått omtrent same skade.
Men kva har skjedd med tanna i colaen?
Du hadde jo blitt litt
mørk, kan vi sjå.
Colaen inneheld
sukker, syre og fargestoff.
Difor vart tannemaljen både mjuk og brun.
Tanna i mjølka var så og seie uforandra.
For mjølk er den
einaste som ikkje inneheld syre.
Syra etsar bort tannemaljen,
og då blir det lettare hol.
Vi har funne ut at tennene i jus,
energidrikk og cola alle har fått ein trøkk.
Og tanna i colaen har
kanskje fått seg den verste trøkken.
Den i mjølka derimot,
den har klart seg ganske bra.
Så eg trur berre vi kan seie:
"Folkens, drikk vatn og puss tennene!"