Hei, eg heiter John Stenersen, - - og eg har laga eit gitarkurs som gjer det veldig lett å spele kult på gitar. Eg er utdanna gitarlærar, og har vore gitarlærar i over ti år. Eg speler i eit band som heiter "Bergtatt". Eg har spelt mange konsertar i Noreg og i utlandet, - - som Tyskland, Sveits og Kina. Grunnen til at eg laga det gitarkurset her er at eg såg - - at veldig mange sleit med dei vanlege visegrepa - - som blir rekna som dei enklaste, som D, A7 og G. Dei grepa her er ikkje spesielt lette, - - for du må kroke og bøye fingrane dine i alle moglege uvande retningar. Men på det gitarkurset her, så skal du lære å spele akkurat dei same grepa - - på ein mykje, mykje enklare måte, - - nemlig med éin finger tvers over gitarhalsen heile vegen. Og nøkkelen til den måten å spele på - - er å stemme ned den djupaste strengen éin tone slik som det her. Så fort gjort er det! Då kan du spele alle grep med éin einaste finger - - rett over gitarhalsen slik som det her. Og då blir for eksempel "Fløy en liten blåfugl" slik: ♪ Fløy en liten blåfugl gjennom vindu gjennom vindu, gjennom vindu ♪ ♪ Fløy en liten blåfugl, gjennom vindu - en dag i mai ♪ Så kan du gjere slike triks som det her. ♪ Fløy en liten blåfugl gjennom vindu gjennom vindu, gjennom vindu ♪ ♪ Fløy en liten blåfugl, gjennom vindu - en dag i mai ♪ Veldig enkelt, og det læt framleis veldig kult!