Alle barn med funksjonsnedsetjingar
har rett til eit fullverdig og godt liv.
Kva betyr det?
Barn med funksjonsnedsetjingar
har akkurat dei same rettane -
- som alle andre barn.
Dei har til dømes rett til å leike,
å ha fritid, lære og bli høyrde.
Likevel opplever mange
barn med funksjonsnedsetjingar -
- at desse rettane blir brotne.
Fritidsaktivitetar er ofte
ikkje lagde til rette for alle.
Tenk viss du skal
på fritidsklubben med alle venane dine, -
- og du sit i rullestol
og det ikkje er ei rampe opp dit de skal.
Eller at filmen
de skal sjå ikkje er teksta -
- og du ikkje høyrer kva som blir sagt.
Å ikkje få delta kjennest vondt og trist.
Barn med funksjonsnedsetjingar,
må bli høyrde når dei fortel -
- om kva som er gode løysingar
slik at dei kan bli med på ting.
Og når vi ser
at ikkje alle barn får vere med, -
- er det viktig at vi minner
dei vaksne på at dei har ansvaret.
Men barn kan også ta ansvar for å
passe på at alle barn blir inkludert.
Sjølv om ein ikkje er vaksen ennå.