Velkommen til filmen om grunnleggande subtraksjon.
La oss sjå litt meir på grunnleggande addisjon først.
Kva tyder det når eg seier 4 pluss 3?
Kva blir det tilsaman?
Det er fleire måtar å sjå dette på.
Me kunne sagt at eg hadde 4 ting.
Viss eg hadde 4 sirklar, eg veit eigentleg ikkje, eg hadde
4 sitronar til frokost.
Så 1, 2, 3, 4 sitronar til frokost.
Og så hadde eg 3 sitronar til til lunsj.
1, 2, 3, og du kan sjå på 4 pluss 3 som kor mange
sitronar hadde eg tilsaman?
Eg leggar 3 til 4.
Så kor mange hadde eg tilsaman?
Det blir 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7.
Eg hadde 7 sitronar tilsaman.
Ein annan måte å sjå dette er at me kunne
teikna tallinja.
Eg teiknar he\o gul fordi-, nei ho er
ikkje brei nok.
Eg teiknar ho gul fordi me snakkar om sitronar.
Så dette er tallinja vår.
Og viss eg startar med tallet-, eg teiknar alle talla.
0, 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7.
Så du kan tenka på dette som å seie, vel,
me er på tallinja.
Me startar på talet 4.
Det er dette 4-talet.
Og me legg 3 til det.
Så då aukar me langs tallinja med 3.
Så då går me 1, 2, 3 og du endar på 7.
Så du kan seie at viss eg har 4 og får 3 til har eg 7 tilsaman.
Eller viss eg aukar 4 med 3 får eg òg 7.
Så kva er då subtraksjon?
Sia det er det denne filmen handlar om.
Eg burde ikkje kasta bort tida vår med å snakka om addisjon.
Så me tek eksempelet 4 minus 3.
Kva blir det?
Eg byttar fargar for å halda det interessant.
Kva er 4 minus 3 det same som?
Subtraksjon eller minus er det motsatte av addisjon.
Så med addisjon gjer du noka meir, du adderer.
Eg vil ikkje bruka ordet adderer for å skildra addisjon, men
det er det du gjer.
Eg hadde 4 sitronar og så fekk eg 3 til.
Med subtraksjon tek du vekk.
Så i dette eksempelet, viss eg starta med 4 sitronar, me tenkar at eg
hadde 4 sitronar på eit fat.
Viss eg subtraherer 3, viss eg seier minus 3, i staden for
å legga til 3 og få 7, skal eg trekka fra 3.
Kanskje eg et dei eller kanskje eg gir dei
til deg for å sjå desse filmane.
Så for å ta 3 fra desse 4, ein av dei går vekk,
denne går vekk og denne går vekk.
Kor mange sitronar har eg att?
Det er den einaste eg ikkje har strøke ut.
Så me har 1 att.
Og dette ville vore sitrona som blei att.
Det trong ikkje vera den, eg kunne strøke ut
kva sitron so helst av dei 3.
Ein annan måte å sjo det på, no teiknar me den same
sitronfarga tallinja.
Viss dette er tallinja.
Og eg teiknar alle dei same talla.
Det blir 0, 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7.
Tallinja held sjølvsagt fram vidare.
Det finst ikkje noka tal som er størst.
Og du kan tenka deg, sama kva tal du tenkar på kan eg
tenka på eit høgare tal.
Så det finst ikkje noka tal som er størst.
Det er difor me teiknar den pila.
Eg kunne aldri teikna heile tallinja.
Men uansett må me tilbake til subtraksjonen.
Me startar med 4 sitronar, sant?
Då me la til 3, pluss 3, gjekk me 4 mellomrom mot høgre
på tallinja.
Og det er fordi verdien aukar mot høgre.
Så me gjekk frå 4 til 5,
det var ein til.
Me haldt fram 5 til 6 var to til og 7 var 3 til.
No trekk me frå 4.
Kva gjer me no?
Kva trur du me gjer?
Sia me trekk frå skal me minka det
totale talet på sitronar me har.
Så når me tek vekk ei får me 3.
Me tek vekk to og får 2.
Me tek vekk tre, me skulle jo ta vekk tre.
Då går me tilbake 1, 2, 3 langs tallinja
og endar opp på 1.
Det er dette 1-talet.
Som oppsumering er addisjon når du legg saman fleire.
Subtraksjon er når du trekk ifrå.
Viss du tenkar på tallinja er addisjon
å auka med den mengda langs tallinja.
Så i dette høvet auka me med 3 langs tallinja.
Då kom me frå 4 til 7.
Då me brukte subtraksjon gjekk me tilbake langs
tallinja.
Me minkar med same mengda som du subtraherer.
I dette høvet minka me med 3.
Me gjekk tilbake 1, 2, 3 og fekk 1.
Ein annan måte å sjå det, viss eg har 4 av eitt eller anna.
Viss eg gir vekk 3 eller viss eg et 3 eller samma kva
eg gjorde med 3 av dei.
Viss eg mista 3 av dei ville eg hatt 1 att.
No skal eg visa deg nokre interessante ting
om subtraksjon.
Me veit at 4 minus 3 er lik 1.
No skal eg visa deg noka anna som er interessant.
Kva er 4 minus 1?
Me kan bruka kva døme me vil.
Me brukar sitronene.
Eller no brukar me eple, eg er lei av sitronar.
Me antek at eg hadde 1, 2, 3, 4.
Eg har ei ny penn, av og til teiknar ho ikkje ordentleg.
Me seier at eg hadde 4 eple.
Dette er dømet me brukar.
Og eg skulle eta eitt av dei.
Då forsvinn eitt av dei.
Kor mange eple har eg att?
Det blir 3-, 1, 2, 3.
Så 4 minus 1 er lik 3.
Og viss me gjorde det langs tallinja, viss me starta på 4 og
subtraherte 1, me ték vekk 1.
Då minkar me med eitt.
Me går ein tibake og får 3.
Båe måtar virkar.
Er ikkje det interessant?
4 minus 3 er lik 1 og 4 minus 1 er lik 3.
Du kan lura på om eg valde tala for at det skulle virka.
Det visar seg å alltid vera sant.
Eg vil ikkje vera for teknisk men me held
allereie litt på med noka du kanskje vil læra seinare,
kanskje i algebra.
Men eg vil eigentleg ikkje fortella om alt det akkurat no.
Kor kjem dette fra?
Dette er òg basert på faktumet at 3 pluss 1…, eg
ville ikkje forvirra deg.
Orsak viss eg gjorde det.
Men eg skal visa deg ein interessant ting til.
Kva blir 3 pluss 1?
3 pluss 1 blir kva?
Det er jo enkelt.
Du veit det frå grunnleggande addisjon.
Du kan starta på tallinja på 3 og legga til 1.
Og kor ender du opp?
Du endar opp på 4.
3 pluss 1 er lik 4.
Eller så kunne du starta ved 1 på tallinja og lagt till 3.
1, 2, 3 og du ville endt opp på 4 då òg.
Så me veit at du kan gjera dette på båe måtar.
Begge er lik 4.
Kva ser du her?
Det er ein haug med ting eg har skreve her og alle
er på eit vis i slekt.
1 pluss 3 er lik 4.
3 pluss 1 er lik 4.
4 minus 1 blir 3.
Eigentleg er det å trekka 1 frå 4 for å få 3 det same som
å seie at 3 pluss 1 er lik 4.
Denne påstanden seier at viss eg legg 1 til 3 får eg 4.
Denne seier at viss eg tek 1 frå 4 får eg 3.
Så viss eg startar på 4 og flyttar bakover får eg 3.
Denne seier at viss eg startar med 3 og flyttar 1 oppover får eg 4.
Forhåpentlegvis gir det deg litt forståelse for
kva subtraksjon er.
I neste film skal eg løysa så mange subtraksjonsproblem
eg greier på 10 minutt.
Og då er du klar til oppgåvene,
Ser deg snart.