Return to Video

vimeo.com/.../385460675

  • 0:00 - 0:03
    -Eg vil bli lærar for å hjelpe barn.
  • 0:03 - 0:06
    -Eg vil bli advokat for å
    forsvare folk sine rettar.
  • 0:07 - 0:10
    -Eg vil bli pianist for å imponere folk.
  • 0:11 - 0:14
    -Eg vil bli politi for å
    beskytte landet mitt.
  • 0:19 - 0:22
    -Det eg liker aller best å gjere,
    er å gå på skulen.
  • 0:24 - 0:26
    -Dagane våre er heilt vanlege her.
  • 0:26 - 0:29
    -Vi står opp, et, drikk, slappar av
    og leikar.
  • 0:30 - 0:32
    -Vi snakkar med venene våre.
    Det er veldig gøy.
  • 0:33 - 0:35
    -Viss ein bur i eit hus er det
    få menneske der.
  • 0:35 - 0:39
    -Her i flyktningleiren er vi alltid samla.
    Det er sosialt.
  • 0:40 - 0:44
    -Venene mine og eg møtest,
    og leikar og gjer lekser saman.
  • 0:46 - 0:48
    -Vi har det koseleg i flyktningleiren.
  • 0:48 - 0:49
    -Snakk du, då!
  • 0:49 - 0:50
    -Nei, du!
  • 0:51 - 0:52
    -Kom igjen!
  • 0:54 - 0:57
    -Krig er snikskyttarar, rifler, pistolar.
  • 0:58 - 0:59
    -Bomber.
  • 0:59 - 1:01
    -Alt er bomba.
  • 1:02 - 1:05
    -Til dømes hadde alle trea her
    falle ned på bakken.
  • 1:06 - 1:09
    -Fetteren min vart treft av ei bombe i magen.
    Han døydde.
  • 1:09 - 1:11
    -Alle har mista nokon.
  • 1:11 - 1:13
    -Eg har mista halve familien min.
  • 1:13 - 1:16
    -Ho har mista familie,
    og det har ho og han også.
  • 1:17 - 1:18
    -Heile Syria er øydelagt.
  • 1:19 - 1:21
    -Det er ingenting igjen av landet.
  • 1:21 - 1:23
    -Vi håpar at krigen tar slutt, -
  • 1:23 - 1:26
    - og at vi kan reise tilbake og byggje opp
    Syria igjen.
  • 1:26 - 1:29
    -Når det er krig kan vi ikkje gå ut
    og besøke familien vår.
  • 1:32 - 1:34
    -Vi kan ikkje gå på skulen eller treffe venene våre.
  • 1:34 - 1:36
    -Vi får ikke lære noko.
  • 1:36 - 1:40
    -Når det er krig får vi ikkje bli det
    vi har lyst til når vi blir store.
  • 1:40 - 1:45
    -Eg vil tilbake til Syria og fortsetje
    å gå på den skulen eg gjekk på der.
  • 1:45 - 1:49
    -Eg vil dra tilbake og studere,
    og starte livet igjen.
Title:
vimeo.com/.../385460675
Video Language:
Norwegian Nynorsk
Duration:
02:00

Norwegian Nynorsk subtitles

Revisions