YouTube

Got a YouTube account?

New: enable viewer-created translations and captions on your YouTube channel!

Norwegian Nynorsk napisy

← vimeo.com/.../164221463

Get Embed Code
2 Languages

Showing Revision 1 created 09/19/2019 by salaby.

  1. Hei igjen, og velkomen til episode tre
    av denne miniserien om Edvard Munch.
  2. De lurer kanskje på kvifor vi
    er her, på Freia sjokoladefabrikk?
  3. Det skal vi kome tilbake til seinare.
  4. Men fyrst, la oss
    fortsetje der vi slapp sist.
  5. Okei, ikkje så langt tilbake, då.
  6. I alle høve – det vi
    lærte førre gong -
  7. - var at Munch ikkje var redd
    for å prøve nye måtar å måle på.
  8. Men det var ikkje berre
    måling som interesserte Munch.
  9. Han gjekk ofte på kino,
    og han likte å sjå ting som filmaviser, -
  10. - spelefilmar og
    Charlie Chaplin-komediar.
  11. Ja, han var så interessert i
    film at han sjølv kjøpte seg …
  12. … dette videokameraet.
  13. Og med det filma han mykje rart.
  14. Ja. Munch var veldig glad i film.
  15. Og ein gong, så såg han ein video av
    franske arbeidarar på veg heim frå jobb.
  16. Han likte så godt korleis
    menneska berre kom mot han, -
  17. - og han bestemte seg
    difor for å måle eit bilete om det.
  18. Her ser du biletet som
    Munch kalte "Arbeidere på hjemvei".
  19. Munch var ein moderne kunstnar, -
  20. - og han var veldig open for å
    låne og lære av andre kunstformar.
  21. Edvard måla det han likte,
    og det som var viktig for han.
  22. Ser dette motivet kjent ut? Ikkje?
  23. Vel, studer dei to bileta nøye.
    Ser du huset i bakgrunnen?
  24. Vi er nemleg på Åsgårdstrand.
  25. Og det var nettopp her Edvard Munch
    måla "Pikene på broen" i 1901.
  26. Munch elska Åsgårdstrand.
  27. Han sa at "å gå her er
    som å gå blant bileta mine."
  28. "Eg får slik lyst til å måle
    når eg går i Åsgårdstrand."
  29. Ja. Så godt likte Munch Åsgårdstrand, -
  30. - at han ikkje berre
    måla mange bilete herfrå, -
  31. - men at han også kjøpte seg eit hus her.
  32. No er huset eit slags museum, og det er
    heilt likt som det var då Munch budde her.
  33. Så alle kan kome hit
    og sjå korleis Munch levde.
  34. Men veit de kor mykje
    han betalte for huset i 1897?
  35. Berre 900 kroner!
  36. Men de lurer vel framleis på
    kvifor vi er på Freia sjokoladefabrikk?
  37. -Bror!
    -Men det er digg, då!
  38. Vi er her fordi Munch fikk eit
    heilt spesielt oppdrag i april, 1922.
  39. Han vart nemlig beden om å dekorere …
  40. … Freias matsal!
  41. Dette var ein stor sjanse for Munch.
  42. Og han fekk godt betalt for oppdraget.
  43. Så han måla i veg, og direktøren
    for fabrikken var kjempenøgd.
  44. Arbeidarane derimot,
    var ikkje like nøgde.
  45. At Munch hadde måla menneske utan
    andletstrekk tykte dei var greitt.
  46. Men hus utan dører og piper
    kunne dei rett og slett ikkje leve med.
  47. Så for at arbeidarane skulle bli nøgde, -
  48. - måtte Munch kome tilbake seinare
    for å måle piper og dører på husa.
  49. Munch sa seg viljug til å
    gjere endringane på eitt vilkår:
  50. Kvar dag skulle det stå ein bil -
  51. - ved fabrikken og vente på
    han etter arbeidsdagen.
  52. Men ein dag Munch var ferdig å måle var
    det ingen bil som venta på han.
  53. Munch vart rasande,
    løp opp til direktøren, -
  54. - kasta penselen på han og skreik:
    "Resten kan de øydeleggje sjølv!"
  55. Det er grunnen til at det
    manglar dør og pipe ved nokre av husa.
  56. Sjølv om det var mange som ikkje
    sette pris på Munch sine måleri, -
  57. - så heldt han fram med
    å måle på sin måte.
  58. No er vi på baksida av Munchmuseet.
    Ser de mønsteret bak oss?
  59. Vet du kor det kjem frå, Sofie?
  60. Ja, det kjem faktisk frå
    eit av Munchs siste måleri, nemleg …
  61. … dette måleriet
    mellom klokka og senga.
  62. Munch måla dette
    for å vise seg sjølv med dauden.
  63. Som de ser er mønsteret på
    sengeteppet det same som vi såg tidlegare
  64. Edvard står heilt aleine i stova.
  65. Klokka har ingen visarar,
    som om tida ikkje finst meir.
  66. Skuggen hans er ein kross, -
  67. - og den opne døra kan kanskje
    vere porten inn til dødsriket?
  68. Då Edvard var 80 år gamal,
    sovna han stilt inn i heimen sin.
  69. Sjølv om folk sa mange
    stygge ting om bileta hans, -
  70. - skulle eg ynskje at Edvard visste at han
    skulle bli ein av verdas største kunstnarar.