-
♪ [Pianomusikk] ♪
-
Dette er Bara'a. Ho er
10 år gamal, og kjem frå Syria.
-
Men i Syria er det krig.
-
Difor måtte Bara'a og familien
hennar reise derfrå.
-
No bur dei her –
i ein flyktningleir i Libanon.
-
[Musikk på engelsk]
♪ Kjem du attende, kjem du attende? ♪
-
♪ Eg ventar ♪
-
-Der sit mora mi, -
-
- og her er huset vi bur i, seier Bara'a.
-
Ho syner fram kjøkenet, -
-
- og rommet som alle søv i.
-
Familien har
ikkje så mange ting i huset, -
-
- for det var lite tid
til å pakke då dei drog.
-
I Syria hadde Bara'a eige rom,
men her søv heile familien saman.
-
Bara'a, mamma, pappa og fire søsken.
-
Bara'a har nokre teiknesaker.
Ho er veldig glad i å teikne.
-
Under teikninga står det:
"Hjartet er trist fordi det forlét Syria."
-
[Musikk på engelsk]
♪ Kjem du attende, kjem du attende? ♪
-
♪ Eg ventar ♪
-
Mammaen til Bara'a lager molokhiya,
favorittmaten hennar.
-
Men den smaker
litt annleis her enn i Syria.
-
I Syria ville det ha vore
eit halvt kilo kjøt i retten.
-
Her lagar dei den med
berre buljong og olje.
-
De har ein skule i flyktningleiren,
og det er Bara'a glad for.
-
Ho er veldig glad i å gå på skulen.
-
Og når ho blir stor,
har ho lyst til å bli lærar og lege.