Return to Video

vimeo.com/.../162658607

  • 0:00 - 0:08
    Auga
  • 0:09 - 0:13
    Dette her er to kuauge.
  • 0:13 - 0:16
    To geléklumpar som er
    litt annleis enn hos oss menneske.
  • 0:16 - 0:17
    Men inni, så er dei –
    tru det er eller ei – ganske like.
  • 0:17 - 0:21
    Og noko av det aller viktigaste
    finn vi under den hinna her.
  • 0:21 - 0:25
    Inni denne blanke geléen
    vi kallar glaslekamen, -
  • 0:33 - 0:36
    - finn vi linsa.
  • 0:36 - 0:38
    Denne nydelege,
    blanke kula her er linsa.
  • 0:38 - 0:42
    Ho er med på å samle
    lysstrålane som kjem inn, -
  • 0:43 - 0:47
    - slik at synscellene bak i
    auget kan oppfatte verda rundt.
  • 0:47 - 0:51
    Og visste du at linsa kan
    brukast som forstørringsglas?
  • 0:51 - 0:55
    Det er fordi linsa er konveks.
  • 0:55 - 0:57
    Det vil seia at ho er bøygd utover, -
  • 0:57 - 0:59
    - og bryt lyset slik at
    det du ser blir forstørra.
  • 0:59 - 1:02
    Berre sjå no.
  • 1:02 - 1:04
    Fantastisk, sant?
  • 1:18 - 1:20
    Men kva om eg ynskjer å
    sjå verda gjennom kulinser?
  • 1:23 - 1:28
    Eg tenkte eg skulle
    lage meg eit par briller, eg.
  • 1:28 - 1:30
    Og då treng eg ståltråd.
  • 1:30 - 1:33
    Det byrjar å
    likne på briller, dette her.
  • 1:35 - 1:38
    Endeleg ferdig!
  • 1:38 - 1:40
    Litt skeive, men eg
    trur dei skal passe bra.
  • 1:40 - 1:44
    Slik, ja.
  • 1:46 - 1:47
    Eg ser ingenting, eg.
  • 1:48 - 1:51
    Det er ikkje fordi kua ser dårleg ...
  • 1:51 - 1:54
    Det er fordi eg ikkje treng briller.
  • 1:54 - 1:57
    Men for gamle folk som
    gjerne ser dårleg på nært hald, -
  • 1:57 - 2:01
    - så hadde nok desse her vore heilt supre.
  • 2:01 - 2:02
    Trur eg, i alle fall.
  • 2:02 - 2:06
    Uansett så er eg veldig
    nøgd med designet.
  • 2:06 - 2:08
    [Ku som rautar]
Title:
vimeo.com/.../162658607
Video Language:
Norwegian Bokmal
Duration:
02:09

Norwegian Nynorsk subtitles

Revisions