Return to Video

vimeo.com/.../175811545

  • 0:12 - 0:17
    Det er heilt vanleg å vere litt nervøs
    før ein skal halde ein presentasjon.
  • 0:17 - 0:19
    Men di meir du tenkjer på det, -
  • 0:19 - 0:23
    - di lettare er det at dei negative
    tankane gjer det vanskelegare for deg.
  • 0:29 - 0:33
    (Røyst inni hovudet snakkar):
    Du er dårleg, du. Du kan ingenting.
  • 0:34 - 0:37
    Eg skal prøve å
    snakke litt om Napoleon i dag.
  • 0:38 - 0:40
    (Røyst i hovudet):
    Ser du korleis alle ser på deg?
  • 0:41 - 0:43
    Dei tykkjer at du er dårleg!
  • 0:44 - 0:50
    Kvifor står du der i hettegenser, hæ?
    Ta av den dumme jakka!
  • 0:51 - 0:54
    Å, no berre kastar du
    jakka ut til sida, det er smart!
  • 0:54 - 0:57
    Ta på deg jakka igjen, ta på deg jakka!
  • 0:57 - 0:58
    Du klarer ikkje å velje!
  • 0:58 - 1:00
    Ehh, Beklagar.
  • 1:00 - 1:07
    (Røyst i hovudet):
    Du er dårleg. Du er dårleg. Du er dårleg!
  • 1:07 - 1:11
    Gå av. Det er ingen som vil
    ha deg her. Gå av scena. Gå av!
  • 1:13 - 1:17
    Det er viktig å prøve å skuve bort
    alle tankane om at dette ikkje går bra, -
  • 1:17 - 1:21
    - og heller seie til deg sjølv:
    "Dette får du til!"
  • 1:21 - 1:23
    Og ved å smile kan du faktisk -
  • 1:23 - 1:28
    - lure kroppen din til å
    tru at du er mykje mindre nervøs.
  • 1:30 - 1:35
    (Røyst i hovudet):
    Okei. Du har øvd og øvd og øvd.
    No er du heilt klar!
  • 1:36 - 1:39
    Sjå, alle smiler til deg.
  • 1:39 - 1:42
    Du er kjekk i dag!
  • 1:42 - 1:44
    Du ser dritbra ut.
  • 1:45 - 1:51
    Napoléon Bonaparte vart
    fødd 15. august 1769 på Korsika.
  • 1:51 - 1:54
    (Røyst i hovudet):
    Du har publikum i di hole hand,
    no er det berre å halde fram!
  • 1:57 - 2:02
    Så eit godt tips er å seie til
    deg sjølv at dette går bra.
Title:
vimeo.com/.../175811545
Video Language:
Norwegian Bokmal
Duration:
02:08

Norwegian Nynorsk subtitles

Revisions