-
Eg heiter Saja. Eg er tretten år gamal og kjem frå Syria.
-
Før krigen starta, budde vi i eit stort hus.
-
Eg pleidde å gå opp på taket.
-
Eg pleidde å sykle og køyre skuter.
-
Då det var skuleferie tok mamma oss med i parken,
til gamlebyen og til festninga.
-
Vi hadde det veldig gøy i ferien.
-
Livet mitt endra seg då krigen starta
og vi måtte forlate heimen vår.
-
Vi måtte reise frå venene og slektningane våre.
-
Vi måtte finne ein ny heim.
-
Vi flytta til nye stader meir enn fem gongar.
-
Eg blir mest redd når eg er åleine
og tenkjer på den gongen eg vart skada.
-
Og…
-
Og når eg tenkjer på då broren min døydde.
-
Då blir eg veldig redd og lei meg.
-
Mine favoritt-idrettar er turn og fotball.
-
Eg vil bli turn-trenar når eg blir stor.
-
Nokre ting har blitt vanskelegare, men ikkje mange.
-
Ingenting skal få stå i vegen for meg.
-
Det er berre nokre få turnøvingar eg ikkje får til.
-
Det er fordi det er så vanskeleg å halde balansen.
-
Min største draum er -
-
- å delta i dei olympiske leikar og bli berømt.
-
Sjølv om det har blitt vanskelegare å gå til skulen,
gjer eg det alltid.
-
Eg vil så gjerne nå draumen min.
-
Viss eg ikkje går på skulen, korleis skal eg klare det då?
-
Min beskjed til alle barn -
-
- er å halde fram med å gå på skulen.
-
Utan utdanning kan vi ikkje nå draumane våre,
eller få fred i verda.