Hei igjen, og velkomen til episode tre av denne miniserien om Edvard Munch. De lurer kanskje på kvifor vi er her, på Freia sjokoladefabrikk? Det skal vi kome tilbake til seinare. Men fyrst, la oss fortsetje der vi slapp sist. Okei, ikkje så langt tilbake, då. I alle høve – det vi lærte førre gong - - var at Munch ikkje var redd for å prøve nye måtar å måle på. Men det var ikkje berre måling som interesserte Munch. Han gjekk ofte på kino, og han likte å sjå ting som filmaviser, - - spelefilmar og Charlie Chaplin-komediar. Ja, han var så interessert i film at han sjølv kjøpte seg … … dette videokameraet. Og med det filma han mykje rart. Ja. Munch var veldig glad i film. Og ein gong, så såg han ein video av franske arbeidarar på veg heim frå jobb. Han likte så godt korleis menneska berre kom mot han, - - og han bestemte seg difor for å måle eit bilete om det. Her ser du biletet som Munch kalte "Arbeidere på hjemvei". Munch var ein moderne kunstnar, - - og han var veldig open for å låne og lære av andre kunstformar. Edvard måla det han likte, og det som var viktig for han. Ser dette motivet kjent ut? Ikkje? Vel, studer dei to bileta nøye. Ser du huset i bakgrunnen? Vi er nemleg på Åsgårdstrand. Og det var nettopp her Edvard Munch måla "Pikene på broen" i 1901. Munch elska Åsgårdstrand. Han sa at "å gå her er som å gå blant bileta mine." "Eg får slik lyst til å måle når eg går i Åsgårdstrand." Ja. Så godt likte Munch Åsgårdstrand, - - at han ikkje berre måla mange bilete herfrå, - - men at han også kjøpte seg eit hus her. No er huset eit slags museum, og det er heilt likt som det var då Munch budde her. Så alle kan kome hit og sjå korleis Munch levde. Men veit de kor mykje han betalte for huset i 1897? Berre 900 kroner! Men de lurer vel framleis på kvifor vi er på Freia sjokoladefabrikk? -Bror! -Men det er digg, då! Vi er her fordi Munch fikk eit heilt spesielt oppdrag i april, 1922. Han vart nemlig beden om å dekorere … … Freias matsal! Dette var ein stor sjanse for Munch. Og han fekk godt betalt for oppdraget. Så han måla i veg, og direktøren for fabrikken var kjempenøgd. Arbeidarane derimot, var ikkje like nøgde. At Munch hadde måla menneske utan andletstrekk tykte dei var greitt. Men hus utan dører og piper kunne dei rett og slett ikkje leve med. Så for at arbeidarane skulle bli nøgde, - - måtte Munch kome tilbake seinare for å måle piper og dører på husa. Munch sa seg viljug til å gjere endringane på eitt vilkår: Kvar dag skulle det stå ein bil - - ved fabrikken og vente på han etter arbeidsdagen. Men ein dag Munch var ferdig å måle var det ingen bil som venta på han. Munch vart rasande, løp opp til direktøren, - - kasta penselen på han og skreik: "Resten kan de øydeleggje sjølv!" Det er grunnen til at det manglar dør og pipe ved nokre av husa. Sjølv om det var mange som ikkje sette pris på Munch sine måleri, - - så heldt han fram med å måle på sin måte. No er vi på baksida av Munchmuseet. Ser de mønsteret bak oss? Vet du kor det kjem frå, Sofie? Ja, det kjem faktisk frå eit av Munchs siste måleri, nemleg … … dette måleriet mellom klokka og senga. Munch måla dette for å vise seg sjølv med dauden. Som de ser er mønsteret på sengeteppet det same som vi såg tidlegare Edvard står heilt aleine i stova. Klokka har ingen visarar, som om tida ikkje finst meir. Skuggen hans er ein kross, - - og den opne døra kan kanskje vere porten inn til dødsriket? Då Edvard var 80 år gamal, sovna han stilt inn i heimen sin. Sjølv om folk sa mange stygge ting om bileta hans, - - skulle eg ynskje at Edvard visste at han skulle bli ein av verdas største kunstnarar.