Hei igjen, og velkomen til episode tre
av denne miniserien om Edvard Munch.
De lurer kanskje på kvifor vi
er her, på Freia sjokoladefabrikk?
Det skal vi kome tilbake til seinare.
Men fyrst, la oss
fortsetje der vi slapp sist.
Okei, ikkje så langt tilbake, då.
I alle høve – det vi
lærte førre gong -
- var at Munch ikkje var redd
for å prøve nye måtar å måle på.
Men det var ikkje berre
måling som interesserte Munch.
Han gjekk ofte på kino,
og han likte å sjå ting som filmaviser, -
- spelefilmar og
Charlie Chaplin-komediar.
Ja, han var så interessert i
film at han sjølv kjøpte seg …
… dette videokameraet.
Og med det filma han mykje rart.
Ja. Munch var veldig glad i film.
Og ein gong, så såg han ein video av
franske arbeidarar på veg heim frå jobb.
Han likte så godt korleis
menneska berre kom mot han, -
- og han bestemte seg
difor for å måle eit bilete om det.
Her ser du biletet som
Munch kalte "Arbeidere på hjemvei".
Munch var ein moderne kunstnar, -
- og han var veldig open for å
låne og lære av andre kunstformar.
Edvard måla det han likte,
og det som var viktig for han.
Ser dette motivet kjent ut? Ikkje?
Vel, studer dei to bileta nøye.
Ser du huset i bakgrunnen?
Vi er nemleg på Åsgårdstrand.
Og det var nettopp her Edvard Munch
måla "Pikene på broen" i 1901.
Munch elska Åsgårdstrand.
Han sa at "å gå her er
som å gå blant bileta mine."
"Eg får slik lyst til å måle
når eg går i Åsgårdstrand."
Ja. Så godt likte Munch Åsgårdstrand, -
- at han ikkje berre
måla mange bilete herfrå, -
- men at han også kjøpte seg eit hus her.
No er huset eit slags museum, og det er
heilt likt som det var då Munch budde her.
Så alle kan kome hit
og sjå korleis Munch levde.
Men veit de kor mykje
han betalte for huset i 1897?
Berre 900 kroner!
Men de lurer vel framleis på
kvifor vi er på Freia sjokoladefabrikk?
-Bror!
-Men det er digg, då!
Vi er her fordi Munch fikk eit
heilt spesielt oppdrag i april, 1922.
Han vart nemlig beden om å dekorere …
… Freias matsal!
Dette var ein stor sjanse for Munch.
Og han fekk godt betalt for oppdraget.
Så han måla i veg, og direktøren
for fabrikken var kjempenøgd.
Arbeidarane derimot,
var ikkje like nøgde.
At Munch hadde måla menneske utan
andletstrekk tykte dei var greitt.
Men hus utan dører og piper
kunne dei rett og slett ikkje leve med.
Så for at arbeidarane skulle bli nøgde, -
- måtte Munch kome tilbake seinare
for å måle piper og dører på husa.
Munch sa seg viljug til å
gjere endringane på eitt vilkår:
Kvar dag skulle det stå ein bil -
- ved fabrikken og vente på
han etter arbeidsdagen.
Men ein dag Munch var ferdig å måle var
det ingen bil som venta på han.
Munch vart rasande,
løp opp til direktøren, -
- kasta penselen på han og skreik:
"Resten kan de øydeleggje sjølv!"
Det er grunnen til at det
manglar dør og pipe ved nokre av husa.
Sjølv om det var mange som ikkje
sette pris på Munch sine måleri, -
- så heldt han fram med
å måle på sin måte.
No er vi på baksida av Munchmuseet.
Ser de mønsteret bak oss?
Vet du kor det kjem frå, Sofie?
Ja, det kjem faktisk frå
eit av Munchs siste måleri, nemleg …
… dette måleriet
mellom klokka og senga.
Munch måla dette
for å vise seg sjølv med dauden.
Som de ser er mønsteret på
sengeteppet det same som vi såg tidlegare
Edvard står heilt aleine i stova.
Klokka har ingen visarar,
som om tida ikkje finst meir.
Skuggen hans er ein kross, -
- og den opne døra kan kanskje
vere porten inn til dødsriket?
Då Edvard var 80 år gamal,
sovna han stilt inn i heimen sin.
Sjølv om folk sa mange
stygge ting om bileta hans, -
- skulle eg ynskje at Edvard visste at han
skulle bli ein av verdas største kunstnarar.