WHO: To poliovaksinar
-
0:01 - 0:04Polio er ein sjukdom
som forårsakar varige lammelsar. -
0:04 - 0:08Vi kan ikkje kurere det,
men vi kan førebyggje det. -
0:09 - 0:12To viktige verktøy
kan førebyggje polio. -
0:12 - 0:14To trygge, effektive vaksinar.
-
0:14 - 0:18Den eine blir gitt
med berre to dropar -
0:18 - 0:20i munnen til eit barn.
-
0:20 - 0:22Det er den orale poliovaksinen.
-
0:22 - 0:28Den andre blir gitt med sprøyte
og kallast den inaktive poliovaksinen. -
0:28 - 0:32Begge lærer opp kroppane til barna
til å kjempe mot polioviruset, -
0:32 - 0:35men dei gjer det på ulike måtar.
-
0:35 - 0:39Den orale vaksinen byggjer opp
beskyttelse i tarmen. -
0:39 - 0:43Vaksinen beskyttar ikkje berre
det barnet som får ho, -
0:43 - 0:45men også alle andre nær barnet.
-
0:45 - 0:51Kvar einskild barn må få fleire dosar
av den orale vaksinen, -
0:51 - 0:54i område der polio
er ein trussel. -
0:54 - 0:57Vaksinen som blir gitt med sprøyte
byggjer opp beskyttelse i blodet. -
0:57 - 1:02Ho aukar immuniteten og
held landa frie for polio, -
1:02 - 1:06men ho hindrar ikkje spreiing
av polio mellom barn, -
1:06 - 1:10så ho er ikkje så nyttig på stader
der viruset er i omløp. -
1:10 - 1:14Vi må ha den orale vaksinen for
å stoppe viruset der det er. -
1:14 - 1:21Når polio er utrydda overalt,
held det å bruke den inaktive vaksinen -
1:21 - 1:24for å halde folk beskytta.
-
1:24 - 1:28Vaksinane er godkjende av
Verdas helseorganisasjon, -
1:28 - 1:30som trygge og effektive.
-
1:30 - 1:33For at dei skal fungere skikkeleg,
må alle barn få vaksine, -
1:33 - 1:36uansett kvar dei bur.
-
1:36 - 1:38Takka vere desse vaksinane
-
1:38 - 1:42har talet på poliotilfelle
sunket med over 99 % i verda. -
1:45 - 1:48Lat oss vaksinere kvart
einskild barn! -
1:48 - 1:51Lat oss få slutt på polio for alltid!
- Title:
- WHO: To poliovaksinar
- Description:
-
Polio kan ikkje kurerast, men det kan førebyggjast. To viktige verktøy som hjelper oss med å førebyggje polio - to trygge, effektive vaksiner. Bli kjent med den orale vaksinen og den inaktive vaksinen og rollene dei spelar i utryddinga av polio.
- Video Language:
- English
- Team:
- Amplifying Voices
- Project:
- COVID-19 Pandemic
- Duration:
- 02:00
Thomas Bedin edited Norwegian Nynorsk subtitles for WHO: The Two Polio Vaccines | ||
Thomas Bedin edited Norwegian Nynorsk subtitles for WHO: The Two Polio Vaccines | ||
Thomas Bedin edited Norwegian Nynorsk subtitles for WHO: The Two Polio Vaccines |