Return to Video

Storm av Tim Minchin

  • 0:15 - 0:17
    Inst i Nord-London, øvste toppetasje
  • 0:17 - 0:20
    Alt er kvitt, verdig ei Bonytt-reportasje
  • 0:20 - 0:22
    Rispapir-romdelarar
  • 0:24 - 0:25
    Verten er ein lege,
  • 0:25 - 0:27
    Real kar, driv ein praksis privat
  • 0:27 - 0:28
    Kjærasten hans er skodespelar
  • 0:28 - 0:29
    Ei veninne frå min heimstad
  • 0:29 - 0:31
    Og det er alltid koseleg hjå dei,
  • 0:31 - 0:33
    så me har komt til middag.
  • 0:35 - 0:37
    Den femte gjesten er ukjend,
  • 0:37 - 0:39
    Vertskapet har hivd oss saman som ei teneste
  • 0:39 - 0:41
    Jenta er nettopp ankome frå Australia
  • 0:41 - 0:43
    har flytta til Nord-London
  • 0:43 - 0:44
    Og ho er nokon si syster,
  • 0:44 - 0:46
    eller ei anna svak forbindelse
  • 0:46 - 0:48
    Etter kvart som me vert introdusert
  • 0:48 - 0:50
    er eg slått av hennar skjønnheit
  • 0:50 - 0:51
    Ho er ugjendriveleg vakker
  • 0:51 - 0:53
    Mørke augo, mørkt hår
  • 0:53 - 0:55
    Men medan me sit der
  • 0:55 - 0:57
    Merkar eg at eg vert skeptisk
  • 0:57 - 0:59
    Fordi eg kan sjå hovudet til ein alv
  • 0:59 - 1:01
    tatovert på det populære området
  • 1:01 - 1:03
    Du veit, like over høgre rumpeball
  • 1:03 - 1:05
    Og når ho seier: «Eg er Skytten»
  • 1:05 - 1:08
    Har eg allereie danna ein samlesekk
  • 1:08 - 1:10
    Og strien vert straks strammare
  • 1:10 - 1:14
    Når ho seier ho heiter Storm
  • 1:15 - 1:18
    Praten går i utgangspunktet lett om laust og fast
  • 1:18 - 1:20
    Men det er ikkje lenge før Storm er i gang
  • 1:20 - 1:22
    «Du kan ikkje vite noko,
  • 1:22 - 1:24
    kunnskap er berre meiningar,»
  • 1:24 - 1:27
    meiner ho over glaset med Baco Noir
  • 1:27 - 1:28
    Tvers over bordet
  • 1:28 - 1:29
    Som eit svar
  • 1:29 - 1:32
    Til min alldeles empiriske kommentar.
  • 1:32 - 1:33
    «Det var ikkje den beste starten»
  • 1:33 - 1:35
    Me har ikkje ein gong byrja med maten
  • 1:35 - 1:36
    Og på andre sida av bordet, mi kone
  • 1:36 - 1:38
    Hevar augebryna
  • 1:38 - 1:40
    i ei lydlaus bøn, «ver snill?»
  • 1:40 - 1:41
    Ei ekteskapelet åtvaring
  • 1:41 - 1:42
    Ikkje verdt å gjere ho ill
  • 1:42 - 1:44
    Så eg motstår trangen til å spørje Storm
  • 1:44 - 1:46
    om kunnskap er så laust vevd
  • 1:46 - 1:47
    at ho ein morgon
  • 1:47 - 1:49
    kan forlate leilegheita
  • 1:49 - 1:51
    gjennom inngangsdøra
  • 1:51 - 1:54
    eller ut andreetasje svevd.
  • 1:55 - 1:57
    Maten er deileg og Storm
  • 1:57 - 1:58
    Sjølv om ho unngår alt kjøt
  • 1:58 - 2:00
    sit stille og et
  • 2:00 - 2:02
    Medan den gode lege, litt brisen
  • 2:02 - 2:07
    Held hoff på anakronistiske aspekt ved medisinhistoria
  • 2:07 - 2:10
    Då bryt Storm plutseleg ut
  • 2:10 - 2:11
    «Den menneskelege kroppen er eit mysterium,
  • 2:11 - 2:13
    vitskapen hinkar, snublar og fell
  • 2:13 - 2:17
    når dei prøver å forklare djupna i den menneskelege sjel»
  • 2:17 - 2:19
    Vertinna kastar eit blikk i mi retning
  • 2:19 - 2:21
    Ho, som mi kone veit at eg
  • 2:21 - 2:24
    er på veg inn i ei krass beretning
  • 2:24 - 2:25
    Men mine lepper er forsegla
  • 2:25 - 2:27
    Eg vil nyte mitt måltid
  • 2:27 - 2:30
    Og sjølv om Storm stryk meg mot håra
  • 2:30 - 2:32
    er det ikkje i mi interesse å vogge på båten
  • 2:32 - 2:34
    Trass i at det er litt av ein kamp.
  • 2:34 - 2:36
    Fordi — som hennar meteorologiske namnebror —
  • 2:36 - 2:39
    har ikkje Storm bekymringar for båten vår
  • 2:39 - 2:41
    «Farmasøyter er fienden.
  • 2:41 - 2:43
    Dei fremjer narko-avhengigheit
  • 2:43 - 2:45
    på bekostning av naturlege remedier
  • 2:45 - 2:47
    som er alt kroppen vår treng.
  • 2:47 - 2:49
    Dei er umoralske og drivne av pengar.
  • 2:49 - 2:50
    Kvifor ta dop
  • 2:50 - 2:51
    når urter løyser det?
  • 2:51 - 2:53
    Kvifor bruke kjemikalier
  • 2:53 - 2:54
    når homeopatiske oppløsningar
  • 2:54 - 2:55
    oppløyser problemet?
  • 2:55 - 2:57
    Det er på tide at me går attende til liv
  • 2:57 - 2:58
    Med naturlege medisinske alternativ."
  • 2:58 - 3:01
    Og uansett kor hardt eg held på mi hemning
  • 3:01 - 3:03
    Ein aldri så liten sprekk oppstår
  • 3:03 - 3:04
    i mi diplomatiske demning
  • 3:06 - 3:08
    «Per definisjon,» startar eg
  • 3:08 - 3:10
    «har alternativ medisin,» fortset eg
  • 3:10 - 3:12
    «enten ikkje blitt bevist å fungere,
  • 3:12 - 3:15
    eller vist seg å ikkje fungere.
  • 3:15 - 3:17
    Veit du kva dei kallar alternativ medisin
  • 3:17 - 3:19
    som fungerar?
  • 3:19 - 3:21
    Medisin.»
  • 3:22 - 3:23
    «Så du trur ikkje
  • 3:23 - 3:24
    på NOKRE naturlege medisinar?»
  • 3:24 - 3:25
    «Faktisk tvert i mot, Storm!
  • 3:25 - 3:27
    Før me kom til te
  • 3:27 - 3:28
    Tok eg eit naturleg middel
  • 3:28 - 3:30
    frå barken frå piletreet.
  • 3:30 - 3:33
    Eit smertestillande middel, omtrent utan biverknad
  • 3:33 - 3:34
    Det har eit merkeleg namn
  • 3:34 - 3:36
    Kjære, kva var det igjen?
  • 3:36 - 3:37
    Maspirin?
  • 3:37 - 3:38
    Baspirin?
  • 3:38 - 3:39
    Åja! Aspirin!
  • 3:39 - 3:40
    Som eg betalte ca. ein femtilapp for
  • 3:40 - 3:43
    På mitt lokale apotek.
  • 3:43 - 3:44
    Debatten avtar kort deretter
  • 3:44 - 3:46
    Medan vertane samlar asjetter
  • 3:46 - 3:47
    Men når dei kjem attende med desserten
  • 3:47 - 3:49
    Tiltek Storm ferden
  • 3:49 - 3:50
    «Shakespeare sa det først:
  • 3:50 - 3:52
    Det er fleire ting mellom himmel og jord
  • 3:52 - 3:54
    enn det som eksisterar i dine filosofiar…
  • 3:54 - 3:57
    Vitskap er berre slik me er opplært til å sjå røynda
  • 3:57 - 4:01
    Det forklarar ikkje kjærleik eller ånda.
  • 4:01 - 4:03
    Korleis forklarar vitskap dei synske?
  • 4:03 - 4:06
    Auraer? Det hinsidige? Bønas kraft?
  • 4:06 - 4:07
    Eg finn meg sjølv
  • 4:07 - 4:08
    Stirande
  • 4:08 - 4:10
    Som ein kanin plutseleg stansa
  • 4:10 - 4:13
    I flomlyset frå ei mengd infatil slam
  • 4:13 - 4:16
    Om det er fordi ho feilsiterer Hamlet
  • 4:16 - 4:18
    Eller åtte glas raudvin som i bakhovudet skramlet
  • 4:18 - 4:20
    Men mi diplomatiske demning stønner
  • 4:20 - 4:23
    Og rævholet i meg drønner
  • 4:23 - 4:24
    Det kan ikkje bli holdt tilbake lenger:
  • 4:24 - 4:26
    «Altså, Storm, eg meiner ikkje å stura
  • 4:26 - 4:28
    Men det finst ikkje noko slikt som ein aura!
  • 4:28 - 4:30
    Å lese auraer er som å lese tankar.
  • 4:30 - 4:34
    Eller stjerneteikn, teblader eller ki-kanalar.
  • 4:34 - 4:35
    Desse menneska yter ikkje eit yrke.
  • 4:35 - 4:37
    Anten så lyg dei, eller så er det mentalt sjuke.
  • 4:37 - 4:41
    Det same gjeld dei som hevdar å høyre Gud
  • 4:44 - 4:45
    Forresten,
  • 4:45 - 4:46
    Kvifor er det OK
  • 4:46 - 4:47
    Å late som at ein kan snakke med dei døde?
  • 4:47 - 4:50
    Er ikkje det jævlig sjukt i hovudet?
  • 4:50 - 4:54
    Å ljuge for ei gråtande kvinne som har mista ein liten
  • 4:54 - 4:56
    Og fortelje at du kan kontakte han frå hinsiden?
  • 4:56 - 4:58
    Det er berre grunnleggjande lynsk.
  • 4:58 - 5:02
    Må me verkeleg framleis avkrefte at det finst folk som er synsk?
  • 5:02 - 5:04
    Har me endå ikkje komt over den bøygen,
  • 5:04 - 5:06
    trur me framleis på trollet og draugen?
  • 5:06 - 5:09
    Trur du framleis at nissen gir oss gåver?
  • 5:09 - 5:11
    At Micheal Jackson ikkje hadde ein magisk makeover?
  • 5:11 - 5:13
    Er me så lamslått av simpel trylling
  • 5:13 - 5:15
    At me trur dei døde sin ønskereprise
  • 5:15 - 5:16
    er å preike skit med ein jævla skrulling
  • 5:16 - 5:18
    som vår eiga vesle Märtha-Louise?
  • 5:19 - 5:21
    Til trass for mitt hån
  • 5:21 - 5:24
    Fyrer Storm av klisjéar med imponerande presisjon
  • 5:24 - 5:27
    Som ein snikskytar som brukar skitpreik som ammunisjon.
  • 5:27 - 5:30
    «Du er si sikker i din sak
  • 5:30 - 5:32
    Men du er berre sneversynt.
  • 5:32 - 5:33
    Snart vil du sjå
  • 5:33 - 5:35
    at di tru på vitskap og testar
  • 5:35 - 5:36
    er like blind
  • 5:36 - 5:39
    som hjå alle andre fundamentalistar»
  • 5:40 - 5:42
    «Hm, godt poeng, lat meg tenkje litt.
  • 5:42 - 5:45
    Ah, vent, min feil, rein og skjer bullshit!
  • 5:46 - 5:51
    Vitskap justerar trua basert på kva som er observert.
  • 5:51 - 5:55
    Tru er fornektinga av observasjon, slik at trua er konservert.
  • 5:55 - 5:56
    Om du kan vise meg
  • 5:56 - 5:58
    At homøpati fungerar,
  • 5:58 - 6:00
    Då skal eg endre mi føring
  • 6:00 - 6:02
    Snu på ein jævla femøring.
  • 6:02 - 6:03
    Eg vert flau som faen,
  • 6:03 - 6:05
    men skal springe gjennom gatene og rope
  • 6:05 - 6:08
    Det er eit mirakel! Moderne fysikk er søppel!t
  • 6:08 - 6:10
    Vatn har hukommelse!
  • 6:10 - 6:14
    Og medan det alltid kan hugse ein løkjus-dæsj
  • 6:14 - 6:16
    Gløymer det augneblinkeleg tonnevis med bæsj!
  • 6:16 - 6:19
    Vis meg at det verker, og kvifor det verker
  • 6:19 - 6:20
    Så skal eg — når eg er attende frå den sjokkprega fasen —
  • 6:20 - 6:23
    Risse VISST FAEN midt i rassen!»
  • 6:25 - 6:27
    Alle stirrar på meg no,
  • 6:27 - 6:29
    Men eg er ganske berusa, og har gravd meg så langt ned,
  • 6:29 - 6:32
    Og har eg sagt A, skal eg faen meg seie B:
  • 6:32 - 6:35
    «Ja, livet er fullt av mysterier
  • 6:35 - 6:37
    Men det er svar der ute
  • 6:37 - 6:39
    Og dei vert ikkje funne av folk
  • 6:39 - 6:40
    Av grublarar
  • 6:40 - 6:41
    som alvorleg
  • 6:41 - 6:43
    «Er ikkje livet mystisk?»
  • 6:43 - 6:44
    Grubling er berre forbokstaven
  • 6:44 - 6:46
    Lat oss ringe den jævla paven
  • 6:46 - 6:47
    Lat oss sjå Oprah
  • 6:47 - 6:49
    Intervjue Deepak Chopra!
  • 6:49 - 6:53
    Om du skal sjå på TV, sjå Scooby Doo!
  • 6:53 - 6:54
    Det programmet var så kult
  • 6:54 - 6:57
    for kvar gong det var ei kyrkje med eit skrømt
  • 6:57 - 6:58
    Eller eit monster som var rømt
  • 6:58 - 7:02
    Så såg dei under maska og kva fann dei der?
  • 7:02 - 7:05
    Ein sirkusdirektør, eller ein vaktmeister!
  • 7:05 - 7:07
    Gjennom historia
  • 7:07 - 7:09
    har alle mysteria
  • 7:09 - 7:13
    som NOKON SINNE er løyst, vist seg å
  • 7:13 - 7:15
    Ikkje vere magi.
  • 7:15 - 7:17
    Er ideen om at det kan vere sant
  • 7:17 - 7:18
    Så skremmande?
  • 7:18 - 7:20
    Er ideen om at ein ettermiddag
  • 7:20 - 7:22
    På Wiki-faens-pedia kan vere opplysande
  • 7:22 - 7:23
    Så skremmande?
  • 7:23 - 7:25
    Er mangelen på det overnaturlege
  • 7:25 - 7:27
    Så sjokkerande for ei hippie-burugle
  • 7:27 - 7:29
    At du heller stotrar rundt i tåka
  • 7:29 - 7:31
    Skapt av di manglande evne til å Google?
  • 7:32 - 7:34
    Er ikkje dette nok?
  • 7:35 - 7:39
    Berre denne verda?
  • 7:41 - 7:47
    Berre denne vakre, komplekse
  • 7:47 - 7:50
    Fantastisk ufattelege verda?
  • 7:52 - 7:55
    Den klarar ikkje å halde
  • 7:55 - 7:57
    Oss frå å syte
  • 7:57 - 8:00
    å skape kjipe, menneskelaga monstre og myter.
  • 8:01 - 8:03
    Om du er så glad i Shakespeare,
  • 8:03 - 8:06
    O' lån meg ditt øyre:
  • 8:08 - 8:12
    «Å forgylle raffinert gull, å male ei lilje.
  • 8:12 - 8:18
    Å spraye parfyme på fiolen… skapar vrangvilje»
  • 8:18 - 8:20
    Eller noko slikt.
  • 8:20 - 8:21
    Eller kva med Satchmo?!
  • 8:21 - 8:23
    I see trees of Green,
  • 8:23 - 8:25
    Red roses too,
  • 8:25 - 8:26
    Og greit, om du parafrasert
  • 8:26 - 8:28
    Vil ha Krishna og Vishnu glorifisert
  • 8:28 - 8:30
    På ein post-kolonial, nedlatande,
  • 8:30 - 8:32
    patentsatt og prissatt slags måte.
  • 8:32 - 8:33
    Det er greit.
  • 8:33 - 8:36
    Men her er det som gir meg ein kraftig ereksjon:
  • 8:37 - 8:42
    Eg er ein liten, uvesentleg, uvitande klump karbon.
  • 8:42 - 8:46
    Eg har eitt liv, og det er kort
  • 8:46 - 8:47
    Og uviktig…
  • 8:48 - 8:51
    Men på grunn av at medisinar har blitt mykje betre
  • 8:51 - 8:58
    Får eg leve dobbelt så lenge som tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-forfedre
  • 8:59 - 9:03
    Dobbelt så lang tid til å leve mitt liv
  • 9:03 - 9:07
    Dobbelt så lang tid til å elske mi viv
  • 9:07 - 9:11
    Dobbelt så mange år med vener og sprit, ja
  • 9:11 - 9:15
    Til å dele middag, og bli passe drita
  • 9:15 - 9:16
    Med alle dei heite hippiane
  • 9:16 - 9:18
    Som har alvar på ræva
  • 9:18 - 9:19
    og sumarfuglar på tattane
  • 9:22 - 9:26
    Om eg kanskje har deg fornærma
  • 9:26 - 9:29
    Tenk på dette, ingenting er forandra.
  • 9:29 - 9:32
    Det er like sannsynleg at me hoppar 10 minutt attende,
  • 9:32 - 9:34
    som at eg har klart å endre dine tankar til det betre.
  • 9:38 - 9:43
    Skriven og framført av Tim Minchin
  • 9:44 - 9:48
    Regissert av DC Turner
  • 9:48 - 9:51
    Produsert av Tracy King
  • 9:51 - 9:53
    Figurdesign og animasjon av DC Turner
  • 9:53 - 9:58
    Kamera og effektar: Ricky Earl, Fraser Davidson, DC Turner, Andrew Flatt
  • 9:58 - 10:03
    Assisterande figuranimasjon: Ricky Earl, Kei Phillips, Ash Collins, Valentina Grasso, Betty Le Bon, Fraser Davidson
  • 10:03 - 10:07
    Assisterande figurdesign: Kei Phillips, Ricky Earl, Diego Garcia, Betty Le Bon, Fraiser Davidson, Rachael King, Stuart Mason, Manu Roig
  • 10:07 - 10:12
    Lyd: Milton Mermikedes, Bridget Merkimedes, Holley Gray, Matthias Simmons, Pete Clements
  • 10:12 - 10:16
    Storyboards: Tracy King, Fraser Davidson, Ricky Earl, Joe Pavlo
  • 10:16 - 10:21
    Med takk til: Sid Rodrigues, Rebecca Watson, Jane Goldman and family, Chris Blohm, Loretta King, Susan Turner
  • 10:21 - 10:26
    Med takk til: Lyndsey Brown, Shella Livingston, Helen Jack, Chris Cox, Tom Milsom, Robin Ince
  • 10:26 - 10:36
    © Storm Movie 2011 Alle rettigheiter reservert. stormmovie.net, timminchin.com, kershoot.com
  • Not Synced
    Moderne kunst og ambisjonar
Title:
Storm av Tim Minchin
Description:

Official animated movie of Tim Minchin's 9-minute beat poem Storm. Written and performed by Tim Minchin. Directed and animated by DC Turner. Produced by Tracy King. www.stormmovie.net www.timminchin.com www.kershoot.com

more » « less
Video Language:
English
Duration:
10:39

Norwegian Nynorsk subtitles

Incomplete

Revisions