YouTube

Vous avez un compte YouTube ?

Nouveauté : activer les traductions et les sous-titres créés par les internautes sur votre chaîne YouTube !

Norwegian Nynorsk sous-titres

← Storm av Tim Minchin

Official animated movie of Tim Minchin's 9-minute beat poem Storm. Written and performed by Tim Minchin. Directed and animated by DC Turner. Produced by Tracy King. www.stormmovie.net www.timminchin.com www.kershoot.com

Obtenir le code d’intégration
12 langues

Afficher la révision 4 créée 08/11/2011 par Andreas H. Opsvik.

  1. Inst i Nord-London, øvste toppetasje
  2. Alt er kvitt, verdig ei Bonytt-reportasje
  3. Rispapir-romdelarar
  4. Verten er ein lege,
  5. Real kar, driv ein praksis privat
  6. Kjærasten hans er skodespelar
  7. Ei veninne frå min heimstad
  8. Og det er alltid koseleg hjå dei,
  9. så me har komt til middag.
  10. Den femte gjesten er ukjend,
  11. Vertskapet har hivd oss saman som ei teneste
  12. Jenta er nettopp ankome frå Australia
  13. har flytta til Nord-London
  14. Og ho er nokon si syster,
  15. eller ei anna svak forbindelse
  16. Etter kvart som me vert introdusert
  17. er eg slått av hennar skjønnheit
  18. Ho er ugjendriveleg vakker
  19. Mørke augo, mørkt hår
  20. Men medan me sit der
  21. Merkar eg at eg vert skeptisk
  22. Fordi eg kan sjå hovudet til ein alv
  23. tatovert på det populære området
  24. Du veit, like over høgre rumpeball
  25. Og når ho seier: «Eg er Skytten»
  26. Har eg allereie danna ein samlesekk
  27. Og strien vert straks strammare
  28. Når ho seier ho heiter Storm
  29. Praten går i utgangspunktet lett om laust og fast
  30. Men det er ikkje lenge før Storm er i gang
  31. «Du kan ikkje vite noko,
  32. kunnskap er berre meiningar,»
  33. meiner ho over glaset med Baco Noir
  34. Tvers over bordet
  35. Som eit svar
  36. Til min alldeles empiriske kommentar.
  37. «Det var ikkje den beste starten»
  38. Me har ikkje ein gong byrja med maten
  39. Og på andre sida av bordet, mi kone
  40. Hevar augebryna
  41. i ei lydlaus bøn, «ver snill?»
  42. Ei ekteskapelet åtvaring
  43. Ikkje verdt å gjere ho ill
  44. Så eg motstår trangen til å spørje Storm
  45. om kunnskap er så laust vevd
  46. at ho ein morgon
  47. kan forlate leilegheita
  48. gjennom inngangsdøra
  49. eller ut andreetasje svevd.
  50. Maten er deileg og Storm
  51. Sjølv om ho unngår alt kjøt
  52. sit stille og et
  53. Medan den gode lege, litt brisen
  54. Held hoff på anakronistiske aspekt ved medisinhistoria
  55. Då bryt Storm plutseleg ut
  56. «Den menneskelege kroppen er eit mysterium,
  57. vitskapen hinkar, snublar og fell
  58. når dei prøver å forklare djupna i den menneskelege sjel»
  59. Vertinna kastar eit blikk i mi retning
  60. Ho, som mi kone veit at eg
  61. er på veg inn i ei krass beretning
  62. Men mine lepper er forsegla
  63. Eg vil nyte mitt måltid
  64. Og sjølv om Storm stryk meg mot håra
  65. er det ikkje i mi interesse å vogge på båten
  66. Trass i at det er litt av ein kamp.
  67. Fordi — som hennar meteorologiske namnebror —
  68. har ikkje Storm bekymringar for båten vår
  69. «Farmasøyter er fienden.
  70. Dei fremjer narko-avhengigheit
  71. på bekostning av naturlege remedier
  72. som er alt kroppen vår treng.
  73. Dei er umoralske og drivne av pengar.
  74. Kvifor ta dop
  75. når urter løyser det?
  76. Kvifor bruke kjemikalier
  77. når homeopatiske oppløsningar
  78. oppløyser problemet?
  79. Det er på tide at me går attende til liv
  80. Med naturlege medisinske alternativ."
  81. Og uansett kor hardt eg held på mi hemning
  82. Ein aldri så liten sprekk oppstår
  83. i mi diplomatiske demning
  84. «Per definisjon,» startar eg
  85. «har alternativ medisin,» fortset eg
  86. «enten ikkje blitt bevist å fungere,
  87. eller vist seg å ikkje fungere.
  88. Veit du kva dei kallar alternativ medisin
  89. som fungerar?
  90. Medisin.»
  91. «Så du trur ikkje
  92. på NOKRE naturlege medisinar?»
  93. «Faktisk tvert i mot, Storm!
  94. Før me kom til te
  95. Tok eg eit naturleg middel
  96. frå barken frå piletreet.
  97. Eit smertestillande middel, omtrent utan biverknad
  98. Det har eit merkeleg namn
  99. Kjære, kva var det igjen?
  100. Maspirin?
  101. Baspirin?
  102. Åja! Aspirin!
  103. Som eg betalte ca. ein femtilapp for
  104. På mitt lokale apotek.
  105. Debatten avtar kort deretter
  106. Medan vertane samlar asjetter
  107. Men når dei kjem attende med desserten
  108. Tiltek Storm ferden
  109. «Shakespeare sa det først:
  110. Det er fleire ting mellom himmel og jord
  111. enn det som eksisterar i dine filosofiar…
  112. Vitskap er berre slik me er opplært til å sjå røynda
  113. Det forklarar ikkje kjærleik eller ånda.
  114. Korleis forklarar vitskap dei synske?
  115. Auraer? Det hinsidige? Bønas kraft?
  116. Eg finn meg sjølv
  117. Stirande
  118. Som ein kanin plutseleg stansa
  119. I flomlyset frå ei mengd infatil slam
  120. Om det er fordi ho feilsiterer Hamlet
  121. Eller åtte glas raudvin som i bakhovudet skramlet
  122. Men mi diplomatiske demning stønner
  123. Og rævholet i meg drønner
  124. Det kan ikkje bli holdt tilbake lenger:
  125. «Altså, Storm, eg meiner ikkje å stura
  126. Men det finst ikkje noko slikt som ein aura!
  127. Å lese auraer er som å lese tankar.
  128. Eller stjerneteikn, teblader eller ki-kanalar.
  129. Desse menneska yter ikkje eit yrke.
  130. Anten så lyg dei, eller så er det mentalt sjuke.
  131. Det same gjeld dei som hevdar å høyre Gud
  132. Forresten,
  133. Kvifor er det OK
  134. Å late som at ein kan snakke med dei døde?
  135. Er ikkje det jævlig sjukt i hovudet?
  136. Å ljuge for ei gråtande kvinne som har mista ein liten
  137. Og fortelje at du kan kontakte han frå hinsiden?
  138. Det er berre grunnleggjande lynsk.
  139. Må me verkeleg framleis avkrefte at det finst folk som er synsk?
  140. Har me endå ikkje komt over den bøygen,
  141. trur me framleis på trollet og draugen?
  142. Trur du framleis at nissen gir oss gåver?
  143. At Micheal Jackson ikkje hadde ein magisk makeover?
  144. Er me så lamslått av simpel trylling
  145. At me trur dei døde sin ønskereprise
  146. er å preike skit med ein jævla skrulling
  147. som vår eiga vesle Märtha-Louise?
  148. Til trass for mitt hån
  149. Fyrer Storm av klisjéar med imponerande presisjon
  150. Som ein snikskytar som brukar skitpreik som ammunisjon.
  151. «Du er si sikker i din sak
  152. Men du er berre sneversynt.
  153. Snart vil du sjå
  154. at di tru på vitskap og testar
  155. er like blind
  156. som hjå alle andre fundamentalistar»
  157. «Hm, godt poeng, lat meg tenkje litt.
  158. Ah, vent, min feil, rein og skjer bullshit!
  159. Vitskap justerar trua basert på kva som er observert.
  160. Tru er fornektinga av observasjon, slik at trua er konservert.
  161. Om du kan vise meg
  162. At homøpati fungerar,
  163. Då skal eg endre mi føring
  164. Snu på ein jævla femøring.
  165. Eg vert flau som faen,
  166. men skal springe gjennom gatene og rope
  167. Det er eit mirakel! Moderne fysikk er søppel!t
  168. Vatn har hukommelse!
  169. Og medan det alltid kan hugse ein løkjus-dæsj
  170. Gløymer det augneblinkeleg tonnevis med bæsj!
  171. Vis meg at det verker, og kvifor det verker
  172. Så skal eg — når eg er attende frå den sjokkprega fasen —
  173. Risse VISST FAEN midt i rassen!»
  174. Alle stirrar på meg no,
  175. Men eg er ganske berusa, og har gravd meg så langt ned,
  176. Og har eg sagt A, skal eg faen meg seie B:
  177. «Ja, livet er fullt av mysterier
  178. Men det er svar der ute
  179. Og dei vert ikkje funne av folk
  180. Av grublarar
  181. som alvorleg
  182. «Er ikkje livet mystisk?»
  183. Grubling er berre forbokstaven
  184. Lat oss ringe den jævla paven
  185. Lat oss sjå Oprah
  186. Intervjue Deepak Chopra!
  187. Om du skal sjå på TV, sjå Scooby Doo!
  188. Det programmet var så kult
  189. for kvar gong det var ei kyrkje med eit skrømt
  190. Eller eit monster som var rømt
  191. Så såg dei under maska og kva fann dei der?
  192. Ein sirkusdirektør, eller ein vaktmeister!
  193. Gjennom historia
  194. har alle mysteria
  195. som NOKON SINNE er løyst, vist seg å
  196. Ikkje vere magi.
  197. Er ideen om at det kan vere sant
  198. Så skremmande?
  199. Er ideen om at ein ettermiddag
  200. På Wiki-faens-pedia kan vere opplysande
  201. Så skremmande?
  202. Er mangelen på det overnaturlege
  203. Så sjokkerande for ei hippie-burugle
  204. At du heller stotrar rundt i tåka
  205. Skapt av di manglande evne til å Google?
  206. Er ikkje dette nok?
  207. Berre denne verda?
  208. Berre denne vakre, komplekse
  209. Fantastisk ufattelege verda?
  210. Den klarar ikkje å halde
  211. Oss frå å syte
  212. å skape kjipe, menneskelaga monstre og myter.
  213. Om du er så glad i Shakespeare,
  214. O' lån meg ditt øyre:
  215. «Å forgylle raffinert gull, å male ei lilje.
  216. Å spraye parfyme på fiolen… skapar vrangvilje»
  217. Eller noko slikt.
  218. Eller kva med Satchmo?!
  219. I see trees of Green,
  220. Red roses too,
  221. Og greit, om du parafrasert
  222. Vil ha Krishna og Vishnu glorifisert
  223. På ein post-kolonial, nedlatande,
  224. patentsatt og prissatt slags måte.
  225. Det er greit.
  226. Men her er det som gir meg ein kraftig ereksjon:
  227. Eg er ein liten, uvesentleg, uvitande klump karbon.
  228. Eg har eitt liv, og det er kort
  229. Og uviktig…
  230. Men på grunn av at medisinar har blitt mykje betre
  231. Får eg leve dobbelt så lenge som tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-forfedre
  232. Dobbelt så lang tid til å leve mitt liv
  233. Dobbelt så lang tid til å elske mi viv
  234. Dobbelt så mange år med vener og sprit, ja
  235. Til å dele middag, og bli passe drita
  236. Med alle dei heite hippiane
  237. Som har alvar på ræva
  238. og sumarfuglar på tattane
  239. Om eg kanskje har deg fornærma
  240. Tenk på dette, ingenting er forandra.
  241. Det er like sannsynleg at me hoppar 10 minutt attende,
  242. som at eg har klart å endre dine tankar til det betre.
  243. Skriven og framført av Tim Minchin
  244. Regissert av DC Turner
  245. Produsert av Tracy King
  246. Figurdesign og animasjon av DC Turner
  247. Kamera og effektar: Ricky Earl, Fraser Davidson, DC Turner, Andrew Flatt
  248. Assisterande figuranimasjon: Ricky Earl, Kei Phillips, Ash Collins, Valentina Grasso, Betty Le Bon, Fraser Davidson
  249. Assisterande figurdesign: Kei Phillips, Ricky Earl, Diego Garcia, Betty Le Bon, Fraiser Davidson, Rachael King, Stuart Mason, Manu Roig
  250. Lyd: Milton Mermikedes, Bridget Merkimedes, Holley Gray, Matthias Simmons, Pete Clements
  251. Storyboards: Tracy King, Fraser Davidson, Ricky Earl, Joe Pavlo
  252. Med takk til: Sid Rodrigues, Rebecca Watson, Jane Goldman and family, Chris Blohm, Loretta King, Susan Turner
  253. Med takk til: Lyndsey Brown, Shella Livingston, Helen Jack, Chris Cox, Tom Milsom, Robin Ince
  254. © Storm Movie 2011 Alle rettigheiter reservert. stormmovie.net, timminchin.com, kershoot.com
  255. Non synchronisé
    Moderne kunst og ambisjonar