Return to Video

Margaret Gould Stewart: Korleis YouTube ser på copyright

  • 0:00 - 0:02
    Så, viss du er ein av publikum i dag,
  • 0:02 - 0:05
    eller kanskje du ser på dette føredraget seinare ein annan stad,
  • 0:05 - 0:08
    så er du ein deltakar i økosystemet av digitale rettar.
  • 0:08 - 0:10
    Anten du er ein artist, ein teknolog,
  • 0:10 - 0:12
    ein advokat eller ein fan,
  • 0:12 - 0:15
    har praktiseringa av opphavsretten noko å seia for livet ditt.
  • 0:15 - 0:17
    No er ikkje styringa av rettane
  • 0:17 - 0:20
    berre eit spørsmål om eigarskap.
  • 0:20 - 0:22
    Det er ein kompleks vev av samband
  • 0:22 - 0:25
    og ein kritisk del av det kulturelle landskapet vårt.
  • 0:25 - 0:28
    YouTube er djupt opptatt av rettane til innhaldseigarane.
  • 0:28 - 0:30
    Men for å gje dei høve til å velja kva dei kan gjera
  • 0:30 - 0:33
    med kopiar, mash-ups og meir,
  • 0:33 - 0:35
    må me først identifisera
  • 0:35 - 0:38
    kva tid materiale med opphavsrett blir lasta opp på sida vår.
  • 0:38 - 0:41
    La oss sjå på éin video så de kan få sjå korleis det virkar.
  • 0:41 - 0:43
    For to år sidan, utgav plateartisten Chris Brown
  • 0:43 - 0:46
    den offisielle video til singelen hans "Forever".
  • 0:46 - 0:48
    Ein fan såg han på TV,
  • 0:48 - 0:50
    tok han opp med mobilkameraet hennar,
  • 0:50 - 0:53
    og lasta han opp på YouTube.
  • 0:53 - 0:56
    Men, fordi Sony Music hadde registrert videoen til Chris Brown,
  • 0:56 - 0:58
    i systemet vårt for innhaldsidentifikasjon,
  • 0:58 - 1:00
    tok det berre få sekund etter forsøket på å lasta opp videoen,
  • 1:00 - 1:02
    før videoen blei sletta.
  • 1:02 - 1:05
    Dette gav Sony høvet til å velja kva dei ville gjera.
  • 1:05 - 1:08
    Men korleis veit me at videoen til brukaren er ein kopi?
  • 1:08 - 1:10
    Vel, det startar med at innhaldseigarane
  • 1:10 - 1:12
    leverer eigendeler inn i databasen vår,
  • 1:12 - 1:14
    saman med reglar for bruken.
  • 1:14 - 1:17
    Dette fortel oss kva me skal gjera viss me finn ein match.
  • 1:18 - 1:20
    Me samanliknar kvar enkelt opplasting
  • 1:20 - 1:23
    mot alle referansefilene i databasen vår.
  • 1:23 - 1:25
    Dette varmekartet vil visa dykk
  • 1:25 - 1:27
    korleis hjernen i systemet virkar.
  • 1:27 - 1:29
    Her kan me sjå den originale referansefila
  • 1:29 - 1:32
    bli samanlikna med brukaren som laga innhaldet.
  • 1:33 - 1:35
    Systemet samanliknar kvart tilfelle
  • 1:35 - 1:37
    frå den eine til den andre for å sjå om det er ein match.
  • 1:37 - 1:39
    Dette tyder at me kan identifisera ein match
  • 1:39 - 1:42
    sjølv om kopien berre er ein del av den originale fila,
  • 1:42 - 1:44
    spelar han i sakte fart,
  • 1:44 - 1:47
    og har dårleg kvalitet på lyd og bilete.
  • 1:47 - 1:49
    Vi gjer dette kvar gong
  • 1:49 - 1:51
    ein video blir lasta opp på YouTube.
  • 1:51 - 1:54
    Og det er over 20 timar video kvart minutt.
  • 1:54 - 1:56
    Når me finn ein match,
  • 1:56 - 1:59
    bruker me vilkåra som opphavrettsinnhavaren har sett ned.
  • 2:00 - 2:03
    Og storleiken og farten på dette systemet
  • 2:03 - 2:05
    er verkeleg til å ta pusten frå deg.
  • 2:05 - 2:08
    Me snakkar ikkje berre om nokre få videoar
  • 2:08 - 2:10
    Me snakkar om over
  • 2:10 - 2:13
    100 år med videoar kvar dag.
  • 2:13 - 2:15
    For kvar nye opplasting, blir opphavet deira skanna,
  • 2:15 - 2:18
    og samanlikna med alt innhaldet på sida vår.
  • 2:19 - 2:21
    Og når me samanliknar dei hundre åra med video,
  • 2:21 - 2:23
    samanliknar me dei med millionar
  • 2:23 - 2:25
    av referansefilar i databasen vår.
  • 2:25 - 2:27
    Det ville vera som om 36.000 menneske
  • 2:27 - 2:30
    skulle sjå på 36000 skjermar
  • 2:30 - 2:33
    kvar og einaste dag, utan ein einaste kaffipause.
  • 2:33 - 2:36
    Men, kva gjer me viss me finn ein match?
  • 2:36 - 2:39
    Vel, mesteparten av innhaldseigarane,
  • 2:39 - 2:41
    vil tillata at kopien blir publisert i staden for å blokkera for han.
  • 2:41 - 2:43
    Dei tener på visninga,
  • 2:43 - 2:46
    reklamen og kan gje lenkjer som fører til sal.
  • 2:46 - 2:48
    Hugsar de Chris Brown-videoen "Forever"?
  • 2:48 - 2:50
    Den hadde sine dagar i sola, men så droppa han ut av salslistene.
  • 2:50 - 2:53
    Og dette såg ut til å vera slutten på historia.
  • 2:53 - 2:55
    Men ein eller annan gong i fjor, eit ungt par gifta seg.
  • 2:55 - 2:57
    Dette er bryllaupsvideoen deira.
  • 2:57 - 2:59
    Du har kanskje sett han.
  • 2:59 - 3:01
    (Musikk)
  • 3:01 - 3:03
    Det som er fantastisk med dette,
  • 3:03 - 3:05
    viss bryllaupsprosesjonen var så gøy,
  • 3:05 - 3:07
    kan du tenkja deg kor gøy det må ha vore å sjå dei koma inn?
  • 3:07 - 3:09
    Eg meiner, kven er desse folka?
  • 3:09 - 3:12
    Eg ville verkeleg vera i det bryllaupet.
  • 3:12 - 3:14
    Denne vesle bryllaupsvideoen deira
  • 3:14 - 3:17
    klarte å få over 40 millionar visningar.
  • 3:17 - 3:19
    Og i staden for at Sony blokkerte,
  • 3:19 - 3:21
    tillét dei opplastinga.
  • 3:21 - 3:23
    Og dei putta på reklame på han,
  • 3:23 - 3:25
    og linka frå han til iTunes.
  • 3:25 - 3:28
    Og songen, 18 månader gamal,
  • 3:28 - 3:31
    gjekk tilbake til fjerdeplass over mest selde på iTunes.
  • 3:31 - 3:34
    Så Sony tener pengar på begge desse.
  • 3:34 - 3:36
    Og Jill og Kevin, det glade paret,
  • 3:36 - 3:38
    dei kom tilbake frå bryllaupsreisa,
  • 3:38 - 3:40
    og fann ut at videoen deira hadde tatt heilt av.
  • 3:40 - 3:43
    Og dei enda opp i ein haug av underhaldningsprogram.
  • 3:43 - 3:45
    Og dei brukte videoen som eit høve til å gjera ein forskjell.
  • 3:45 - 3:48
    Videoen inspirerte til over 26.000 dollar i donasjonar
  • 3:48 - 3:50
    for å få slutt på vald i heimen.
  • 3:50 - 3:53
    Og "JK Wedding Entrance Dance" blei så populær
  • 3:53 - 3:56
    at NBC parodierte han i sesongfinalen av "The Office",
  • 3:56 - 3:58
    noko som viser at
  • 3:58 - 4:01
    det verkeleg er eit kulturelt økosystem.
  • 4:01 - 4:04
    Fordi det ikkje berre er amatørar som låner frå store studio.
  • 4:04 - 4:07
    Nokre gonger låner store studio tilbake.
  • 4:07 - 4:10
    Ved å gje høve til å velja, kan me laga ein kultur av nye høve.
  • 4:10 - 4:12
    Og alt som ein trong gjera for å endra ting
  • 4:12 - 4:15
    var å gje høve for val gjennom idenfisering av rettar.
  • 4:15 - 4:18
    Så, kvifor har ingen løyst dette problemet før?
  • 4:18 - 4:20
    Det er fordi det er eit stort problem,
  • 4:20 - 4:22
    som er komplisert og rotete.
  • 4:22 - 4:24
    Det er ikkje uvanleg at ein enkelt video
  • 4:24 - 4:26
    har fleire innhaldseigarar.
  • 4:26 - 4:28
    Det er plateselskap.
  • 4:28 - 4:30
    Det er utgjevarar av musikk.
  • 4:30 - 4:32
    Og kvar av desse kan variera mellom land.
  • 4:32 - 4:34
    Og det er mange tilfelle
  • 4:34 - 4:36
    der fleire verk er sett saman.
  • 4:36 - 4:38
    Så me må forhalda oss til mange krav
  • 4:38 - 4:40
    til den same videoen.
  • 4:40 - 4:43
    Identifikasjonssystemet til YouTube forheld seg til alle desse spørsmåla.
  • 4:43 - 4:45
    Men systemet fungerer berre gjennom
  • 4:45 - 4:47
    deltakinga av opphavsrettsinnehavarane.
  • 4:47 - 4:50
    Viss du har innhald som andre lastar opp på YouTube,
  • 4:50 - 4:52
    bør du registrera det i identifikasjonssystemet for innhald.
  • 4:52 - 4:54
    Og då får du velja
  • 4:54 - 4:56
    korleis innhaldet ditt skal bli brukt.
  • 4:56 - 4:59
    Og tenk nøye gjennom vilkåra som du lagar for bruken av innhaldet.
  • 4:59 - 5:01
    Ved å blokkera for all gjenbruk,
  • 5:01 - 5:03
    vil du mista nye kunstformer,
  • 5:03 - 5:05
    nye publikummarar,
  • 5:05 - 5:07
    nye distribusjonskanalar
  • 5:07 - 5:09
    og nye måtar å tena pengar.
  • 5:09 - 5:12
    Men det handlar ikkje berre om pengar og visningar.
  • 5:12 - 5:14
    Berre sjå på all gleda
  • 5:14 - 5:16
    som blei spreidd gjennom framtidsretta praktisering av innhaldsrettar
  • 5:16 - 5:18
    og ny teknologi.
  • 5:18 - 5:21
    Og eg tenkjer at glede definitivt er ein ide som er verdt å spreia.
  • 5:21 - 5:23
    Takk skal de ha!
  • 5:23 - 5:25
    (Applaus)
Title:
Margaret Gould Stewart: Korleis YouTube ser på copyright
Speaker:
Margaret Gould Stewart
Description:

Margaret Gould Stewart, sjef for brukaroppleving fra YouTube, snakkar om korleis den allestadsnærverande videosida arbeider med opphavsrettsinnehavarar og skaparar for å fostra (i beste fall) eit kreativt økosystem der alle vinn.

more » « less
Video Language:
English
Team:
closed TED
Project:
TEDTalks
Duration:
05:26
TED added a translation

Norwegian Nynorsk subtitles

Revisions