Norwegian Nynorsk subtitles

← Brene Brown: Krafta i å vere sårbar

Brene Brown studerer mennesklege forbindelsar -- vår evne til å vise empati, høyre til og elske. I eit gripande føredrag på TEDxHouston deler ho djup innsikt frå forskinga si som førte til ei personleg søking etter å kjenne seg sjølv og å forstå menneska. Eit føredrag som er verd å dele.

Get Embed Code
56 Languages

Showing Revision 1 created 02/04/2012 by Bente Teigen Gundersen.

  1. Eg startar med dette:
  2. for eit par år sidan blei eg oppringt av ein arrangementplanleggar
  3. fordi eg skulle halde eit føredrag på eit arrangement
  4. Og ho ringte og sa:
  5. "Eg strevar verkeleg med kva
  6. eg skal skrive om deg på flyeren."
  7. Eg tenkte: "Vel, kva er problemet?"
  8. Og ho svarte: "Vel, eg såg føredraget ditt,
  9. og eg skal kalle deg ein forskar, trur eg,
  10. men eg er redd at viss eg kallar deg forskar, kjem ingen til å komme.
  11. fordi då trur dei at du er keisam og irrelevant."
  12. (Latter)
  13. Ok, tenkte eg.
  14. Og ho heldt fram: "Men det eg likte med føredraget ditt
  15. er at du er ein historiefortellar.
  16. Så eg trur eg rett og slett kallar deg ein historiefortellar."
  17. Og den akademiske, usikre delen av meg sa sjølvsagt
  18. "Du har tenkt å kalle meg kva?"
  19. Og ho svarte: "Eg skal kalle deg ein historiefortellar."
  20. Og eg sa: "Kvifor kallar du meg ikkje Tingeling?"
  21. (Latter)
  22. Og eg heldt fram: "La meg tenke på dette ein augeblink."
  23. Eg prøvde å hente fram mot.
  24. Og eg tenkte, veit du, eg er ein historieforteljar.
  25. Eg er ein kvalitativ forskar.
  26. Eg samlar på historier; det er nettopp det eg gjer.
  27. Og kanskje historier berre er data med sjel.
  28. Og kanskje er eg nettopp ein historieforteljar.
  29. Så eg sa: "Veit du kva?"
  30. Kvifor seier du ikkje berre at eg er ein historieforteljande forskar."
  31. Og ho sa: "ha, ha. Det finst ikkje noko slikt."
  32. (Latter)
  33. Så eg er ein historieforteljande forskar,
  34. og idag skal eg fortelje om --
  35. me snakkar om å utvide sanseevna --
  36. eg vil altså snakke med dykk og fortelje nokre historier
  37. om ein del av forskinga mi
  38. som utvida mi eiga sanseevne på ein grunnleggande måte
  39. og verkeleg endra måten eg lever på, elskar på,
  40. jobbar og er mor på.
  41. Og det er her forteljinga mi startar.

  42. Då eg var ein ung forskar, doktorgradsstudent,
  43. hadde eg ein forskarrettleiar det første året
  44. som fortalde oss:
  45. "No skal de høyre:
  46. viss du ikkje kan måle det, fins det ikkje."
  47. Og eg trudde han berre godsnakka med meg.
  48. Eg sa: "Verkeleg? og han svarte: "Så klart!"
  49. Og no må de forstå
  50. eg hadde ein bachelorgrad i sosialarbeid, ein mastergrad i sosialarbeid,
  51. og var i gang med ph.d.-graden mi i sosialarbeid,
  52. så heile min akademiske karriere
  53. var omringa av menneske
  54. som på ein måte trudde
  55. at "livet er eit rot, elsk det."
  56. Og min stil er heller: livet er eit rot,
  57. rydd opp i det, organiser det,
  58. og putt det oppi ein matboks.
  59. (Latter)
  60. Så å tru at eg hadde funne vegen min,
  61. funne ein karriere som tar meg --
  62. ein av grunnsetningane innan sosialarbeid er faktisk
  63. at ein skal dykke ned i ubehaget i jobben.
  64. Mens eg er meir av typen som fjernar ubehag frå tankane
  65. går vidare og får gode karakterer.
  66. Det var mantraet mitt.
  67. Så eg var veldig opprømt over dette.
  68. Og tenkte: veit du kva, dette er rett karriere for meg,
  69. fordi eg er interessert i kinkige tema.
  70. Men eg har lyst å vere i stand til å gjere dei ikkje-kinkige.
  71. Eg ønskjer å forstå dei.
  72. Eg vil hakke laus på desse tinga
  73. eg veit er viktige
  74. og løyse koden slik at alle andre ser det.
  75. Så eg starta med tilknyting.

  76. Fordi når du har vore sosionom i ti år
  77. skjønar du
  78. at tilknyting er grunnen til at me er her.
  79. Det er det som gir liva våre mål og meining.
  80. Det er det alt handlar om.
  81. Det betyr ikkje noko om du snakkar med menneske
  82. som jobbar med sosial rettferd, mental helse og misbruk og forsøming,
  83. det me veit er at tilknyting,
  84. evna til å føle tilknyting er --
  85. den nevrobiologiske måten me er skrudd saman på --
  86. det er grunnen til at me er her.
  87. Så eg tenkte: veit du kva, eg startar med tilknyting.
  88. Og du kjenner situasjonen
  89. kor du blir evaluert av sjefen din,
  90. og ho fortel deg 37 ting du gjer på ein framifrå måte
  91. og ein ting -- ein "muligheit for vekst?"
  92. (Latter)
  93. Og alt du klarar å tenke på er den muligheita for å vekse, ikkje sant?
  94. Vel, tilsynelatande er det slik arbeidet mitt gjekk også,
  95. fordi, når du spør menneske om kjærleik,
  96. fortel dei deg om hjartesorg.
  97. Når du spør menneske om tilhøyrsle,
  98. vil dei fortelje deg om sine mest ulidelege opplevingar
  99. ved å bli ekskludert.
  100. Og når du spør om tilknyting,
  101. fortel dei historier om fråkobling.
  102. Veldig fort -- verkeleg berre seks veker etter at eg begynte med forskingsprosjektet --

  103. støytte eg på ein namnlaus ting
  104. som forandra tilknytinga fullstendig
  105. på ein måte eg ikkje forsto eller hadde nokon gong sett.
  106. Så eg trakk meg ut av forskingsprosjektet
  107. og tenkte: eg må finne ut kva dette er.
  108. Og det viste seg å vere skam.
  109. Og skam er verkeleg enkelt å forstå
  110. som redsle for å miste tilknytinga:
  111. Er det noko ved meg
  112. som, viss andre får vite om det eller ser det,
  113. gjer at eg ikkje fortener tilknyting?
  114. Tinga eg kan fortelje deg om:
  115. det er universelt; me har det alle saman.
  116. Dei einaste som aldri vil oppleve skam
  117. er dei utan evne til menneskeleg innlevingsevne eller tilknyting
  118. Ingen vil snakke om det,
  119. og jo mindre du snakkar om det, jo meir har du det.
  120. Det som underbygger denne skamma,
  121. dette "eg er ikkje god nok," --
  122. den kjensla me alle kjenner:
  123. "Eg er ikkje glup nok. Eg er ikkje tynn nok,
  124. rik nok, vakker nok, smart nok,
  125. i høg nok stilling."
  126. Det som underbygde dette
  127. var ei ulideleg sårbarheit,
  128. tanken på at,
  129. for at tilknyting skal skje,
  130. må me late oss sjølv bli sett,
  131. verkeleg sett.
  132. Og de veit kva eg tenker om sårbarheit. Eg hatar sårbarheit.

  133. Så eg tenkte at her er sjansen min
  134. til å slå tilbake med målestaven min.
  135. eg skal, eg skal finne ut av dette,
  136. eg skal bruke år på det, eg skal dekonstruere skamma fullstendig,
  137. eg skal forstå korleis sårbarheit verkar,
  138. og eg skal vinne over den med list.
  139. Så eg var klar, og eg var verkeleg opprømt.
  140. Og som de veit, gjekk det ikkje så bra.
  141. (Latter)
  142. De veit det.
  143. Så eg kan fortelje dykk ein masse om skam,
  144. men eg vil måtte stele av dei andre si tid.
  145. Men her er det eg kan fortelje dykk at det kokar ned til --
  146. og det er kanskje ein av dei viktigaste tinga eg nokon gong har lært
  147. gjennom tiåret eg har forska på dette.
  148. Det eine året
  149. blei til seks år:
  150. tusenvis av historier,
  151. hundrevis av lange intervju, fokusgrupper.
  152. På eit tidspunkt sendte folk meg dagboksider
  153. og dei sendte meg historiene sine --
  154. tusenvis av data på seks år.
  155. Og eg fekk på ein måte grepet om det.
  156. Eg forsto på ein måte at dette er kva skam er,

  157. dette er korleis det fungerer
  158. Eg skreiv ei bok,
  159. publiserte ein teori,
  160. men det var noko som ikkje var greitt --
  161. og det var at
  162. viss eg grovt rekna tok for meg menneska eg intervjua
  163. og delte dei opp i menneske
  164. som verkelege hadde ei kjensle av verd --
  165. det er det dette handlar om,
  166. ei kjensle av verd --
  167. dei har ei sterk kjensle av kjærleik og tilhøyring --
  168. og folk som kjempar for det,
  169. og folk som alltid lurer på om dei er gode nok.
  170. Det var berre ein variabel
  171. som skilte folk med
  172. ei sterk kjensle av kjærleik og tilhøyring
  173. og folk som verkeleg kjempa for det.
  174. Og det var at folk som har
  175. ei sterk kjensle av kjærleik og tilhøyring
  176. trur at dei er verd kjærleik og tilhøyring
  177. Der har me det.
  178. Dei trur dei er verdfulle.
  179. Og for meg, det vanskelege
  180. av dei tinga som held oss vekke frå tilknyting
  181. er redsla for at me ikkje er verd tilknyting,
  182. og det var noko som eg følte, både personleg og karrieremessig,
  183. at eg trengte å forstå betre.
  184. Så det eg gjorde
  185. var å ta alle intervjua
  186. kor eg såg verd, kor eg såg at menneska levde slik,
  187. og tok ein titt berre på dei.
  188. Kva har desse menneska til felles?

  189. Eg er lett avhengig av kontorrekvisita,
  190. men det er eit anna foredrag.
  191. Så eg hadde ei arkivmappe og ein merkepenn,
  192. Og eg tenkte: kva skal eg kalle dette forskingsprosjektet?
  193. Og dei første orda som slo meg
  194. var heilhjarta.
  195. Dette er heilhjarta menneske som lever ut frå denne djupe kjensla av verd.
  196. Så eg skreiv øverst på arkivmappa
  197. og eg begynte å kikke på opplysningane.
  198. Faktum er at eg gjorde det først
  199. gjennom ein fire dagars
  200. svært intensiv dataanalyse
  201. kor eg gjekk tilbake, såg på intervjua, historiene, hendingane.
  202. Kva er temaet? Kva er mønsteret?
  203. Mannen min forlet byen med borna
  204. fordi eg går alltid inn i denne Jackson Pollock-galskapen,
  205. kor eg berre skriv
  206. og er i forskarmoduset mitt.
  207. Og her eg det eg fann ut.
  208. Det dei hadde til felles
  209. var ei kjensle av mot.
  210. Og eg vil gjerne skilje mot og tapperheit for dykk eit augeblikk.
  211. Mot, den opprinnelege definisjonen av mot,
  212. når det først kom inn i den engelske språket --
  213. kom frå ordet på latin cor, som tyder hjarte --
  214. og den opprinnelege definisjonen
  215. var å fortelje historia om kven du er med heile hjartet ditt.
  216. Og desse folka
  217. hadde, enkelt og greit, motet
  218. til å vere ufullkomne.
  219. Dei hadde medkjensla
  220. til å vere snille med seg sjølv først og så til andre,
  221. fordi, som det viser seg, kan me ikkje vise medkjensle for andre menneske
  222. viss me ikkje kan behandle oss sjølv godt.
  223. Og det siste var at dei hadde tilknyting,
  224. og -- det var den vanskelege delen --
  225. som eit resultat av autentisitet,
  226. dei var viljuge til å ikkje bry seg om kven dei trudde dei burde vere
  227. for å vere den dei var,
  228. noko du absolutt må gjere
  229. for tilknyting.
  230. Det andre dei hadde felles

  231. var dette:
  232. Dei omfamna sårbarheit fullstendig.
  233. Dei trudde
  234. at det som gjorde dei sårbare
  235. gjorde dei vakre.
  236. Dei snakka ikkje om sårbarheit
  237. med behag,
  238. og dei snakka heller ikkje om det med smerte --
  239. som eg hadde høyrt tidlegare i samband med skamintervjua.
  240. Snakka dei berre om det som noko naudsynt.
  241. Dei snakka om viljen
  242. til å sei: "Eg elskar deg" først.
  243. viljen
  244. til å gjere noko
  245. der det ikkje er nokon garantiar,
  246. viljen
  247. til å puste sjølv om dei venta på ein telefon frå legen
  248. etter mammografien.
  249. Dei var viljuge til å investere i eit forhald
  250. som kunne eller ikkje bli vellukka.
  251. Dei meinte at dette var grunnleggjande.
  252. Personleg tenkte eg det var eit svik.

  253. Eg kunne ikkje tru eg hadde forplikta meg til lojalitet
  254. til forskinga, der jobben vår --
  255. du veit, sjølve definisjonen på forsking
  256. er å kontrollere og forutsei, å studere fenomen,
  257. av den uttrykkelege grunnen
  258. å kontrollere og forutsei.
  259. Og no har oppdraget mitt om
  260. å kontrollere og forutsei
  261. fått svaret at måten å leve på er gjennom sårbarheit,
  262. og å slutte å kontrollere og forutsei.
  263. Dette førte til ein lite samanbrudd --
  264. (Latter)
  265. -- som egentlig såg meir sånn ut.
  266. (Latter)
  267. Og det gjorde det.
  268. I kallar det et samanbrot; terapeuten min kallar det åndeleg oppvaking.
  269. Åndeleg oppvaking lyder betre enn eit samanbrot,
  270. men eg kan forsikre dykk om at det var eit samanbrot.
  271. Og eg måtte legge vekk dataene og finne meg ein terapeut.
  272. La meg fortelje deg ein ting: du veit kven du er
  273. når du ringer venene dine og seier. "Eg trur eg må snakke med nokon.
  274. Har du nokon du kan tilrå?"
  275. Fordi rundt fem av venene min sa,
  276. "Oj. Eg ville ikkje vore terapeuten din."
  277. (Latter)
  278. Og eg spurte, "Kva tyder det?"
  279. Og dei svarer berre: "Eg berre nemner det, veit du.
  280. Ikkje ta med deg målestaven din."
  281. Og eg: "Okei."
  282. Så eg fann ei terapeut.

  283. På det første møtet mitt med henne, Diana --
  284. tok eg med meg lista mi
  285. over måten dei heilhjarta lever på og sette meg ned.
  286. Og ho sa, "Korleis er det med deg?"
  287. Og eg sa, "Eg har det topp. Eg er heilt okay."
  288. Ho sa, "Kva er det som skjer?"
  289. Og dette er ein terapeut som hjelper terapeutar.
  290. fordi me må gå til slike,
  291. fordi dei er gode på å avdekke tullprat.
  292. (Latter)
  293. Så eg sa,
  294. "Det som egentlig skjer er at eg strevar."
  295. Og ho sa, "Kva er det du strevar med?"
  296. Og eg sa, "Vel, eg har problem med sårbarheit.
  297. Og eg veit at sårbarheit er kjernen
  298. til skam og frykt
  299. og kampen vår for å vere verdfulle,
  300. men det viser seg òg at det er fødestaden
  301. til glede, til kreativitet,
  302. til tilhøyring, til kjærleik.
  303. Og eg trur eg har eit problem,
  304. og eg treng litt hjelp."
  305. Og eg sa, "Men vilkåret er:
  306. ikkje noko familiegreier.
  307. ikkje noko barndomsskit."
  308. (Latter)
  309. "Eg treng berre nokre strategiar."
  310. (Latter)
  311. (Applaus)
  312. Takk.
  313. Og ho held fram,
  314. (Latter)
  315. Og så sa eg, "Det er gale, er det ikkje?"
  316. Og ho sa, "Det er verken godt eller gale."
  317. (Latter)
  318. "Det er berre det det er."
  319. Og eg sa, "Herregud, dette kjem til å suge."
  320. (Latter)

  321. Og det gjorde det, og det gjorde det ikkje.

  322. Og det tok omlag eit år.
  323. Og du veit korleis desse folka er,
  324. når dei innser at sårbarheit og ømheit er viktig,
  325. så gir dei seg over og går rett inn i det.
  326. A: det er ikkje meg,
  327. og B: Eg er ikkje ein gong saman med slike menneske.
  328. (Latter)
  329. For meg var det eit års gatekamp.
  330. Det var ein boksekamp.
  331. Sårbarheita pressa seg på, og eg pressa tilbake.
  332. Eg tapte kampen,
  333. men vann truleg livet mitt tilbake.
  334. Og så gjekk eg tilbake til forskinga mi

  335. og brukte dei neste par åra
  336. på å verkeleg prøve å forstå dei heilhjarta,
  337. kva val dei tok,
  338. og kva dei gjorde
  339. med sårbarheita.
  340. Kvifor kjempar me så mykje mot den?
  341. Er eg åleine som kjempar mot sårbarheita?
  342. No.
  343. Og det var det eg lærte.
  344. Me gjer sårbarheita nummen --
  345. når me ventar på ein telefon.
  346. Det var morosamt, eg posta noko på Twitter og Facebook
  347. som seier, "Korleis vil du definere sårbarheit?
  348. Kva gjer at du føler sårbarheit?"
  349. Og på ein og ein halv time, hadde eg 150 svar.
  350. Fordi eg ville vite
  351. kva som var der ute.
  352. Å måtte spørre mannen min etter hjelp
  353. fordi eg er sjuk, og me er nygifte;
  354. å ta initiativ til sex med mannen min;
  355. å ta initiativ til sex med kona mi.
  356. å bli avvist; å be nokon ut;
  357. å vente på at legen skal ringe tilbake;
  358. å få sparken; å sparke folk --
  359. dette er verda vi lever i.
  360. Me lever i ei sårbar verd.
  361. Og ein måte å takle det på
  362. er å bedøve sårbarheita.
  363. Og eg trur det er bevismateriale --

  364. og det er ikkje den einaste grunnen til at dette beviset fins,
  365. men eg trur det er ein stor årsak --
  366. me er den vaksne generasjonen med mest gjeld,
  367. mest overvektige,
  368. avhengige og medisinerte
  369. i USA si historie.
  370. Dette problemet er -- og dette lærte eg frå forskinga --
  371. at du kan ikkje bedøve kjenslene på selektivt vis.
  372. Du kna ikkje sei, her er dei dårlege greiene.
  373. Her er sårbarheite, her er sorg, her er skam,
  374. her er frykt, her er nederlag.
  375. Eg vil ikkje føle på noko av dette.
  376. Eg tar meg eit par øl og ein banan- og nøttemuffins.
  377. (Latter)
  378. Eg vil ikkje føle på desse.
  379. Og eg veit det er gjenkjennande latter.
  380. Eg lever av å hacke meg inn i liva dykkar.
  381. Gud.
  382. (Latter)
  383. Du kan ikkje bedøve dei vonde kjenslene
  384. utan å bedøve og påvirke andre emosjonar.
  385. Du kan ikkje bedøve noko selektivt.
  386. Så når me bedøver dei kjenslene,
  387. bedøver me gleda.
  388. me bedøver takksemda,
  389. me bedøver lukka,
  390. Og så føler me oss elendige,
  391. og me ser etter mål og meining.
  392. og då føler me oss sårbare,
  393. så tar me eit par øl og ein banan- og nøttemuffins.
  394. Og det blir ein dårleg runddans.
  395. Ein av dei tinga eg trur me bør tenke på

  396. er kvifor og korleis me bedøver.
  397. Og det treng ikkje berre handle om å vere avhengig.
  398. Det andre me kan gjere
  399. er å gjere alt som er usikkert, sikkert.
  400. Religion har gått frå ei tru på tru og mystikk
  401. til visse.
  402. Eg har rett, du tek feil. Hald kjeft.
  403. Det er alt.
  404. Berre sikker.
  405. Jo reddare vi er, jo meir sårbare er vi,
  406. jo reddare er vi.
  407. Slik ser politikken ut i dag.
  408. Det fins ingen diskurs lenger.
  409. Det fins ikkje nokon samtale.
  410. Det fins berre skuld.
  411. Veit de korleis skuld blir skildra i forsking?
  412. Det er ein måte å fjerne smerte og ubehag på.
  413. Vi strebar mot det perfekte.
  414. Viss det er nokon som vil at livet deira skal sjå slik ut, er det eg,
  415. men det funkar ikkje.
  416. Fordi det me gjer er å fjerne feitt frå baken vår
  417. og putte det inn i kinna.
  418. (Latter)
  419. Eg håpar at om 100 år
  420. vil folk sjå tilbake og seie, "Wow."
  421. (Latter)

  422. Og det farligste vi kan gjere er å perfeksjonere

  423. borna våre.
  424. La me fortelje dykk kva me tenker om borna våre.
  425. Dei er skrudd saman for kamp når dei kjem hit.
  426. Og når du held dei perfekte små babyane i armane dine,
  427. er ikkje jobben vår å seie. "Sjå på ho, ho er perfekt.
  428. Jobben mi er berre å halde henne perfekt --
  429. vere sikker på at ho kjem med på tennislaget før ho går i femte og går på Yale i sjuande klasse."
  430. Det er ikkje jobben vår.
  431. Jobben vår er å sjå og seie,
  432. "Veit du kva? Du er ikkje perfekt, og du er skrudd saman for å kjempe,
  433. men du er verd kjærleik og tilhøyring."
  434. Det er jobben vår.
  435. Vis meg ein generasjon av barn som veks opp slik,
  436. og problema me ser i dag vil ta slutt.
  437. Vi latar som om det me gjer
  438. ikkje påvirkar folk.
  439. Vi gjer det i våre private liv.
  440. Me gjer det i yrkeslivet --
  441. om det handlar om økonomisk hjelp, ein oljelekkasje
  442. tilbaketrekking --
  443. vi latar som om det me gjer
  444. ikkje har ein enorm innverknad på andre menneske.
  445. Til bedrifter ville eg sagt: vi er ikkje naive, folkens.
  446. Vi har behov for at de er ekte og verkelege
  447. og seier, "Me beklagar.
  448. Me skal fikse det."
  449. Men det er òg ein annan vei, og eg vil avslutte med det.

  450. Her er det eg har funne ut:
  451. la dei sjå oss,
  452. på ein djup måte,
  453. med all sårbarheita vår;
  454. la oss elske med heile hjartene våre
  455. sjølv om me ikkje har nokon garanti --
  456. og det er verkeleg vanskelge,
  457. og eg kan fortelje deg som mor at det er ulideleg vanskeleg --
  458. å praktisere takksemd og glede
  459. i stunder av frykt,
  460. når me lurer, "Kan eg elske deg så mykje?
  461. Kan eg tru på dette så lidenskapeleg?
  462. Kan eg vere så voldsom i samband med dette?"
  463. berre å vere i stand til å stoppe og, i staden for å tenke at alt endar med katastrofe,
  464. seie, "Eg er berre så takksam,
  465. fordi å kjenne meg så sårbar tyder at eg lever."
  466. Og til slutt, noko eg trur kanskje er det viktigaste,
  467. er å tru at vi er nok.
  468. Fordi me jobbar frå ein plass,
  469. trur eg, som seier, "Eg er nok,"
  470. så sluttar me å skrike og byrjar å lytte,
  471. me er vennlegare og mildare til menneska rundt oss,
  472. og me er vennlegare og mildare til oss sjølve.
  473. Det er alt eg har. Takk.

  474. (Applaus)